Barnas Hus

Eit samarbeid mellom helse- og oppvekstsektoren i Gol kommune.

Bygget inkluderer både barnehage, avlastingstilbod og aktivitetssenter – alt samla under eit tak like ved Gol skule på Hallingmo. Byggetid: August 2025, -- 1. desember 2026. 

Kommunestyre i Gol har vedteke å byggje ein barnehage med seks avdelingar i området ved Gol skule.

Plan 1 vil omfatte fire barnehageavdelingar, fellesareal som kjøken og amfi, eit aktivitetsareal og ein avlastningsdel med to overnattings-rom. Vidare ein rienhaldsentral, trapp og heisanordning til plan 2, samt diverse støtterom med wc og lagringsplassar.

Plan 2 vil omfatte to barnehageavdelingar samt fellesareal over amfiet. Administrasjonsfløy med ansattefunksjonar for dei ulike avdelingane, samt kombinert lønsj- og samlingsrom.

Oppvarminga av bygget vil bli ein kombinasjon av vassbåren varme frå bergvarmeanlegget, varmevekslar i ventilasjonsanlegg og elektrisitet.

Til samen utgjør nybygget ca. 2.380 m2 BTA.a

Den nye barnehagen skal overta parkeringsarealet til skulen. Ved tilstellingar/særskilde arrangement har ein parkeringsplassen ved idrettsbygget som supplement.

Ny parkeringsplass for tilsette ved skulen er planlagt å vere sør for skulen. Tilkomst til den nye parkeringsplassen er planlagt via dagens tilkomstveg som har avkøyring i Svøovegen.