Feigefossen

Feigefossen ligg i Feigedalselvi, like ovanfor grenda Feigum. Den 218 meter høge fossen ligg idyllisk til på sørsida av Lusterfjorden. Du kan gå den korte turen opp til fossen, eller nyte synet frå den nasjonale turistvegen langs  fjorden. Du kan sjå fossefallet i 360 grader her og  her 

Når ein er på Jørongo er det naturleg å venda blikket mot Feigedalen og Feigefossen (Feigumfossen).

Sett frå Lyngsetnipa

Nederst ser du den 218 meter høge Feigefossen. Noko høgare oppi vassdraget ligg Hanafossen, med eit fritt fall på over 100 meter, og ovanfor denne igjen Drivandefossen.

Feigumsvassdraget er eit verna, relativt lite vassdrag som spenner over forskjellege naturtypar frå fjord til høgfjell.

Feigumfossen

Feigumfossen framstilt av I.C. Dahl 1848

Det går merka sti opp til eit utsiktspunkt under fossen. Stien er noko steinete på slutten, men er godt merka og lett å gå. Det tek om lag 45 min å gå frå vegen til utsiktspunktet som ligg 150 meter over havet.
Ved stor vassføring kjem det vatn i det venstre fosseløpet som dannar den såkalla "Stolen".

Feigefossen rundt 2005

veg til toppen av Feigefossen i år 2005, (utsyn frå toppen) og vidare til Øystølen. Så bort til brua som flaumen reiste med for nokre år sidan. Ny bru kom på plass nedom Hanafossen 28.05.2021 slik at ein fortsatt kan gå Feigefossen rundt).- Kvednhusfossen, -Bergheimstølen, -Bergheim og nedatt til Feigum.

Bli med fjellvenner.no "Feigefossen rundt" i 2003

Feigumgrenda

Feigumgrenda med bygningsmiljø og kulturmarkstypar inngår i eit større prioritert kulturlandskapsområde som strekkjer seg sørvestover mot Urnes. Blant viktige kulturminne finst smie og vassdrivne anlegg som sag og mølle".

Fleire bilete frå elva og fossen her