Feigefossen
Når ein er på Jørongo er det naturleg å venda blikket mot Feigefossen (Feigumfossen). Den ligg i Feigedalselvi, like ovanfor grenda Feigum. Den 218 meter høge fossen ligg idyllisk til på sørsida av Lusterfjorden. Du kan gå den korte turen opp til fossen, eller nyte synet frå den nasjonale turistvegen langs fjorden. Du kan sjå fossefallet her, her og her
Sett frå Lyngsetnipa Ved stor vassføring kjem det vatn i det venstre fosseløpet som dannar den såkalla "Stolen"
Feigefossen har eit fall på 218 meter. Det er Noreg sitt andre høgaste, uregulerte fossefall etter Vettisfossen i Årdal (275 meter).