Ved Personfossen(B) ved (mobrua) var og ei noko større mølle i dei tider. Den høyrde til Hesla. Mylnaren der i 1875 var og ein innflytjar, Andreas Akselsen. Mikkel Moen hadde høyrt at det skulle vore fleire kvernar i Persanfossen. Ogso stampe. Der kvernane har stått vart det seinare mura ein steinmur til hjelp i brøtninga. Stugu ved Persanfossen stod på nedsida av gamlevegen like nordafor Persanbråten. Stugutuſte syner enno like i vegkanten av noverande riksveg. Og her budde dei. Dei hadde heimstadrett i Gol. I 1875 er Andreas reg. som mylnar og bur her med kone og fire born. Det var nok ei tid to kvernar her, det ser òg ut for at det har vore stampe her. Det eldste kvernstøe har opphavleg hønyt til Kjednbal. Det var truleg denne kverna som er reg. under Kjednbal i 1723. I 1747 overdrog Hans Olson (som åtte halve Kjednbal) halvdelen sin i «et Qvernstøe ved Hesla Fossen» til Ola Ivarson på andre Kjednbal. I 1749 selde Ola Ivarson dette kvernstøe, med hus, i Storån til Ivar Eirikson Haukstad. 1867 vart det haldeauksjon over «Møllebruget i Personfossen med Huse, Tomter, Vandfald og Indretninger». Kverna var heftamed livaure frà 1843 og fri maling til Hesla, heiter det. Budet gjekk til Andreas Aksel- son Glitre for 100 spdlr. Det vart halde skylddeling same àret. Dette gjeld truleg berre den eine kverna.
Det var ei kledestampe i Gol alt i 1850-åra. I 1853 selde Tolleiv Larson Glitre både stampa og mølla si til Tolleiv Knutson Klemma. Det var i Storån, ved Personfossen, den var bygd.
I 1863 pantsette Torstein Olson Øyn under Svenkerud (seinare Brennelien), Nes, eigne sine. Han åtte m.a. «Qvernbruget ved Personfossen», som han hadde kjøpt av Per Arneson Rotneim visstnok same året.
På lag frå same tid hadde ogso mølla ved Robrua vorte eit møllebruk som hadde fått all maling frå den indre delen av bygda, og som mol mykje ogso for folk frå Hemsedal. Mølla ved Robrua høyrde til Ro.
Då det vart elektrisk kraft å få frå Myklefossverket bygde eit aksjelag Gol Elektriske Mølle med elektrisk turke ved Heslabrua 1913. Mølla tok til seg mest all maling frå heile bygda, og dei andre møllebruka vart nedlagde.
I 1890-åra kom Tomas Hærum frå Lærdal og bygde stampe og fargeri ved Liåne straks attmed hovudvegen. Han drev bra og hadde mykje arbeid. Denne verksemda helt drifta gåande til ut i 1930-åra.
ROBRU MØLLEBRUK Gnr. 48 bnr. 25 Like nedafør det eldste brustøe over Hemsil her ved Robrune har det i lange tider vore eit kværnsteøe. I 1764 selde Ola Steingrimson nørde Løstegard m.a. eit kværnsteøe ved Robrune til sonen Steingrim. I 1771 er det reg. ei kværn under Løstegard som dei skatta av. Seinare vart kværnsteøe selt frå nørde Løstegard (truleg saman med Møllerplass). I 1855 selde Halvor Person Eikro kværna ved Robrune til Ola Nilsson Løstegard. Han tok då unna fri maling til Eikro. Nilsen (Ola Nilsson) bygde oppgangssag like nedafør kværna, men bå de saga og kværna reiste i flaumen 1860. Då bygde han opp att berre kværna. Og so bygde han ein varadam — diku (denne var om lag tre meter høg og lasta med stein). I 1879 kom det ein like stor flaum, ettersom Ola hadde fortalt til sonen Knut, men då reiste ikkje kværna. (Fortalt av Torstein Løstegård.) Denne diku stod til sist i 1930-åra. Då reiste ho i to flaumar. 1890 skøyte Ola Nilsson «et Møllebrug beliggende nedenfor Roebroen» til Amund Olsson Møllerplass for kr 900. Forutan kværna med inventar og vassfall fylgde det med ein heststall og rett til veg (Kvednavegen). Det vart halde skylddeling same året. Skøyte vart nok seinare kjend ugyldig, og
kværna vart med i tvangsauksjonen over Løstegard i 1892. I 1896 skøyte Halvor Torsteinson Løstegard Robru Møllebruk til Tolleiv Østenson Ro for kr 700.
1897 stemnde Knut Olsson Løstegard Halvor Torsteinson for frimalinga til kværna, som Halvor hadde hadde att då han skøyte Nilse-Løstegard til
Knut. Denne saka enda med at Halvor fekk behalde frimalinga mot at Knut fekk halve Skinnhauggøyine. I 1914 var kverna lagt ned. Då vart frimalinga løyst ut. 1910 selde Tolleiv Østenson Ro kverna m.m. til sonen Østen. Ved auksjon 1914 etter Steingrim Olsson Løstegard kjøpte Østen T. Roe og Engebret Hauge Kvednatræe for kr 610. Dei delte stykke mellom seg etter før inngått avtale, og lutane vart skyldlagt i 1915. Østen fekk auksjonsskøyte i 1916 på Kvednatræe (48-40) for kr 122, og Engebret fekk skøyte på sin lut, kalla Hauge (48-39), for kr 488. I 1914 stod kvernstallen enno (stod om lag der butikken er no). Då heiter det at Engebret skulle få halvparten av den gjødsla som vart ved stallen. Heststallbakkin har fått namn etter denne stallen. Lenger attende i tida skal det ha stått ein stall like på ovasida av vegen ned for Langehaugen II. Heststallbakkin er ogso kalla Kvednabakkin og Brubakkin. Østen Turkop og Lars Hatten var mylnarar ved kverna den siste tida ho var i bruk. Ved kverna hadde Ola Herbrandson Svartebråten tømra opp ei smiu. Han hadde omkr. 1911 kjøpt ein mekanisk smiuhamar hjå Brusletto på Geilo som vart montert her. Ragnvald Brusletto var med og monterte hamaren, melder Mehlum i «Nu» 1911. Denne kalla dei Jøtesleggja. Seinare (omkr. 1930) selde Ola både smiu og hamaren til Per Roteigen, som flytte det på Roteigen, og der står det framleis. Det stod ei tid i alt fire hus etter korare her. Det var kverna, smiu, heststall (nok den som før hadde stått der butikken er no) og kvernstugu. Frå turbinen gjennom
kverna gjekk det ein aksling bort til smiu. Litt lenger opp hadde Halvor Stakebråten (Solheim) snikkarverkstaden sin (den stod her i 1914). Ogso han nytta kraft frå fossen og denne akslinga. Han hadde ei reim ned på akslinga. Han flytte seinare verkstaden sin bort på Grubakkjin. Kverna vart nedlagt omkr. 1913-14 då det vart bygd elektrisk mølle ved Heslabrune. I 1915 laga Østen og nokre naboar eit elektrisitetsverk stasjonert i kverna, med kraft i fossen. Men i 1919 kom ein flaum som reiv ned kverna og heile elverket. Kvernstugu stod att sist, og stod til ut i 1940- åra. Då kjøpte Lars Hatten ho og sette ho opp att til hytte ved Løggehøyda. Det er selt frå ei tomt her, Mølstad (48-78), som ikkje er bygd på.
Kva er vassdriven mølle?
Ei vassmølle utnyttar energien i rennande eller fallande vatn til å setje eit hjul i rørsle. Denne rørsla blir overført til maskineri som kan male korn, sage tømmer eller drive anna produksjon.
Tre typar vasshjul: Underfallshjul: Vatnet renn inn nedst på hjulet. Enkelt, men mindre effektivt. Vanleg i flate område. Overfallshjul: Vatnet blir leidd over hjulet og fell ned på skovlane. Mykje meir effektivt, brukt der ein hadde høgdeforskjell. Brystfallshjul: Vatnet treff hjulet omtrent på midten – eit kompromiss mellom dei to andre.
Bruksområde: Kvernmøller: Male korn til mjøl, heilt avgjerande for matforsyninga. Sagbruk: Vasskraft dreiv oppgangssager frå 1500–1600-talet. Stampe- og vadmelsmøller: Til bearbeiding av ull og tøy. Smiar og hammarverk: Store vassdrivne hammrar for jarnarbeid.
Historisk betydning i Noreg: Allereie i mellomalderen hadde dei fleste bygder eigne kvernhus. Mange gardar hadde gardskverner, ofte regulerte gjennom lover og rettar. På 1600–1700-talet vart vasskraft grunnlaget for tidleg industri, som sagbruksdrift og jarnverk. Vassmøllene la eit viktig grunnlag for seinare utvikling av vasskraftverk og elektrisitet.
Kulturminne i dag: Mange gamle møller er i dag verna kulturminne. Nokre er restaurerte og i drift som museum, og viser tradisjonell bruk av fornybar energi lenge før moderne teknologi.
Matrikkelutkast frå 1723 viser at det var 28 kverner i Gol. Dei fleste var små bekkekverner, men det var og litt større kverner som mol til andre. Dei fyrste industrielle anlegg her i bygda var dei kvernbruka som kom i gong sist i det 18. hundreåret. Dei løyste etter kvart av alle bekke- og gardskverner og tok til seg kornmaling frå eit større område. Dei kan kallast bygdemøller. «I Storå'n var det i 1850—60-åra eit par ismöller som mol til fleire. Dei hadde ei på ise ved Nerebrøta. Når det fraus om hausten, dytta dei ned halm og demde vatnet på sløkji so kvedne skul' gå om vetn. Om våren måtte dei passe på å ta ned kvednahuset med alle tølo. Slik var det ved Person-fossen med. Dei toko mjöl for malinga, visse pøtta for tunna», fortalde Torstein Gutigard. Men verkelege bygdemøller vart det ikkje før i siste delen av 1800-talet. Den fyrste av desse var den ved Heslabrua. Om den og om møllaren der, Kvedna-Per, har Th. Trondsgrd fortalt etter sonen til Per, Gilbert Foss: «Ein av dei som dreiv lengst i dei gamle kvernruka ved Heslabrua i føre hundreåret, var Peder Gulbrandsen Heslafos, eller Kvedna-Per som han til dagleg vart kalla millom bygdefolket. Han var fødd i Strømsoddbygda i 1808, og i ungdomen budde han ei tid på ein av dei gamle plassane i Vass-faret. Derifrå kom han til Gol, slo seg ned ved Heslabrune og tok til som mylnar i den gamle kverna på austsida av Hemsil. Kverna høyrde Viko, Hesla og seinare Eidsgard til. Kverna stod like nedanfor brua. Kva år detvar, er ikkje heilt visst, men truleg i slutten av 1850-åra. I ei liten stugu ovanfor kvernhuset budde Per med huslyden sin, og den var ikkje liten. 11 born hadde han. 8 reiste til Amerika. Dei som vart verande att her, var Margit Heslamoen som budde i Gol heile si tid, Per Heslafos som vart mylnar i Flå og Andres Foss, brannformann i Drammen. Søner etter den siste er Gilbert Foss, pensjonist, busett i Gol, og Alf Foss, lensmann i Uvdal. Kvedna-Per var ein bra mylnar og godt likt av dei mange bøndene som kom til han med leigemaling gjennom åra. Dette kvernhuset stod nok fårleg til når det var flaum i elva, og tre gonger vart det teke av flaumen i Per si tid. Verst var det under storflaumen i 1860. Då strauk både kverna og stugu, so han miste alt han åt te og hadde nære på sett livet til sjølv og, under freistnad på å berge noko av lausøytret. Han fekk litt hjælp av grannar og vener til å koma seg over tapet. Han timra opp nye hus med tid og stunder, og kverna kom i gong att. Etter det gamle folk fortel, dreiv Kvedna-Per og mol der heilt til ut i 1890-åra då ein ny flaum sopte med seg kvernhuset. Den vesle stugu, kvednastugu dei kalla, vart standane att, men ny kvern vart ikkje bygd der meir. So var ho slutt den omlag 40 år lange mylnartenest til Peder Gulbrandsen Heslafos. Namnet Heslafos tok han i bruk etter at han kom til Gol eit høveleg namn etter den staden der han fekk so mange og lange arbeidsdagar. Elles vart han mykje nytta som omboddsmann for lensmannen. Han tok ofte lange turar både innan Gol og til andre bygder for lensmannen. Han var ein god skilaupar og gjekk på ski vinterstid, so framt det var føre til det. Eit par eldgamle furuski etter han, lange og breide med tre tommar lange tupparog viubindingar, truleg laga i Vassfaret, er tekne vare på som eit gjævt minne. Kvedna-Per døyde i 1911, 103 år gamal, og var visstnok då eldste mannen i heile fylket.» Ved Personfossen var og ei noko større mølle i dei tider. Den høyrde Hesla til. Mylnaren der i 1875 var og ein innflyttjar, Andreas Akselsen.
På lag frå same tid hadde ogso mølla ved Robrua vorte eit møllebruk som hadde fått all maling frå den indre delen av bygda, og som mol mykje ogso for folk frå Hemsedal. Mølla ved Robrua høyrde Ro til.
Då det vart elektrisk kraft å få frå Myklefossverket bygde eit aksjelag Gol Elektriske Mølle med elektrisk turke ved Heslabrua i 1913. Det var då ikkje svært lenge før den mølla tok til seg mest all maling frå heile bygda, og dei andre møllebruka vart nedlagde.
Det var ei kledestampe i Gol alt i 1850-åra. I 1853 selde Tolleiv Larson Glitre både stampa og mølla si til Tolleiv Knutson Klemma. Det var i Storån, ved Personfossen, den var bygd.
I 1890-åra kom Tomas Hærum frå Lærdal og bygde stampe og fargeri ved Liåne straks attmed hovudvegen. Han drev bra og hadde mykje arbeid. Denne verksemda helt drifta gåande til ut i 1930-åra.
Om sagbruka er det fortalt i kapitlet om skogbruket.
Då den elektriske krafta kom i bruk, vart det etter kvart fleire verksemder. Mindre trevarefabrikkar kom etter kvart, og fleire av dei har vakse og utvida gjennem åra, so dei no sysselet fleire arbeidarar. Verksemder: Einar Kinnebergbråten, Bratland og Ulsaker, Olav Berget, Guttorm Brenn, Faråsen og Gol, alle trevarefabrikkar. Alle har 5-10 mann i stadig arbeid. Dei fleste av dei som har reist desse verksemdene har gått på den arbeidsskulen som var i Gol til i 1940. Her kan ogso nemnast at fleire ungdomar i Gol som gjekk på denne skulen, vart flinke tømmermenn, og har hatt mykje arbeid med den store hyttebyggjinga som har vore driven i Gol.
Etter bilane overtoke og vart dei fremste køyreigreiene i bygda, har det vakse fram fleire reparasjonsverkstader i bygda. No er det 5-6 slike i gong, og dei gjev arbeid til ikkje få menneske.

