GOL (Gord) REPPEN

"En repp er brukt om en klynge med gardsbruk. En tett grend. Gardene her er opprinnelig skilt ut fra opphavsgarden Gol/Gord, (Eidsgard, Hersgard, Lagmannsgard, Kivegard, Olsgard, Tronsgard osv), og da de etter hvert utgjorde en hel grend, ble området kalt Golreppen". (Erling Lae)

GOLREPPEN EIT BYGDESENTER

Frå middelalderen av og fram mot nittenhundreårskiftet var Golreppen midtpunkt i bøgda. Her stod den gamle stavkyrkja som i 1882 vart avløyst av dagens kyrkje. Her møttes bøndene til haust- eller vårting i tingstova frå 1860.

OG HER VAR DET MARKED

Mot slutten av 1870-åra ville menigheita i Gol ha ei større og meir tidsmessig kyrkje. Fortidsminneforeninga tala varmt for varig vern av kyrkja på staden, men lokalmiljøet gjekk inn for riving og sal av materialane. Det endte med at Foreninga fekk kjøpt kyrkja for 200 kroner betinga av at den vart fjerna når den nye kyrkja sto ferdig. Og slik vart det. På grunn av fleire snøfattige vintrar vart transporten av stavkyrja til Kristiania utsett til vinteren 1884. Fleire detaljar finn du her

Gol stavkyrkje vart bygd opp att på Norsk Folkemuseum på Bygdøy

Stavkyrkjetomta"Garðar kirkja" ligg ca. 300 meter sørvest for den noverande Gol kyrkje innvigd 1882.

        Tegning av J. N. Prahm av stavkyrkja i Gol i 1846                                      Frå innviingsdagen 1882. Kilde: Gol gards- og ættesoge

Lindahl, Axel 01.07.1888. Bilde: Nasjonalbiblioteket

Gol kyrkje, er teikna av arkitekt Henrik Nissen og sto ferdig i 1881, etter at den gamle stavkyrkja måtte vike plass og flytt til Bygdøy kongsgård. Ein bygdestrid om kyrkjetomt endte med at Leikvollen vart valgt, og sommaren 1880 kunne byggmestar Andreas E. Sørlie frå Snarum setje byggjearbeidet i gong. Etter avtale var kyrkja ferdig 15. sept. 1881 og innvigd 8. juni 1882. Meir om kyrkja her

Golreppen før utskiftinga. Meir om utskiftinga her Her ser ein "Kirke-Tingstugu" ved sida av Gol kyrkje. Bilde: E. T. Braaten

Kyrkje- Tingstugu, før 1911.

Tingstugu (tingstova) vart  bygd i tida 1857-1860. 30. oktober 1860 vart det første kommunestyremøte halde i tingstova. Tingstova vart ståande i Golreppen i 50 år. Etter kvart kom det ynskje å halda kommunestyremøta i banklokalet i leigde rom ved Hesla Bru. Ei nemd arbeidde med tanken, og 1911 vart tingstova teken ned og flytt til "sparebanktomta" i Gol sentrum. Der skulle den fortsatt nyttast som tingstove, men også nyttast til banklokale for Sparebanken. Då råbygget var på plass vart tomta teken attende på odel og "bygningskrotten" overteken etter takst av eigaren Lagmannsgard. Kommunen måtte i staden byggje eit helt nytt tinghus på ei tomt under Hesla på nordsida av Heslabrua.

Det gamle tinghuset vart selt og flytt til Nordstrandshøgda i Oslo som privathus. Det høyrer med til historia at "bygningskrotten" kom attende til Gol 1994, og ligg lagra på Bergasida. Les om tingstovetomta og striden om tingstaden og ideen om å byggje eit kombihus for skule og tinghus her

Golreppen før utskiftinga. (1894-1901) Les om Tingstugu i Gol gards- og ættesoge her

Fremst fjøs og stallar i Brekke. So Storla, Kivegard, Prestgarden, skimtar nokre hus i Tronsgard, Lagmansgard, Eidsgard og til høgre Tronsgardhaugen. Lenger ned kyrkja, Tingstugu, mellom kyrkja og Tingstugu ser ein bygnaden og nokre av husa på Leikvollen. Lenger ned Røysen og Kjendbal.

Erling Lae : Dette er et av de få bildene fra Golreppen før utskiftingen rundt 1900. Her var det gamle bygdesenteret. Gardstunene lå tett som en landsby langs gamlevegen ovenfor kirken og de hadde åkerlapper spredt rundt i hele reppen. Prestegarden hadde 32 åkerlapper. Ved utskiftingen ble jorden samlet for hvert bruk, men seks gardstun ble flyttet, og noen tun ble bygd opp langt unna det opprinnelige tunet. 32 bruk var omfattet av utskiftingen. Flyttingen var gjennomført i 1903.
Opphavsgården ble gradvis oppdelt, og de nye gårdene utskilt, gjennom middelalderen (1000-1300). Gårder som ble ryddet eller utskilt før svartedauen (1349/50) er alltid i ubestemt form (Eidsgard, Trondsgard, Ro), mens bruk fra nyrydningsperioden fra 1700-tallet, har «bestemt» form (Steingarden, Buksegarden, Rone, Berget).

Golreppen etter 1911. (Nasjonalbiblioteket)

Då den nye kyrkja skulle byggjast, var det nokon som meinte at den burde liggje nede i dalbotnen, men slik vart det ikkje.

Få kunne vel tenkje seg at dei steinete moane mellom det som i dag er Gol stasjon og Hesla bru, skulle bli sentrum i kommunen.

Hesla bru var ikkje berre eit geografisk midtpunkt i kommunen, men også eit viktig vegknutepunkt. Difor vart det frå 1907 arbeidd for å flytte tingstova hit. Det endte med at kommunen bygde ny tingstove i nærleiken av Hesla bru i 1913-15. Få år seinare vart Gamleheimen reist litt lengre oppe i bygda. Sparebanken fekk sitt eige hus i 1929.

DET NYE SENTRUM TEK FORM

Men kor er Gol sentrum

Golreppen/Gol kyrkje av Wilse, Anders Beer 01.07.1928 (Nasjonalbiblioteket)

"NORMANN" Bilete er vel tatt frå Berg - nedafor skulen sist på 40- talet.

Flyfoto frå 1958.

Golreppen 1969. Nasjonalbiblioteket

Gol Kyrkje sett frå Ludderudbråten i Åsgardo

Sett frå Veikulnatten 09.06.2020