BARNAS HUS

Kommunestyre i Gol har vedteke å byggje ein ny barnehage med seks avdelingar i området ved Gol skule. Eit samarbeid mellom helse- og oppvekstsektoren. Ved å samle fleire tenester på ein og same stad, blir det lagt til rette for ein heilskapleg og sømlaus kvardag for både barn og foreldre, skriv Hallingdølen.

Bygget inkluderer både barnehage, avlastingstilbod og aktivitetssenter. Byggjetid: August 2025 --- 1. desember 2026. 

Foto: Map Arkitekter

Plan 1 vil omfatte fire barnehageavdelingar, fellesareal som kjøken og amfi, eit aktivitetsareal og ein avlastningsdel med to overnattingsrom. Vidare ein rienhaldsentral, trapp og heisanordning til plan 2, samt diverse støtterom med wc og lagringsplassar.

Plan 2 vil omfatte to barnehageavdelingar samt fellesareal over amfiet. Administrasjonsfløy med ansattefunksjonar for dei ulike avdelingane, samt kombinert lønsj- og samlingsrom.

Oppvarminga av bygget vil bli ein kombinasjon av vassbåren varme frå bergvarmeanlegget, varmevekslar i ventilasjonsanlegg og elektrisitet.

Til samen utgjør nybygget ca. 2.380 m2 BTA.a

Den nye barnehagen skal overta parkeringsarealet til skulen. Noko av arealet blir sett av til av og påstigning for barnehagebarna, ei såkalla "Kiss and ride" sone.

Ny parkeringsplass for dei tilsette ved skulen er planlagt å vere sør for skulen. Tilkomst til den nye parkeringsplassen er planlagt via dagens tilkomstveg som har avkøyring i Svøovegen. 

Fredag den 10. oktober 2025 såg det slik ut på byggeplassen ....