• *
  • Jorangerbøgdi med noko attåt
  • Marifjøra.
  • KI-dilla
  • Sjåast på Gol

På Tørvis var det John Nyborg som tok over etter då 79 år gamle Per Bugge-Næss våren 2005. Det gjekk svært dårleg og allereie i desember same året reiste den engelske representanten for Nyborg frå bygda og hotellet. 

Av sognavis.no. Publisert: 30.11.05 Luster kommune og Luster Sparebank stogga tysdag alt ombyggingsarbeid på Tørvis Hotel. Den nye eigaren, John Nyborg blir etterforska av politiet for forsikringssvindel. Luster sparebank og Luster kommune stogga ombyggingsarbeidet på Tørvis hotell då det i går vart kjent at den nye eigaren John Nyborg er under politietterforsking for ein gigantisk forsikringssvindel. Nyborg er ein av hovudmennene bak forsikringsselskapet European Insurance Service (EIA), selskapet som ser ut til å ha lurt tusenvis av forsikringskundar. – Eg reagerte med sjokk og vantru då eg fekk høyra om dette, seier lustraordførar Torodd Urnes til Sogn Avis.

Av Lars Kristian Solem  Publisert: 07.03.06 Engelskmenn kjøper Tørvis: MARIFJØRA: Det engelske selskapet Aldenham Commercial Ltd har kjøpt Tørvis Hotell på billigsal. Konkursbuet til Jon Nyborg sitt tidlegare selskap European Insurance Agency AS (EIA) har underteikna salspapira slik at engelskmennene no står som eigarar for det tradisjonsrike hotellet i Marifjøra. Ingen av partane vil ut med kjøpesumen. – Prisen er veldig beskjeden i høve til investeringa på ni millionar kroner som EIA har brukt på Tørvis Invest, seier bustyrar Andreas Christensen. For konkursbuet var det to alternativ. Det eine var å finna ei ny eigar fort eller å gå til oppbod. For bustyret var det vanskeleg å finna ein eigar som kunne ferdigstilla hotellet og driva det vidare. Ukjende eigarar:– Mitt klare inntrykk er at dei nye eigarane vil driva hotellet vidare, seier Christensen.For han har det vore eit poeng at svindelsikta Jon Nyborg ikkje er involvert i det utanlandske selskapet. – Me har fått det skriftleg frå kjøparane sin advokat at Jon Nyborg ikkje har noko med dette å gjera. Kven dei nye eigarane er, er det så langt ingen som kan svara på. Sogn Avis har prøvd å koma i kontakt med Aldenham Commersial Ltd sin direktør på telefon utan å lykkast. – Eg veit ikkje kven dei er, seier banksjef Oddstein Haugen i Luster Sparebank. Heller ikkje næringssjef Olav Grov eller den norske advokaten som representerer det nye eigarselskapet Aldenham Commercial Ltd veit noko om identiteten til dei som står bak. – Eg veit lite om kva som er planen til dei nye eigarane. Det som er viktig for Luster kommune og Luster Sparebank er at det kjem inn ein eigar som stiller med ny eigenkapital, seier Olav Grov.Banken og kommunen har gått inn med lån og tilskot til Tørvis Invest. Dette engasjementet vert vidareført sjølv om selskapet har fått nye eigarar. Luster kommune sin advokat Bjørn Getz har vore dei nye eigarane sin juridiske rådgjevar. – Dette er eit selskap med adresse i London. Så langt eg veit, er det fire engelske eigarar, men eg er usikker på kven som står bak, seier Getz. – Eg går ut frå at dei har som mål å gjera oppussinga ferdig og driva hotellet vidare. Det er ein føresetnad at selskapet får hjelp til finansiering av Luster kommune, Luster Sparebank og Innovasjon Norge. Eg håpar dei vil få til god butikkdrift. – Det er ikkje fare for at Tørvis blir eit reint spekulasjonsobjekt? – Det kjenner ikkje eg til. Hadde det vore mogleg for buet å få meir av andre, så hadde dei sikkert gjort det. Men her følgjer det og med forpliktingar, seier advokaten til Luster kommune og dei nye eigarane.

Av Jan Inge Fardal Publisert: 01.04.06  MARIFJØRA: Tørvis Hotel blir engelsk frå kjellar til loft. Barry Haller held fram som direktør for dei nye eigarane, dei britiske brørne og forretningsmennene Nick og Dominic Ingram og selskapet Aldenham Comercial Ltd. Det skal investerast 15 millionar kroner før hotellet opnar att med fire stjerner og 45 rom neste sommar. Etter ein tøff vinter då den førre eigaren John Nyborg vart svindelsikta i november, har det gått unna i kulissane bak Tørvis Hotel dei siste to-tre vekene. Torsdag fall dei siste brikkene på plass. Då underteikna brørne Dominic og Nick Ingram avtalen med Luster Sparebank, Luster kommune og Innovasjon Noreg som gjer dei til nye hotelleigarar i Marifjøra. Selskapet til brørne, Aldenham Comercial, har kontoradresse i London og driv med eigedom og drift av pubar og restaurantar i England og Wales. Dei vil ikkje ut med kor mykje dei har betalt for hotellet. Etter det Sogn Avis har grunn til å tru har dei nye eigarane kjøpt aksjane for ein forholdsvis rimeleg penge, men dei tek òg over den gjelda som er opparbeidd etter at Nyborg tok over. Ingen kontakt: Dei britiske brørne fortel at dei først fekk vita om hotellet ved Sognefjorden for vel tre veker sidan. - Før det hadde me verken høyrt om hotellet i Sogn eller om Barry Haller, seier Dominic. Barry Haller er hotelldirektøren som skulle driva hotellet for John Nyborg og som har hatt ansvaret for drifta i hele vinter. Dei nye eigarane fann raskt ut at Haller og hans fru, Maureen, også ho engelsk, bør halda fram som hovudansvarlege for den daglege drifta. - Men me kjem til å vera her fleire dagar kvar einaste månad utover, seier brørne Ingram. Haller er glad for at nye eigarar endeleg er på plass og svarar benektande på vårt spørsmål om den tidlegare eigaren Nyborg har vore involvert i denne prosessen.- Det har det ikkje vore kontakt i det heile, seier Haller. Svært konstruktivt: Brørne Ingram er svært godt nøgde med den mottakinga dei og Haller har fått i Luster. - Dette hadde aldri skjedd i England, berre så det er sagt, seier Nick Ingram. Han snakkar om måten som Luster Sparebank, Luster kommune og Innovasjon Noreg har stilt opp på i forkant av overtakinga. – Dei møtte oss på ein så konstruktiv, positiv og open måte at eg er heilt overvelda. Dette har gjort oss svært entusiastiske og forventningsfulle til kva me kan få til med dette hotellet, seier Dominic Ingram. Brørne Ingram kom til Sogn for første gong denne veka og hevdar at dei aldri har sett noko vakrare. - Men korleis kom de over dette hotellet i London?- Me fekk høyra om det av ein felles kjenning og meinte straks at dette kunne vera eit interessant investeringsobjekt. Sjølvsagt gjer me dette for å tena pengar, understrekar brørne. Dei fortel at det er lange tradisjonar i familien når det gjeld drift av pubar og restaurantar. -Me er 4. generasjon i bransjen. 15 millionar Ifølgje Ingram skal det investerast 15 millionar kroner for å løfta Tørvis til eit 4. stjernes hotell med 45 rom. Etter det SA forstår skal dei nye eigarane skyta inn 5 mill. medan den finansieringspakka som Nyborg fekk på plass blir vidareført. Dette betyr at Luster Sparebank gir eit lån på 6 mill, og at Tørvis får 2 mill. i lån frå høvesvis Luster kommune sitt næringsfond og Innovasjon Noreg. Dessutan er det sett av 1 mill. til marknadsføring. Her bidreg kommunen og Innovasjon Noreg med 250.000 kvar dersom det nye eigarselskapet legg 500.000 på bordet. Barry Haller opplyser at hotellet skal opna dørene til sommarsesongen 2007.- Me kjem til å satsa mykje på den lokale marknaden. Hotellet skal vera ope året rundt, med unnatak frå januar og februar, og me skal freista å føra dei gamle, gode mattradisjonane ved dette hotellet vidare, seier Barry Haller.

Av Birthe Johanne F. Finstad  Publisert: 14.06.06 MARIFJØRA: Ingen veit kva som skjer med restaureringa av Tørvis Hotell. Naboane etterlyser informasjon, ordføraren meiner situasjonenen er uakseptabel og næringssjefen har lita tru på nyopning sommaren 2007. Enno har ikkje dei nye eigarane, engelskmennene Dominic og Nick Ingram, starta arbeidet med det tradisjonsrike hotellet. Dette trass i at dei tidlegare har sagt at det skal stå klart til å ta imot gjester neste sommar. No reagerer naboane, som meiner hotellområdet ser ut som ei krigssone. Enkelte naboar har kontakta Sogn Avis og fortel at det ikkje er gjort noko med Tørvis Hotell sidan arbeidet stoppa opp i vinter. Området er heller ikkje rydda, og rundt hotellet flyt det av gamalt og nytt materiale. Og så lenge det gamle ikkje blir fjerna og det nye heller ikkje blir teke i bruk, er det ikkje noko vakkert syn som møter naboar og besøkjande i Marifjøra. Lite realistisk. Brørne Dominic og Nick Ingram tok over som eigarar av Tørvis Hotell i mars i år, etter at den tidlegare eigaren, John Nyborg, vart svindelsikta i november 2005. Då Sogn Avis snakka med dei nye eigarane og direktør Barry Haller etter overtakinga, var bodskapen at det skulle investerast 15 millionar for å setja hotellet i stand til eit fire stjerners hotell, som etter planen skal opna neste sommar. Næringssjef i Luster kommune Olav Grov har ikkje tru på at denne tidsplanen er realistisk.– Eg har aldri trudd det har vore mogleg med ei nyopning sommaren 2007, alt byggjearbeidet inne står att. Ein er midt i ein byggjeprosess, seier Grov. Det er denne prosessen hotellet sine naboar etterlyserer framgang i og informasjon om, då det dei siste månadene har vore stilt rundt Tørvis hotell. Etter planen skal kommunen sitt næringsfond gå inn med eit lån på to millionar til restaureringa av hotellet, men desse pengane er enno ikkje frigjorde. Vilkåra kommunen har sett til dei nye eigarane er per i dag ikkje oppfylte. Heller ikkje Oddstein Haugen, banksjef i Luster Sparebank, som etter planen skal gå inn med eit lån på seks millionar, har noko nytt å fortelja om dei engelske hotelleigarane. Ordførar i Luster Torodd Urnes er òg uvitande om framdrifta i oppussinga av det gamle hotellet, og meiner situasjonen slik han er no ikkje er akseptabel. – Det er ikkje kjekt å ha noko slike ståande over lengre tid, det er som naboane påpeikar ikkje noko fint syn, og det burde i det minste ha vore rydda utanfor hotellet, seier Urnes. Han utelukkar ikkje at kommunen sjølv kan rydda opp, men først må det koma til ei avklaring med eigarane, som oppheld seg i England. Kontakten med kommunen går føre seg på e-post- og det er lenge sidan det har vore noko møte med brørne Ingram. Ordføraren var nøgd med kjøpet av Tørvis Hotell i vinter og håpte dei nye eigarane ville følgja opp, men no tykkjer han det ser dårleg ut. – Det må setjast ein frist, det ser ut som det kan vera einaste måten å få noko framdrift på, og det bør koma ei avklaring i løpet av sommaren, meiner han. Noko meir konkrete planar har han ikkje, og dermed heller ikkje noko forklaring eller informasjon til dei undrande naboane. Men ordføraren er samd i at det tradisjonsrike hotellet for tida er eit trasig syn.

Av Jan Inge Fardal  Publisert: 23.08.06  MARIFJØRA: Tolmodet med dei nye engelske eigarane av Tørvis Hotell er i ferd med å renna ut. Kreditorane, med meir enn fire millionar kroner til gode for ombyggingsarbeidet, har starta prosessen mot eit tvangssal av det tradisjonsrike hotellet. Kreditorane sin advokat, Olve Grotle, presiserer at dei enno ikkje har skrinlagt alt håp om at dei engelske eigarane, brørne Dominic og Nick Ingram, klarar å finansiera sin del av ombygginga av hotellet. Det vil i so fall opna for eit lån på seks millionar frå Luster Sparebank, som framleis står urørt i banken. Men Grotle legg ikkje skjul på at håpet blir tunnare for kvar dag som går, for kvar garanti eller lovnad som ikkje blir oppfylt av dei engelske eigarane. – Seinast for 14 dagar sidan fekk eg klare signal om at noko var i ferd med å skje. Men ingenting har skjedd enno, og difor har eg varsla namsmannen om å iverksetja nødvendige førebuingar for eit tvangssal, seier Grotle. Dette er ein prosess som uansett vil ta tid, truleg fleire månader. Med andre ord kan truleg eit eventuelt tvangssal av Tørvis først gjennomførast rundt juletider. Må selja: Grotle, som framleis vil tru det aller beste om hotellgründerane i England, har via deira norske advokat fått opplyst at selskapet slit med å finansiera hotellovertakinga. Dei må først selja eigedommar i heimlandet noko som visstnok skal vera mykje vanskelegare enn brørne Ingram trudde då dei overtok Tørvis i vinter. – Eg har ingen grunn til å tvila på at det dei hevdar er korrekt, men som sagt når det går så lang tid utan at noko skjer, hadde kreditorane eigentleg ikkje noko val. Så får me sjå om det verkeleg hender noko med hotellet før det er klart for eit tvangssal, seier Grotle. Dei lokale kreditorane, med Kjos Bygg i spissen, har til saman vel fire millionar kroner til gode for arbeid dei har utført med ombygging av hotellet. Førebels har kreditorane ikkje vore inne på tanken om å slå det nye selskapet konkurs. – Det er førebels uaktuelt å gå til skifteretten, seier Olve Grotle. Uheldig: Kreditorane sin advokat har ingen vanskar med å forstå at både naboar, kommune og sparebanken reagerer på den totale mangel på framdrift for dette prosjektet. – Dette er sjølvsagt uheldig for alle partar. Naboane ynskjer at alt bli ryddig att, kommunen ynskjer aktivitet og treng hotell og kreditorane må få pengane dei har til gode, seier Grotle, som vonar alt løyser seg snart og før eit tvangssal blir nødvendig. Ordførar Torodd Urnes legg ikkje skjul på at han mislikar denne situasjonen meir for kvar dag som går. – Diverre har engelskmennene så langt stort sett berre lova og loge. Dette er ei svært uheldig sak for oss, og eg vonar no at engelskmennene snart gjer noko av det dei har lova, seier ordføraren. Han meiner det er reell grunn til å frykta at hotellet hamnar i skifteretten. Banksjef Oddstein Haugen er heller ikkje spesielt imponert over framdrifta på Tørvis, men han presiserer at Luster Sparebank ikkje har noko uteståande. Banken har gjeve tilsegn om eit lån på seks millionar kroner til selskapet til brørne Ingram. Men dette lånet er på klare vilkår og står førebels uopna.

Av Kjell Eldegard Publisert: 10.03.08 LUSTER: Rolf A. Wikborg stadfestar at han har kjøpt Tørvis hotell, og at planane hans er å restaurera det tradisjonsrike hotellet. Som Sogn Avis skreiv laurdag, har Rolf A. Wikborg frå Oslo kjøpt Tørvis hotell i Marifjøra. Wikborg driv den norske avdelinga til den amerikanske maritime forretningsbankgruppa AMA Capital Partners. – Mykje som må gjerast: Han fortel at siktemålet hans er å restaurera hotellet i omtrent den stilen det hadde fram til det kom inn nye eigarar sommaren 2005. – Og det er mykje som må gjerast før me kan komma i gong med sjølve restaureringsarbeidet, seier Rolf A. Wikborg. Mellom anna må mykje av det ombyggingsarbeidet som vart starta av dei førre eigarane takast att, då det har blitt ein del fuktskadar i bygget som har stått uferdig dei siste par åra. Kvalitetshotell Wikborg fortel at det blir arbeidd med å førebu restaureringa av hotellet. Kva tid sjølve arbeidet på hotellet kjem i gong, avheng mellom anna av tilgangen på arbeidskraft og godkjenning frå kommunen. – Eg ynskjer å byggja opp eit kvalitetshotell; Kanskje kan me komma i gong med drifta av hotellet i 2009, dersom alt klaffar, seier han. Tørvis hotell blir organisert som eit eige aksjeselskap, kontrollert av Rolf A. Wikborg.
Av Birthe Johanne F. Finstad Publisert: 09.06.09 Etter å ha vore ute av drift dei siste åra, er endeleg gamle Tørvis Hotell i Marifjøra oppe og går att. Laurdag 6. juni 2009 var det offisiell opning av hotellet, som no har fått namnet Tørvis Bre-, Ski- og Fjordhotell. På plass var sjølvsagt eigar, dagleg leiar, ordførar og mange som hadde teke turen for å få med seg hendinga. 

 Av Sogn Avis Publisert: 27.10.11  Raude tal for Wikborg: Sidan han kjøpte Tørvis hotell vinteren 2008, har investor Rolf Wikborg bygd seg opp med ein portefølje på åtte reiselivsverksemder i nærområdet til Indre Sogn Travel Property Holding as Eigd av Ama Norway as, som er eit selskap heileigd av Rolf A. Wikborg. Administrerande direktør og styreleiar: Rolf Wikborg. Årsresultat 2010: ÷ 18.000 kroner Årsresultat 2009: ÷ 25.000 kroner Tørvis Eiendom as Eigd av Travel Property Holding as (97,22 prosent). Administrerande direktør: Gunnar Nedrum Aagaard Styreleiar: Rolf Wikborg. Årsresultat 2010: ÷ 3.265.000 kroner Årsresultat 2009: ÷ 1.760.000 kroner Tørvis bre-, ski- og fjord-hotel as Eigd av Tørvis Eiendom as (95 prosent) og Bård Huseby (fem prosent). Administrerande direktør: Bård Huseby Styreleiar: Rolf Wikborg. Årsresultat 2010: ÷ 810.000 kroner Årsresultat 2009: + 34.000 kroner MS Turnus as Eigd av Tørvis Eiendom as. Administrerande direktør: Bård Huseby, Styreleiar: Rolf Wikborg. Årsresultat 2010: ÷ 108.000 kroner Årsresultat 2009: ÷ 24.000 kroner Mountainfjord as Eigd av Tørvis Eiendom as Administrerande direktør: Gunnar Nedrum Aagaard, styreleiar: Rolf Wikborg. Årsresultat 2010: ÷ 20.000 kroner Årsresultat 2009: ÷ 30.000 kroner Bøyum pensjonat kafé og kunst Balestrand as Eigd av Travel Property Holding as. Administrerande direktør: Gunnar Nedrum Aagaard Styreleiar: Rolf Wikborg. Årsresultat 2010: ÷ 123.000 kroner Årsresultat 2009: ÷ 45.000 kroner Hotel Mundal as Eigd av Hilde Mauritzen (50 prosent) og Travel Property Holding as (50 prosent) Administrerande direktør: Bård Huseby, Styreleiar: Rolf Wikborg. Årsresultat 2010: + 424.000 kroner Årsresultat 2009: ÷ 157.000 kroner Nigardsbreen gjesteheim as Eigd av: Travel Property Holding (50 prosent), Frank Optun Smedegård (25 prosent) og Ringstind as (25 prosent). Administrerande direktør: Gunnar Nedrum Aagaard Styreleiar: Rolf Wikborg. Årsresultat for 2010 er ikkje klart Årsresultat 2009: ÷ 506.000 kroner Kjelde: purehelp.no

Av Jan Inge Fardal Publisert: 27.10.11 Både administrerande direktør for Mountainfjord as, Gunnar Nerdrum Aagaard og direktør på Tørvis hotell, Bård Huseby har sagt opp stillingane sine. Styreleiar Rolf Wikborg må setja saman ei ny leiing for å føra storsatsinga si i Sogn vidare. – Eg leverte mi oppseiing den 19. oktober, seier mannen som har leia Mountainfjord as det siste året, Gunnar Nerdrum Aagaard til Sogn Avis. Dei siste dagane ha det gått mange rykte om at både han og sjefen på Tørvis hotell, Bård Huseby, var i ferd med å slutta. No har Sogn Avis fått stadfesta at begge har sagt opp. Utfordringar – Det stemmer det, eg har sagt opp stillinga mi på Tørvis, seier Bård Huseby. Dette skaper store utfordringar for Rolf Wikborg i Travel Property Holding as, som er morselskapet for satsinga i Sogn. Gunnar Nerdrum Aagaard har vore administrerande direktør både i Tørvis Eiendom as, Mountainfjord as, Tørvis Eiendom as, Bøyum pensjonat kafé og kunst i Balestrand, og for Nigardsbreen gjesteheim as. Bård Huseby, som også eig fem prosent av aksjane i Tørvis hotel, har vore tilsett som direktør for Tørvis, MS Turnus as, og for Hotel Mundal as. Les òg: Raude tal for Wikborg Verken Gunnar Nerdrum Aagaard eller Bård Huseby ynskjer å gå i detaljar om kvifor begge sluttar no – og på same tid. Heller ikkje at også ein tredje nøkkelfigur i selskapa til Rolf Wikborg, Fredrik Bredvatnet på Gordon har sagt opp. Rask vekst Hotellkjeda MountainFjord har det siste halvåret satsa på ein rask vekst i heile distriktet. Dei har overteke drifta av Findebotten Gjestehus i Finnabotn, Nigardsbreen Gjesteheim i Jostedalen og Gordon Gjestetun på Reed i Nordfjord. Frå før hadde dei mellom anna Tørvis og Mundal som sine flaggskip. Dei skal også overta det brannråka Hopstock hotell i Vik.I april sa Gunnar Nerdrum Aagaard dette til Sogn Avis : «I løpet av kort tid skal me byggja opp ein heilt ny aktør innan overnatting- og opplevingsturisme, og me vil garantert ha basen vår i Sogn. Kvar hovudkontoret skal leggjast, har me enda ikkje heilt avklart». Eit halvt år seinare er han ikkje lenger med på satsinga. Heller ikkje frontfiguren Bård Huseby.

Av Jan Inge Fardal Publisert: 28.10.11 Rolf Wikborg avviser alle spekulasjonar om at Mountainfjord as skal vera i ferd med å rakna. Tvert imot – han satsar meir enn nokon gong og har nyss investert i nok eit historisk reiselivsobjekt i Sogn og Fjordane. Men først skal alle kreditorar i Sogn få oppgjer. Unødvendig uvisse Torsdag fortalde Sogn Avis at både Tørvis-direktør Bård Huseby og direktøren for Mountainfjord as, Gunnar Nerdrum Aagaard har sagt opp stillingane sine. – Det stemmer jo, det, men det var likevel langt over mål å slå fast at desse oppseiingane betyr at Mountainfjord as er i ferd med å rakna, seier Rolf Wikborg. Han legg ikkje skjul på at han mislikte tittelen i dette oppslaget sterkt. Først og fremst fordi han meiner det skapte unødvendig uvisse rundt framtida til prosjekta i regionen. Store planar – Det er ingen tankar om å redusera satsinga på Mountainfjord as. Heller tvert imot. Me har store planar og forventningar til satsinga vår i Sogn og Fjordane, men me må over i ein ny fase no, seier Wikborg. Etter at dei to toppsjefane sa opp, har han og kona Mette bestemt seg for å ta ansvar for den daglege leiinga av Mountainfjord as, Tørvis hotell og for dei andre prosjekta i regionen. – Og berre så det er slått fast med ein gong, det blir normal drift ved Tørvis Hotell framover. Me vurderte ei kort stund å vinterstengja hotellet frå 1. november, men det blir ikkje aktuelt. Julebordsesongen går som planlagt, seier reiselivsgründeren. Mista oversikta– Det har gått mange rykte om selskapa dine dei siste vekene. Spesielt i Luster, der det har vore snakka om både inkassokrav og konkurs. Kva seier du til dette? – Dette med hotelldrift har vore ein smertefull bratt læringskuve for oss. Det er shipping eg kan, hotell er noko eg framleis lærar. Me har vokse fort og undervegs har me diverre ikkje vore flinke nok til å ha ein total oversikt. Eg vart overraska då eg fann ut kor mykje uteståande me eigentleg hadde. Nokre av våre samarbeidspartnarar har lidd av dette, og det beklagar eg. Men me skal rydda opp i alle desse tinga straks. Me har aldri gått frå ei rekning og kjem heller aldri til å gjera det. Alle skal få alt dei har til gode så raskt som mogeleg. Sjølv om det har vore tungt å oppleva dette, tykkjer Wilborg at det også har vore ein slags renselsesprosess. – Den første tida, då alt var fryd og gaman og me investerte og investerte, var alle på lag med oss. No veit me betre kven me kan rekna med i framtida, kven som er der også i motgang. Ny rekneskapsførar Det er no tilsett ein rekneskapsførar som saman med ekteparet Wikborg skal få skikkeleg orden på alle sider av drifta i Sogn. – Vår fremste oppgåve blir å koordinera dei ulike elementa. Me skal skapa ein heilskap av alt dette. Men først skal me altså rydda skikkeleg opp. Læringskurven har som sagt vore bratt, smertefull bratt. Og me har vore naive – veldig naive- i satsinga vår, innser shippinginvestoren, med bakgrunn frå ein heilt annan forretningsjungel enn den han har møtt i Sogn. – Men same kva, må eg få streka under at me har fått ei usedvanleg god mottaking i Sogn. Og sjølv om eg dei siste vekene har fått meg nokre skikkelege tankevekkjarar, er det framleis slik at 90 prosent framleis er positive. Dei siste 10 prosentane som har skuffa, skal me nok klara å leva godt utan, seier shippingmillionæren, som framleis har kontor på toppen av Chrysler-bygningen i New York. Stor tru på Vik – Kva no med Vik og planane for Hopstock hotell? – Lokalmarknaden i Vik er kjempespennande og fortener å få att hotellet sitt. Det er eit oppegåande lokalsamfunn med ei proaktiv politisk og administrativ leiing. Akkurat som Olav Grov i Luster, som var total instrumental for å få oss inn i Tørvis, har vikjene – med Carl André Riiber i spissen, fått oss til å tenna. Wikborg dreg fram stavkyrkja, mellomalderkyrkja, vikinggravene og kulturstien som heilt unik. Han snakkar også varmt lakseelva, småbåthamna og dei vidare planane om sjønær aktivitet, han tykkjer idrettsanlegget er imponerande og så er han sikker på at det kjem tunnel gjennom fjellet. Etter å ha vore busett i USA i 16 år har han ekstra sans for det gamle motellet til Hopstock, som han ynskjer å byggja ut på skikkeleg amerikansk vis. – Vik har så spanande og samansette tilbod at eg gler meg til vera med og gjera alt dette meir tilgjengelege for tilreisande frå alle kantar av kloden, seier Rolf Wikborg.

Av Renate Sæle Publisert: 01.11.11 Rolf Wikborg forsikrar om vidare satsing på hotell og opplevingar i Sogn. Rolf Wikborg, mannen bak hotellkjeda MountainFjord, møtte lustringane på heimebane under eit næringsseminar i regi av kommunen, Luster sparebank og Høgskulen i Sogn og Fjordane tysdag. Wikborg, med bakgrunn frå shipping, forsikra at han ikkje gir opp storsatsinga si på hotelldrift i fylket, trass i ubetalte rekningar og raude tal. – Eg er litt lei shipping. Utfordringa no er å få dette til, og me skal tena pengar på det, sjølv om den eine etter den andre har slutta, forsikra Wikborg. Fornying Sogn Avis har tidlegare skrive om at fleire nøkkelpersonar ved Tørvis Hotell og kjeda MountainFjord har slutta. Men Wikborg satsar vidare og tek over styringa sjølv. – Det har vore behov for fornying. No har me eit regimeskifte der det er litt tøft. Og hotellvisjonæren forsikra at kreditorane skal få betalt. – Me går ikkje konkurs, var hans bodskap. – Fancy bil Han set pris på oppbacking i lokalmijøet og fortel at Tøvis hotell ikje hadde overlevd utan lokal støtte. Likevel innrømmer han at møte med Sogn og hotellbransjen har vore krevjande. – Det nytta ikkje å koma her med pengar, dress og fancy bil. Eg er nok i blant blitt misforstått, trur han. Lokale aktivitetar Han ser med positive auge på etablering av Luster bad og utvikling av Heggmyrane. – Me må tenka lenger enn å opna eit hotell. Han gjer det klart at Munthehuset på sørsida av Lustrafjorden har potensiale som overnattingsstad knytt til besøk i Urnes stavkyrkje. Bøyum pensjonat i Balestrand kjøpte han på krita og også her ser han potensiale i å utvikla eit slitent, gammalt hotellbygg. – Dei fleste stadene me har teke over har vore den grimme Elling, seier han. Har tillit Luster kommune har vore rause med bidrag og lån til etableringa av Tørvis hotell. Næringssjef Olav Grov har framleis trua på Wikborg og planane hans. – For oss gjer Rolf Wikborg viktige investeringar i Luster. Eg trur og håper dette går bra, seier næringssjef Olav Grov.

Av Jan Inge Fardal Publisert: 28.02.12  Han gjekk den viktigaste læretida si hjå Olav Thon. No skal bergensaren Vegar Kversøy (39) få skikkeleg fart på Tørvis hotel. - Eg har sogneblod i årene altså – ikkje mykje, og heilt frå Gulen i Ytre Sogn, men det betyr vel litt, seier Vegar Kversøy og ler. Og avslører at han frå dag 1 har fått med seg at det er viktig med røter, lokal kunnskap og kontakt når du skal driva hotell i Sogn. Mountainfjord-gründer Rolf Wikborg er svært glad over å ha fått tak i Kversøy. – Eg er så sikker eg kan bli på at me har fått rett mann på rett plass, seier Wikborg. Han opnar flaggskipet i si Mountainfjord-kjede, med ny sjef, allereie førstkomande helg. Letta eigar Etter at Bård Huseby slutta på Tørvis i fjor, har ekteparet Rolf og Mette Wikborg teke ansvaret. Wikborg har aldri lagt skjul på at dei ikkje kan nok om hotelldrift sjølve til at det kan bli permanent, og at dei soleis har vore på jakt etter ny sjef på Tørvis heilt sidan Huseby slutta. – Via ein felles kjenning fekk me høyra om Vegar. Det me høyrde om bakgrunnen hans, og om han store engasjement for faget gjorde at me ville ha han til Tørvis. Det betydde også ein del at han kom ifrå eit så veldrive selskap som? Olav Thon. Der er det kontrollrutinar og solid drift. Me har hatt visse utfordringar her på huset, men alt er no skværa opp og me er klare til å gå å vidare, seier Rolf Wikborg. 

Av Renate Sæle Publisert: 24.09.12 Tørvis hotel vart utsette for skimming i Gaupne. I eit brev sendt ut til leveradørar orsakar Tørvis Bre, -Ski og Fjordhotell at dei ligg etter med betaling og har likviditetsproblem. Ein av grunnane til dette er at dei vart utsette for skimming frå bankkontoen i Luster sparebank måndag. Sperra 350.000 – Me hadde 350.000 på denne kontoen. Den vart då frosen, seier eigar Rolf Wikborg til Sogn Avis. I brevet til leverandørane er formuleringa noko annleis. Her går det fram at det var innbrot i den lokale minibanken i Gaupne måndag kveld, visakortet til Tørvis vart brukt i denne bankautomaten tidlegare på kvelden og kontoen tømt. Men dette stemmer ikkje. Banksjef Oddstein Haugen stadfester at det ikkje har vore innbrot i banken. Skuldar pengar – Innbrot har det ikkje vore. Men kortet vart brukt på bensinstasjonen som vart skimma, vedgår Wikborg. – Me visste ikkje kva som hadde skjedd, men me fekk frose midlane, seier han og dermed valde å senda leverandørane eit brev. I brevet går det fram at eigarane av hotellet har vore i tvil om dei skulle fortelja leverandørane om kva som eigentleg har skjedd sidan. Hotellet skriv at dei no opplever likviditetspress og «vi skulle ha kontaktet dere om dette mye før, men vi har trodd det skulle løse seg raskere enn det har gjort», heiter det i brevet signert Mette A. Wikborg, kona til Rolf Wikborg. –Bruk regionsperre – Skimming skjer oftare og oftare, seier banksjef Oddstein Haugen. – Me har kundar som blir utsette for dette rett som det er. Grunnen til at me melde dette til politiet er at det har ikkje skjedd i kommunen vår før, seier Haugen, banksjef i Luster sparebank. Han understrekar at det ikkje er snakk om innbrot i banken. Kopierer info Ifølje Wikipedia føregår skimming vanlegvis i minibankar ved at svindlarar festar ein liten kortlesar som kopierer kortinformasjon over kortlesaren i minibanken. Dette kan vera svært vanskeleg å oppdaga. Det er også vanleg at svindlarane monterer eit kamera over tastaturet for å filma inntasting av pin-koden. Han oppmodar folk om å nytta regionsperre på bankkorta. Dette kan gjerast i nettbanken. Slik kan ein enkelt syta for at korta ikkje blir misbrukt i dei områda av verda du har sperra korta for.

Av Jan Inge Fardal Terje Eggum Halvor Farsund Storvik Publisert: 13.10.12  Tørvis hotell er igjen utan direktør. Vegar Kversøy gjekk på dagen etter sju månader. I går sende han konkursbegjæring mot hotellet, med von om å endeleg få betalt ut løn. I sju månader har Vegar Kversøy stått på for Tørvis hotell utan at han har fått ei einaste, ordinær lønsutbetaling. Han har også opplevd at han gong på gong har vore nøydd til å skuffa lokale kreditorar, som ikkje har fått oppgjer. Ved ei rekke tilfelle har han betalt rekningar med sine eige sparepengar. – Eg orka rett og slett ikkje å bortforklara til kreditorane fleire gonger. Det skjedde så mange gonger. Det var utruleg slitsamt at hotellet aldri kunne eller ville gjera opp med dei mange små, lokale kreditorane, seier Kversøy. Les også: – Nei, me er ikkje konkursLamslegen – Eg er rett og slett lamslegen over det eg har opplevd på Tørvis, seier ein nedbroten og utsliten eks-direktør. Han vart henta av Rolf Wikborg i januar og frå 1. mars var han på plass i Marifjøra for å få Tørvis på beina. Sju månader seinare seier han at han har mellom 300.000 og 350.000 kroner til gode i løn hjå Wikborg. Kversøy overtok Tørvis etter at forrige direktør sa opp i fjor haust.Lovar Tørvis friske pengar Hotelleigar Rolf Wikborg stengjer ikkje Tørvis om folk seier opp. – Kvifor hamna hotellet i denne situasjonen? – Saka har fleire sider, av omsyn til alle partar ynskjer eg ikkje kommentera dette, seier Wikborg. – Men her klager mange på at dei har uteståande pengar hjå deg? – Me har dårlegare likviditet enn me hadde gjort rekning med, eit etterspel frå starten tyngjer oss mykje, det har vore utfordrande å koma à jour med dette, seier hotelleigaren, og seier at ny eigenkapital er på veg. Lovar rydda opp Rolf Wikborg har denne kommentaren til ei eventuell konkursbegjæring: – Det er ukjent for meg, men det blir i tilfelle ein formell prosess der resultatet ikkje er gjeve, elles er det berre å seia at det skal ryddast opp på ein fair måte med Vegar, seier han. – Du har ein del uteståande i lokalsamfunnet? – Ja, eg har mange kreditorar det skal ordnast opp med, eg er i kontakt med dei fleste, me gjer det me kan, eg vonar det kan bli ei ordning før jul. Ny skjenkeleiar Sidan Vegar Kversøy gav seg som hotelldirektør, har Tørvis mangla ein skjenkeleiar. Men her tek Knut-Arne Bredal-Thorsen ved Hotel Mundal i Fjærland, som Wikborg også eig, over ansvaret. Og Luster kommune kjem ikkje til stikka kjeppar i hjula. – Det kjem kommunen til å godta, for han har alle naudsynte kvalifikasjonar, inkludert skjenkeprøve, seier Jarle Skartun, rådmann i Luster Kommune.

Av Sigrid Svartefoss Publisert: 15.10.12  Vegar Kversøy trekkjer konkurskravet mot Tørvis - i ei veke. ?- Rolf Wikborg kom heim til meg med eit foreldrepar som med tårer i augo fortalde at ein av deira største dagar i livet deira stod i fare. Eg lova difor å utsetja konkurskravet så bryllaupet kan gå som planlagt på Tørvis, fortel Kversøy. Tårer avgjorde Sogn Avis skreiv laurdag om Tørvis-direktøren som gjekk på dagen, fordi hotelleigaren handsama både tilsette og kreditorar utruleg dårleg. Bergensaren har ikkje har fått løn i dei sju månadene hadde har stått på for å få økonomien og hotelldrifta på fote. – Kvifor let du deg då overtala til ikkje å senda konkurskravet? – Eg trudde ikkje mine eigne auge då eg såg Wikborg. Han tek med seg eit foreldrepar heim til meg og tårer renn. Eg greidde berre ikkje seia nei, fortel den tidlegare hotelldirektøren då Sogn Avis møter han i helga. Angrar inderleg Kversøy fortel om ei tung tid, og tolmodet hans brast den dagen han skulle ta ut løn som han av god vilje og hjartevarme for eit flott hotell, hadde late stå som ei tryggleik for hotellet sin bankkonto. – For å vera ærleg så kan eg ikkje forstå korleis hotelldrifta kan halda fram, men eg håpar dei lokale kreditorane kjem betre ut enn meg. Eg angra på at eg har brukt sju månader av livet mitt på Tørvis. – Wikborg har budd mange år i USA. Er det den amerikanske haldninga han har teke med seg til Marifjøra når det gjeld måten han går fram på? – Eg har sjølv budd i USA i ein lengre periode, og dei kan ikkje driva slik Wikborg gjer. Ein kan oppføra seg nokon stad slik som han har gjort på Tørvis i desse åra. Spekulativt og kynisk, vil eg kalla handlemåten.

Av Terje Eggum Publisert: 22.10.12  -Me er ved ein krossveg, seier Rolf Wikborg, og vedgår at det er tungt å vera ein gjeldspressa hotelleigar. Aller mest tyngjer oppslaga i media. Han meiner ingen kan vera upåverka av, som han seier, å bli hengt ut som kjeltring på regionavisa si 1. side. – Eg blir frustrert og fortvila når Sogn Avis framstiller meg som ein kynisk finansmann. Motivasjonen – Men kva er du? – Eg er ein ærleg og redeleg, men uerfaren, aktør i reiselivet, intensjonen min er å lukkast med det eg driv med, seier Rolf Wikborg, og let oss forstå at familien sin motivasjon er sett på hard prøve den siste tida. Mista lysten – Me drøftar no innover i familien om dette er noko me vil halda fram med, problemstillinga er påskunda i det siste, med uthenging på avisa si 1. side. – Kva blir utfallet? – Me veit ikkje det enno, seier han, og inkluderer Mette, kona si, som gruar seg for å koma til Sogn att og som etter stormen dei siste dagane strir med å halda oppe entusiasmen for hotelleventyret i Sogn. – Me blir dømde nord og ned og sett på som dårlege menneske, slikt kan ein mista lysten av. Uoppgjort Gjennom media har det kome fram at Rolf Wikborg har ein del uteståande gjeld i nærområdet sitt. I Sogn Avis har tilsette ved Tørvis i Marifjøra stått fram og kritisert sider ved arbeidsforholdet, samt at regulær løn til hotellsjefen har uteblitt over tid. Dei hardaste utfalla har kome frå sistnemnde, Vegar Kversøy, som inntil nyss var dagleg leiar ved hotellet. – Vegar var ikkje rette mannen, seier Rolf Wikborg, og gjentek at den saka har to sider. Han nøyer seg likevel med å seia dette: – Me har ei uoppgjord sak med Vegar, dei andre tilsette har fått løn og vore veldig flinke. Tolmodige Rolf Wikborg prøver å forstå kvifor den negative goodwillen har tårna seg opp rundt han. Han seier avisa må ta ein god del av skulda. – Kva med dei mange små næringsdrivande i regionen som har pengar til gode i systemet ditt? – Dei er tolmodige, ja, men me har ein bra dialog med dei, eg trur dei forstår kor vanskeleg me har det, det er faktisk heller ikkje så mykje uteståande som mange vil ha det til. – Men du trekkjer på tolmodet til kreditorane? – Ja, og det er slitsamt, mest for dei, men også for meg, me har i desse 4–5 åra brukt lokal arbeidskraft og lokale leverandørar, så langt er det ingen som ikkje har fått pengane sine til slutt. Eg har vore for optimistisk, men dette er då også ein ekstremt vanskeleg bransje, seier Rolf Wikborg, og forsikrar at han gjer sitt beste for å halda kreditorane informerte om stoda. Skikkeleg kar – Får dei snart oppgjeret sitt? – Ja, det skal dei. – Ser du at eit snarleg oppgjer til fleire små kreditorar kan medverka til å gjera forholdet til media mindre strevsamt? – Ja. – Kva grep gjer du for å retta opp i det? – Det må hentast pengar frå utsida, over drifta er det inga utsikter på kort sikt til å klara det. Godtruande – Representerer du ein ny sort betalingskultur? – Dette er ingen kultur, dette er ikkje «amerikansk», det er kort og godt røyndomen i ein svært utfordrande bransje. Men me har vore godtruande og naive og ikkje skjønt godt nok kva som skal til for å lukkast. Rolf Wikborg vedgår at han i ettertid har reflektert over kva utfordringar som kom uventa på han. Han seier at ein ikkje utan vidare blir god på å driva eit lite hotell om ein måtte vera aldri så flink til å sy i hop finansielle strukturar i internasjonal shipping. – Eg var ikkje trent opp til å ha auge for dei mange små detaljane, seier han.

Av Terje Eggum Publisert: 22.04.13  Tørvis og Marifjøra skal dra betre i hop når den opphavlege hotellfamilien no er på bana att. Syskentrioen Kjell Sindre, Siv Kjersti og Stig Øystein, alle med etternamnet Schmidt, skal driva Tørvis hotell heretter. På lag med bygda Tørvis Bre Ski og Fjordhotell opnar dørene for ny sesong 13. mai, men alt i slutten av april får det nye vertsskapet prøva seg, då veltar det inn ein stor gjeng toppturfolk. – Me vil også bli eit hotell for regionen og bygda, seier Kjell Sindre (29), dagleg leiar, med magistergrad i filosofi. Tette band Han har med seg syster Siv Kjersti (25), som har jobba på Tørvis sidan noverande eigar, Rolf Wikborg, tok over. Veslebror, Stig Øystein (19), også med fartstid ved hotellet, er den tredje på laget. Dei er alle frå Gaupne, den førre eigaren, Per Bugge Næss, er bror til bestefar deira, Kjell Bugge Næss. Dei tre har såleis tette band til Tørvis og Marifjøra. Ta vare på roen Det lokale ankerfestet kjem til å telja mykje for trioen. Det er stor vilje til å styrka den lokale profilen. – Me skal ta ut den kvaliteten som ligg i å vera omgjeve av Marifjøra si ro, og me skal bli eit hotell med eit godt kjøkken, seier Kjell Sindre. 

Av Halvor Farsund Storvik Publisert: 21.07.13 Eit nyleg branntilsyn ved Tørvis hotell avdekte fleire avvik. Tilsynsrapporten melder om «ulovlege forhold» og varslar byggjesak til kommunen på grunn av manglar ved enkelte av brannskiljene. Men ifølgje branninspektør Olav Helge Ylvisåker i Sogn brann og redning, er situasjonen ikkje så dramatisk som det kan høyrast ut. – Det er ting som må gjerast noko med, men som ikkje er dramatiske i høve den vidare drifta av hotellet, seier han. Byggjesak Tilsynet skjedde tidlegare denne månaden. I eit brev til Luster kommune, med overskrifta «Melding om ulovlege forhold til bygningsmyndigheitene», ber branninspektør Olav Helge Ylvisåker bygningsvesenet om å vurdera saka. I tilsynsrapporten, som ligg ved brevet til kommunen, kjem det fram at hotellet ikkje har følgt opp enkelte avvik frå tilsynet i 2012, mellom anna manglar det framleis risikoanalyse og instruks. I tillegg kom det fram eit par nye avvik, der det mest iaugefallande er feil ved nokre av brannskiljene ved hotellet. Branninspektøren skriv at tilhøva rundt skiljekonstruksjonane «er av ein slik karakter at me finn det naudsynt å varsla byggjesak». Konkret peikar rapporten på branndører som ikkje er tilfredsstillande tette og at rømmingsvegar ser ut til å vera av brennbart materiale. God dialog Dagleg leiar ved Tørvis hotell, Kjell Sindre Schmidt, seier dei tek innvendingane til branntilsynet på alvor, men er ikkje uroa for konsekvensane for den framtidige drifta av hotellet. – Dette går på ting som vart forsøkt utbetra i fjor, men som tilsynet viste ikkje var godt nok utført. Utover det var branntilsynet nøgd med korleis me har teke tak i tinga, seier Schmidt. Han tok over drifta av hotellet i april i år, saman med to sysken. Den daglege leiaren opplyser at av ni avvik på tilsynet i fjor, var seks av dei heilt ordna og eitt delvis ordna ved inneverande kontroll. Schmidt seier dei allereie har gått i gang med nye tiltak og at eit bruksløyve skal på plass så snart som råd. – Vår tilnærming er å ta tak i dette på ein positiv måte og me har ein god dialog med branntilsynet, seier han. 

Av Jan Egil Fimreite Publisert: 15.01.18  Tørvis Eiendom gjekk på eit sviande nederlag i tingretten i søksmålet mot Luster Sparebank og Luster kommune. Tørvis Eiendom AS må ifølgje dommen betala 12.437.819 kroner til Luster Sparebank, i tillegg til renter. Dette i samsvar med låneavtalen frå 15. oktober 2016 til 24. februar 2017 og med tillegg av forseinkingsrente etter forseinkingsrentelova frå 24. februar 2017 til betaling skjer.- Dommen blir anka. Ut over det har eg ingen kommentar, skriv Ola Moe, styreleiar i Tørvis Eiendom, i ein e-post til Sogn Avis. FRÅ RETTSAKA: Bak dommar Harald Hjermann, Stein Hegdal, advokaten til kommunen og banken, næringssjef Olav Grov og banksjef Oddstein Haugen. 14 dagar. Tørvis Eiendom har fått 14 dagar på seg til å betala summen frå forkynning av domen.Den same fristen har Tørvis Eiendom når det gjeld betaling til Luster kommune. Dette gjeld hovudstolen på to lån kommunen har gjeve til Tørvis Eiendom på nær fem millionar kroner. Sanering av gjeld. Tvisten i retten stod om sanering av gjeld til selskapa bak Tørvi Hotell. Eigar Ola Moe meinte han hadde oppfylt sin del av avtalen med banken, og at dei difor hadde krav på gjeldssanering. Luster sparebank på si side meinte Moe ikkje har halde seg til vilkåra banken sette for refinansiering og ettergjeving av gjeld. Dette fekk altså banken medhald i i tingretten. Part: Luster kommune var også part i retten, med same advokat som banken. Kommunen hadde også fatta vedtak på ettergjeving av gjeld, på vilkår av at banken gjorde det same. Då banken trekte seg, gjorde kommunen det same.Luster sparebank fekk også medhald i retten i sitt krav om tvangssal og tvangsbruk av eigedomen. Tørvis Eiendom AS vart også dømde til å betala sakskostnadene til Luster kommune og Luster sparebank på til saman 750.000 kroner. Krangel; Retten fekk også innsyn i eit samarbeid mellom syskena Siv Kjersti og Kjell Sindre Schmidt og Moe som havarerte då Moe ville at Tørvis Hotell skulle betala kjedeavgift til Pure Hotels, som Moe eig. Advokaten til Moe, Joar Heide, meinte syskena overreagerte, og at slik kjedeavgift var heilt vanleg.Eit vilkår for gjeldssanering var nettopp at syskena Schmidt og Moe skulle gå saman i eit nytt selskap, Marifjøra eigedom, som skulle eiga og driva hotellet. Her skulle dei vera likeverdige partar, og eiga halvparten kvar. Motiv: Heide drog motiva til banken i tvil og meinte dei ynskte å bana veg for Schmidt-syskena når dei kravde hotellet konkurs. Ei oppmoding dei seinare gjekk tilbake på då Moe ved å flytta verdiar fekk betra økonomien i Tørvis Eiendom.Advokat Stein Hegdal for bank og kommune avviste påstandane frå Heide om at banken favoriserte Schmidt-syskena. Han fortalde om uteståande lån både i Tørvis eigedom og Marifjøra eigedom. Vonar punktum er sett: Oddstein Haugen, banksjef i Luster sparebank, vonar domen i tingretten markerer eit punktum i saka.- Me vann fram i med saka. Sjølv om dommen ikkje er rettskraftig, vonar eg på vegner av både banken og kommunen at det no er sett punktum. Men her får den andre parten uttala seg. Gjennomgang: Haugen seier han no vil lesa nøye gjennom dommen og drøfta den med advokaten.- Men eg ser ingen grunntil at me skal gjera noko vidare i saka.Ordførar Ivar Kvalen i Luster er glad og letta over avgjerda i tingretten.- No har eg ikkje fått lese dommen, men eg oppfattar det slik at me har vunne på alle punkt. Det tyder at me har tolka saka rett, seier Kvalen.

Av Wenche Schanke Eikum Publisert: 17.12.18 Ola Moe sel no hotella sine i fylket samla. Det vil sei at både Hotell Mundal i Fjærland, og Tørvis hotell i Marifjøra får ny eigar. Ola Moe  sel alle hotella sine i fylket til investor Halstein S. Sjølie i Moss. Truga med riving: Moe kjøpte hotellet i Fjærland i 2014. Då han vart pålagt eigedomsskatt i 2016 truga han med å rive heile hotellet i protest. Han meinte det var urimeleg at han både skulle bruke store summar på å rusta opp hotellet, og samstundes betala eigedomsskatt. Men etter møteverksemd med kommunen, bestemte han seg for å satsa på å rusta opp hotellet. Fredingsprosess: Mundal hotell opna i juni 1891, og er bygt i sveitserstil. Arkitekten som teikna hotellet er Peter Andreas Blix, og hotellet med 35 rom vert av mange rekna som å vera eit av dei best bevarte trehotella frå slutten av 1800-talet. I 2017 tok Moe initiativ til å freda hotellet. Sogn og Fjordane Fylkeskommune starta fredingssak i oktober i fjor, men denne er enno ikkje avslutta. I år fekk hotellet 2,5 millionar kroner frå Riksantikvaren for å setja i stand det dei kallar ei fredningsverdig bygning.Hotellet har vore stengt sesongen i år på grunn av renovering. Milliongjeld: Når Moe no har bestemt seg for å selja hotella sine, gjeld det også Tørvis hotell i Marifjøra.Moe tapte nettopp ankesaka i Gulating Lagmannsrett mot Luster sparebank og Luster kommune. Det betyr at hotellkjeda hans, Pure hotels, må ut med nesten 13 millionar kroner til Luster sparebank, og nær fire millionar kroner til Luster kommune. Moe sel også Nigardsbreen Lodge, og delar av Eidsbugarden hotell. Kjøpar: Sogn Avis har vore i kontakt med Ola Moe via sms, men han svarar ikkje på det me spør om. Kjøpar er advokaten Halstein Sigbjørn Sjølie i Moss. Han har tidlegare kjøpt Morgedal hotell i Telemark saman med kona Marianne. Dei pussa det opp for fleire millionar kroner, og opna det att sommaren 2017. Der har dei satsa på lokal historie og kunst. Sjølie har ikkje vore tilgjengeleg for intervju måndag ettermiddag. Den nye eigaren overtek hotella her i fylket i januar 2019.

Nytt håp for gamle hotell Av Sognavis Publisert: 20.12.18  LEIAR Nok ein gong blir det eigarskifte for lokale hotellperler som Tørvis i Marifjøra og Mundal i Fjærland. 15. januar 2019 tek ekteparet Marianne og Halstein Sjølie over hotella etter at investor Ola Moe bestemde seg for å selja. Den avgjerda kom Moe fram til etter eit knusande nederlag i Gulating lagmannsrett mot både Luster kommune og Luster Sparebank. Selskapet til Ola Moe, Scoop AS vart dømde til å betala gjelda si på over tolv millionar kroner i Luster sparebank. Dei må også ut med nær ein halv million kroner i forseinkingsrente inntil betaling skjer. Moe sitt selskap vart også dømt til å betala gjelda si på rundt fire millionar kroner til Luster kommune, og må på toppen av dette betala sakskostnadar for alle partar i lagmannsretten. Me kan dermed trygt slå fast at investoren frå Gjøvik ikkje akkurat dreg frå Sogn med flagget til topps. Her går han inn i ei rekkje med eksterne investorar som ikkje har lukkast med satsinga, verken på Tørvis eller Mundal. På Tørvis var det John Nyborg som tok over etter då 79 år gamle Per Bugge-Næss våren 2005. Det gjekk svært dårleg og allereie i desember same året reiste den engelske representanten for Nyborg frå bygda og hotellet. I mars 2008 kom så investor Rolf A. Wikborg på bana. Han både restaurerte og fekk sving på Tørvis. Gjennom selskapet Mountainfjord kjøpte han opp fleire hotell, mellom andre Mundal i 2010. Planane var store og spenstige, men i 2015 var det stopp også for Wikborg. Det var då Ola Moe kom på bana.Etter eit mindre vellukka mellomspel, med eksterne drivarar, har Mundal Hotell vore stengt dei to siste sesongane, medan Moe har drive med oppussing og renovering. Med den forhistoria desse to, tidlegare lokalt eigde, hotella har hatt dei siste 10-15 åra, må dei nye investorane finna seg i at me ventar litt før me kjem med dei mest optimistiske prognosane. Men me konstaterer at det i utgangspunktet ser bra ut! Bakgrunnen for det synspunktet er måten ekteparet Sjølie har gått laus på Morgedal hotell i Telemark på. Dei tok over det tradisjonsrike hotellet i 2016, og har brukt omfattande ressursar på å renovera hotellet før det opna att sommaren 2017. Ekteparet seier at dei gler seg til å gå laus i Sogn, og at dei har planar både i Fjærland og i Marifjøra. Utfordringane er sjølvsagt desidert størst for Mundal. Uansett, det er viktig for reiselivet at legendariske Mundal Hotell blir restaurert og opnar att snarast råd. Slik pilene peikar for reiselivet i regionen kan det visa seg å vera ei fornuftig investering av Exodus Holding, som familieselskapet til ekteparet frå Moss heiter. Me ventar og ser.

Av Wenche Schanke Eikum Publisert: 08.05.19 Selskapet Mountainfjord AS vart 5. mai tvangsoppløyst av Sogn og Fjordane tingrett. Rolf Wikborg kjøpte i 2008 Tørvis hotell i Marifjøra, og totalrenoverte det. Sidan oppretta han selskapet Mountainfjord, og kjøpte opp fleire overnattingsstadar. I 2010 vart Mundal hotell ein del av selskapet, og i 2011 Findebotn Gjestehus og Nigardsbreen gjesteheim. Wikborg har sidan selt seg ut av alle desse.Det har vore lite aktivitet i selskapet dei siste åra, og no er det altså tvangsoppløyst. Krav i buet må meldast til bustyrar Roar Berge. Første skiftesamling vert halde i tingretten i Førde 11. juni.

Av Jan Inge Fardal Publisert: 19.06.19 Det er ingen ende på visa om hotellperlene i Sogn. Tysdag denne veka varsla eigedomsmeklar Krogsveen at heile hotellportefølgjen med hotell som Tørvis i Marifjøra, Mundal i Fjærland, Eidsbugarden og Rondablik snart blir lagd ut for sal.Annonsa er meint som eit varsel til potensielle kjøparar, men det går ikkje fram når det blir opna for sal. Også Hotel Mundal kjem for sal att. Ikkje kontakt: Dette kjem overraskande på mange etter at Halstein S. Sjølie, saman med kona Marianne overtok Mundal hotell og Tørvis hotell i Marifjøra i januar.Marianne og Halstein Sjølie eig frå før Morgedal hotell i Telemark, som dei har brukt omfattande ressursar på å renovera. Dei har tidlegare sagt til Sogn Avis at dei gler seg til å gå laus i Sogn. Renovering: Medan Tørvis Hotel opna dørene i mai, har Hotell Mundal vore stengt for renovering sidan 2018. Mellom anna skulle taket fiksast. Den tidlegare eigaren, Ola Moe, bad om freding av dette hotellet, fylkeskommunen sette i gang fredingssak og Riksantikvaren har løyvd 2,5 millionar kroner til arbeidet med å ta vare på hotellet.- Det er ei stor utfordring å sette hotellet i stand, men det løyser me. Første etasje skal gjerast ferdig, og så er der fire romfløyer som det går an å pussa opp ein etter ein, sa Sjølie i desember i 2018. Kjøpte frå Moe: Ekteparet Sjølie overtok hotellperlene i Sogn frå Ola Moe etter at han lei eit knusande nederlag i Gulating lagmannsrett mot både Luster kommune og Luster Sparebank. Selskapet til Ola Moe, Scoop AS vart dømd til å betala gjelda si på over tolv millionar kroner i Luster sparebank. Selskapet må også ut med nær ein halv million kroner i forseinkingsrente inntil betaling skjer. Moe sitt selskap vart også dømt til å betala gjelda si på rundt fire millionar kroner til Luster kommune, og må på toppen av dette betala sakskostnadar for alle partar i lagmannsretten. Ikkje kontakt: Sogn Avis veit førebels ikkje kva som gjer at desse hotella no skal leggjast ut for sal att. Me har førebels ikkje lukkast i å få verken investor Halstein S. Sjølie eller tidlegare eigar Ola Moe i tale om den omtalte annonsa på finn.no. Men siste ord er garantert ikkje sagt i denne følgjetongen.

Av Wenche Schanke Eikum Publisert: 22.08.19 Og dei tilsette veit lite om kva som skjer. Trass i dette har det vore full drift på Tørvis hotell sidan sesongopning. Mundal hotell er for tida uansett stengt på grunn av oppussing Eigarskifte: Det gamle trehotellet i Marifjøra har hatt hyppige eigarskifte dei siste åra, og det siste skjedde på førjulsvinteren i 2018. Halstein og Marianne Sjølie frå Moss kjøpte då hotellet av Ola Moe, i tillegg til Nigardsbreen Lodge, Mundal hotell, Eidsbugarden hotell og Rondablikk hotell. Men no er alle hotella nok ein gong lagt ut for sal, og det er selskapet til Moe, Scoop AS, som står som seljar. Ola Moe ynskjer ikkje å kommentera dette, og det har ikkje lukkast avisa å koma i kontakt med Halstein Sjølie. Det er sistnemnde som driv Tørvis hotell gjennom selskapet Exodus Holding, og den dei tilsette forheld seg til. God sommar: Drivar Katrin Bunte fortel at drifta går som vanleg. Dei tilsette har heile vegen fått løn, først av selskapet til Moe, og no Sjølie. Og dei står på til det beste for kundane.- Me held fram som før, og har hatt ein veldig god sommar, seier ho. Ho vil ikkje kommentera kven som eig hotellet og sel det, rett og slett fordi ho ikkje er sikker. Men uro kring eigarskap er ikkje bra for hotellet. - Eg har hatt 25 førespurnader om bryllaup til neste år. Fire har bestilt, nokre har kansellert. Me har også fått spørsmål om reservasjonar i 2021. Men uvisse hjelper oss ikkje. Pengetrøbbel: Det er meklarfirmaet M2 som sel hotella for Ola Moe og Scoop AS. - Det er eit dekningssal dette her. Kjøparen kunne ikkje gjera opp for seg, så difor har Moe lagt hotella ut for sal igjen. Det hevdar næringsmeklar Tommy Aaby, og seier interessa for hotella har vore stor. - Det har vore mange interessentar. Nokre er interesserte i to eller tre av hotella, andre er berre interesserte i eitt av dei, seier han som forklaring på at dei ikkje legg ut heile porteføljen slik det vart gjort sist. Dei har allereie fått bod på Nigardsbreen Lodge i Jostedalen. Lang soge: Tørvis hotell har ei lang soge med eigarskifte etter at Per Bugge-Næss selde hotellet våren 2005. John Nyborg tok over. Allereie i desember same året reiste den engelske representanten for Nyborg frå bygda og hotellet. I mars 2008 kom så investor Rolf A. Wikborg på bana. Han både restaurerte, og fekk sving på Tørvis. Gjennom selskapet Mountainfjord kjøpte han opp fleire hotell, mellom andre Mundal i 2010. Planane var store og spenstige, men i 2015 var det stopp også for Wikborg. Det var då Ola Moe kom på bana. Etter eit mindre vellukka mellomspel, med eksterne drivarar, har Mundal Hotell vore stengt dei to siste sesongane, medan Moe har drive med oppussing og renovering.Ekteparet Sjølie har vist at dei kan driva hotell gjennom Morgedal hotell i Telemark. Dei tok over det tradisjonsrike hotellet i 2016, og har brukt omfattande ressursar på å renovera hotellet før det opna att sommaren 2017. Avklaring: Ekteparet fortalde avisa at dei gledde seg til å utvikla både Mundal og Tørvis. Dei skulle satsa på lokal mat og lokal kunst. Og målet var å halda Tørvis hotell heilårsope. Men no er altså hotella for sal nok ein gong. På Tørvis seier drivar Katrin Bunte at dei har gjestar ut september, og nokre bestilte julebord. Utover det veit ho ikkje kva som skjer. Men eitt veit ho. - Mitt største ynskje for Tørvis hotell er fred og ro, og langsiktig eigarskap. Det trur eg er bra både for hotellet og lokalsamfunnet. Då trur eg Tørvis hotell kan verta ein stor suksess.

Av Wenche Schanke Eikum Publisert: 23.08.19 - Torsdag kveld fekk meklar inn eit bod på hotellet i Fjærland. Det seier meklar Tommy Aaby i meklarselskapet M2. Hotel Mundal kom for sal i byrjinga av august, saman med Tørvis hotell, Nigardsbreen Lodge, Eidsbugarden og Rondablikk. Strid om oppgjer: I desember 2018 kjøpte ekteparet Halstein og Marianne Sjølie alle desse hotella av Ola Moe. Dei fortalde om store planar både i Marifjøra og i Fjærland. Tørvis hotell har hatt full drift sidan sesongopning, medan Hotel Mundal har vore stengt for renovering.Men i juni varsla eigedomsmeklar Krogsveen at hotella kom til å koma for sal. Årsaka skal vera at Moe meiner Sjølie ikkje har gjort opp for seg.No har Moe skifta meklar, og hotella er for sal på nytt. Åtte millionar: Næringsmeklar Aaby kan ikkje seia noko om kven som har lagt inn bod på Hotel Mundal.- Det eg kan sei er at det er lagt inn bod på åtte millionar kroner. Og den som byr er ikkje lokal, eller frå nærområdet. Bodet står til klokka 16 på fredag ettermiddag. Etter det må Ola Moe avgjera om dette er noko han takkar ja til, eller om han avviser bodet. Aaby seier nei på direkte spørsmål om det er Halstein Sjølie som har lagt inn bod på hotellet.Det har vore fleire interessentar til alle hotella som no er for sal, og Aaby seier han hadde venta at det skulle koma inn fleire bod. Når avisa snakkar med meklar er det framleis mogleg å by. Avslo tidlegare bod: Nigardsbreen Lodge i Jostedalen er også for sal. Det er for tida ikkje i drift.- Det kom eit bod på 2,5 millionar for det, men det vart avvist, seier Tommy Aaby. Når det gjeld Rondablikk og Eidsbugarden er det litt anna type prosjekt som meklaren reknar med det tek lenger tid å selja. Han veit at Moe har vore i møte med fleire interessentar der. - Eg reknar med at dei tre hotella i Sogn vert selt først.Det er prosessar på gang også når det gjeld Tørvis, men det ynskjer ikkje meklaren å seia noko om.

Av Sigrid Nese Thue Publisert: 12.10.19 Det har kome inn to bod på Tørvis hotell i Marifjøra. Det stadfestar meklar Tommy Aaby i meklarselskapet M2 til Sogn Avis laurdag ettermiddag.- Fredag kom det først inn eit bod på 11 millionar og like etter kom det inn eit på 11,1 millionar.Kven som har lagt inn bod kan meklaren ikkje seia noko om på noverande tidspunkt. Mundal hotel: Fredag vart det kjend at Mundal hotel i Fjærland er seld for 9,5 millionar kroner.Meklaren kan førebels ikkje seia kven som er dei nye eigarane av det ærverdige hotellet.- Det kan eg dessverre ikkje av omsyn til kjøpar.- Kan du seie noko om kva tid det vil bli offentleg kven som har kjøpt hotellet?- Nei, det kan eg ikkje på noverande tidspunkt. For sal: Hotel Mundal, Tørvis hotell, Nigardsbreen Lodge, Eidsbugarden og Rondablikk kom for sal i byrjinga av august.I desember 2018 kjøpte ekteparet Halstein og Marianne Sjølie alle desse hotella av Ola Moe. Dei fortalde om store planar både i Marifjøra og i Fjærland. Tørvis hotell har hatt full drift sidan sesongopning, medan Hotel Mundal har vore stengt for renovering.I juni varsla eigedomsmeklar Krogsveen at hotella kom til å koma for sal.Moe skifta meklar, og hotella kom for ny ut på sal.Les også: Strid om oppgjer for Tørvis og Mundal Stor interesse: Meklar Aaby fortel om stor interesse for fleire av hotella.- Det har vore stor interesse både for Hotel Mundal og Tørvis hotell heile vegen. Nyleg vart også Eidsbugarden seld, men til kven og pris kan ikkje meklaren seia noko om.

Av Wenche Schanke Eikum Publisert: 18.10.19 Mosseadvokaten Halstein Sjølie som gjennom selskapet Tørvis Hotell Drift AS har stått for drifta av hotellet i Marifjøra har fått Finanstilsynet på nakken. Soga kring Tørvis hotell vil inga ende ta. Mange hadde von om ei god framtid for hotellet, då advokaten frå Moss, Halstein Sjølie og kona Marianne, kjøpte Tørvis hotell av Ola Moe. Slik gjekk det ikkje. Manglande oppgjer: Sjølie betalte ikkje for hotellet, og Moe la det på ny ut for sal. I mellomtida har Sjølie vore ansvarleg for drifta, og hotellet har vore drifta som normalt heile sesongen.Ulovleg rolleblanding: Og no har Sjølie hamna i hardt ver gjennom anna hotellverksemd han driv.Moss Avis skriv 16. oktober at Sjølie er under lupa til Finanstilsynet etter at ein klientkonto vart tappa for 15 millionar kroner. Sjølie selde Haukeli hotell i 2018 og var sjølv eigedomssmeklar for salet, utan å oppgje at han samstundes var eigar gjennom eit holdningselskap. Dette er ulovleg. Finanstilsynet peikar også på at salet ikkje vart gjennomført i samsvar med kontrakten, fordi eit pant ikkje vart innfridd og sletta, skriv avisa. Millionane som forsvann: Moss Dagblad omtalte også saka 11. oktober. Der siterer dei Finanstilsynets vedtak der det står at Sjølie sende kopi av ei kontoutskrift som dokumentasjon på at det var penger nok på hans klientkonto til å dekkja det som var uteståande til pantehavaren i hotelleigedomen.Kontoutskrifta viste 15 millionar kroner, medan det i røynda kun var 177.000 kroner på klientkontoen per 12. juli i år. Då klientkontoen vart sjekka på nytt 17. september 2019, var kontoen nesten tom for pengar; 495,42 kroner sto då igjen.No har Tilsynsrådet for advokatvirksomhet sett Sjølie under forvaltning, og Finanstilsynet har vedteke avvikling av eigedomsmeklingsoppdraga til Sjølie, skriv Moss Dagblad.
Ventar fleire bod: Det har ikkje lukkast Sogn Avis å koma i kontakt med Sjølie for å finna ut om dette får konsekvensar for drifta av Tørvis hotell i Luster kommune. No er hotellet vinterstengt, og for tida ligg det inne eit bod på 11,1 millionar kroner som varer til fredag 25. oktober. Meklar Tommy Aaby i meklarhuset M2 seier han reknar med at det kjem inn fleire bod på hotellet før den tid.

Av Keth Øren Publisert: 28.10.19 Bodet vart ikkje akseptert av seljar. Det var kome eit bod på 11,1 millionar kroner for Tørvis hotell i Marifjøra, og det vara til fredag 25. oktober. - Bodet vart avslått av seljar, og me jobbar no med andre bod, seier meklar Tommy Aaby i meklarhuset M2.Han vil ikkje seia noko meir om kvifor bodet vart avslått. Neste frist er 5. november, og det ligg per no inne to bod på 11 millionar. - Det er også gode moglegheiter for fleire bod, seier Aaby. 

Av Renate Sæle Publisert: 08.11.19  I følgje NRK Østfold har advokat Halstein Sjølie har erkjent straffskuld. Siktinga går på underslag av 30 millionar kroner. Økokrim har gått til aksjon mot kontora til advokat Halstein Sjølie. Han har gjennom selskapet Tørvis Hotell Drift AS stått for drifta av Tørvis Hotell den siste tida. Sjølie betalte ikkje eigar Ola Moe for hotellet og Moe la det på ny ut for sal. Hotellet har vore i ordinær drift heile sesongen i år. Etterforskinga skjer etter ein anmeldelse frå Finanstilsynet. Dei reagerte mellom anna på at Sjølie hadde vore eigedomsmeklar ved eit hotellsal der han sjølv var seljar. NRK Østfold skriv vidare at Sjølie skal ha teke ut pengar frå klientkonto. Det er på bakgrunn av anmeldelsen frå Finanstilsynet at det er oppretta etterforsking av saka.  - Han har erkjent straffskuld i henhold til siktinga. Siktinga går på 30 millionar, men det er ok riktig å seia at storleiken på beløpet er noko uklart, seier Vegard Aaløkken til NRK Østfold. Aarløkken er forsvarar for advokat Sjølie, som ifølgje NRK har vore i fleire avhøyr hjå Økokrim dei siste dagane.

Av Wenche Schanke Eikum Publisert: 12.11.19 Det er Fjordane Eigedomsmekling i Førde som no prøver å selja hotellet på vegner av kreditorane. 
Samstundes prøver tidlegare eigar Ola Moe å selja Tørvis hotell gjennom advokatfirmaet M2. Han avslo for ei tid tilbake eit bod på hotellet på 11,1 million kroner, i følgje meklaren.I salsannonsen til Fjordane eigedomsmekling ligg hotellet no ute med ein verditakst på 13 millionar kroner. Resultat av dom: Det er dagleg leiar Ole Rune Døskeland i Fjordane eigedomsmekling som styrer tvangssalet. Det har ikkje lukkast Sogn Avis å koma i kontakt verken med Døskeland, eller meklar Tommy Aaby i meklarhuset M2. Stein Heggdal er advokaten til Luster sparebank. Han seier tvangsalet no er eit resultat av dommen i Lagmannsretten. Der vart Ola Moe og selskapet Scoop AS dømde til å betala gjelda si på over tolv millionar kroner i Luster sparebank. Dei må også ut med nær ein halv million kroner forseinkingsrente inntil betaling skjer. Scoop vart også dømt til å betala gjelda si på rett under fire millionar kroner til Luster kommune, og må også betala sakskostnadar for alle partar frå lagmannsretten. Dommen; Tvisten som vart avgjort i Lagmannsretten stod mellom anna om sanering av gjeld til selskapa bak Tørvis Hotell. Eigar Ola Moe meinte han hadde oppfylt sin del av avtalen med banken, og at dei hadde krav på gjeldssanering.Luster sparebank på si side meinte Moe ikkje har halde seg til vilkåra banken sette for refinansiering og ettergjeving av gjeld. Bank og kommune fekk medhald i retten for sitt syn.I dommen frå Lagmannsretten vart handlingane til Moe karakteriserte som «både vilkårsbrudd og klart illojal opptreden». Retten slo fast at praktisk talt alle viktige føresetnadar for lovnaden om gjeldssanering ikkje var oppfylt av Moe. Tvert imot låg det føre eit klart grunnlag for å trekkja tilbake både lovnadane, eller erklæra heving. Har ikkje betalt: Sidan dommen har Moe prøvd å selja hotellet, utan å lukkast. - Moe har fått sjansen til å prøva å selja sjølv. Men det tok for lang tid, så no tek me grep for at kreditor skal få inn pengane sine, seier advokat Heggdal.Det er altså no to partar som prøvar å selja Tørvis. - Me skal prøva å få til eit intitativ til å samla salet hjå Døskeland. Prosessen med tvangssal, trumfar uansett salet til M2, seier Heggdal.

Av Sigrid Nese Thue Publisert: 29.11.19 Ragnhild Solheim og Bøye Einang har kjøpt Eidsbugarden. Det skriv Avisa Valdres.Eidsbugarden vart lagt ut for sal saman med Hotel Mundal, Tørvis hotell, Nigardsbreen Lodge og Rondablikk i byrjinga av august i år.Tidlegare i haust fekk Sogn Avis bekrefta at Eidsbugarden var seld, men meklar Tommy Aaby i meklarselskapet M2 ville ikkje seie kven som hadde kjøpt det og prisen dei hadde gjeve.No er det klart at Ragnhild Solheim og Bøye Einang frå Valdres overtek eierskap og drift av Eidsbugarden med opning frå sommaren 2020.Tidlegare i haust vart det kjend at Ola Moe har kjøpt attende Hotel Mundal.Det har også kome inn bod på Tørvis hotell på 11,1 millionar kroner, men dette skal ha blitt avslege. No er det starta tvangssal av hotellet i Marifjøra.

Av Renate Sæle Publisert: 14.12.19  Siv Kjersti Schmidt vil understreka at meldinga lagt ut på Tørvis hotell si facebookside laurdag, ikkje er skriven av ho eller faren. Laurdag vart det lagt ut ei melding på Tørvis hotell si facebookside med bilete av eit bodskjema signert Siv Kjersti Schmidt og faren Steinar Schmidt. Siv Kjersti Schmidt var, saman med brørne sine, inne på driftssida av hotellet i Marifjøra frå 2013 til sesongen 2016. Men ho avkreftar at ho står bak informasjonen som kjem fram på facebooksida. I facebookposten står det følgjande: "Vi er begeistra over at det snart blir overtaking av Tørvis hotell! Vi takkar Sogn og Fjordane tingrett, advokat Olav Døskeland, Gunnar Ruud, Olav Grov, Oddstein Haugen, Luster kommune og Luster sparebank for all hjelpa i prosessen med å få handelen i stand. Spesielt takk til Luster sparebank og Luster kommune for sinnsykt god finansiering og gjeldsslettesaka, utan dette hadde det aldri vorte noko av!» Reagerer på teksten: Siv Kjersti Schmidt har i løpet av laurdagen fått mange spørsmål om ho har kjøpt hotellet. Men ho meiner det er noverande eigar, Ola Moe, som har lagt ut posten. - Ola Moe har lagt ut ein post på Tørvis Hotell si Facebook-side der han utgir seg for å vera oss. Det er identitetstjuveri, som me ser svært alvorleg på, seier ho til Sogn Avis. Ho reagerer også på at bodskjemaet ho og faren har lagt inn, ligg på facebookposten. - At han også har lagt ut eit bod-skjema som er ein del av ein ikkje avslutta tvangssalsprosess, får stå for hans rekning. Ikkje kjøp enno: Ho stadfester at ho og faren har lagt inn bodet på 11,1 millionar. Men ho vil understreka at så langt har det ikkje skjedd noko sal. - Me har røtene våre i Marifjøra, og Tørvis ligg hjartet vårt nært. Utover at me kan bekrefta bodet som er lagt inn, ønskjer me ikkje å kommentere noko meir, i og med at dette er ein pågåande prosess. Ola Moe vil ikkje kommentera saka.

Av Wenche Schanke Eikum 25.01.20 Tvangssalet av Tørvis hotell i Marifjøra vart sett i gang i november i fjor. Framleis er det heilt uvisst kven som får kjøpa hotellet. Det er Fjordane Eigedomsmekling i Førde som er bindeleddet mellom kreditoren Luster Sparebank og Sogn og Fjordane tingrett. Etter snart tre månadar er ingenting avgjort om kva som skjer med hotellet ved Lustrafjorden framover. Må betala: Tidlegare eigar Ola Moe og selskapet Scoop AS vart i tingretten i januar 2018 dømde til å betala milliongjelda si til Luster Sparebank. Dei måtte også ut med forseinkingsrente inntil betaling skjer. Dei vart også dømde til å betala gjelda si til Luster kommune, og måtte ta sakskostnadane for alle partar. Moe anka, men tapte også i Lagmannsretten før jul i 2018. Han har etter dette prøvd å selja hotellet, utan å lukkast. Luster Sparebank mista tolmodet, og sette i gang tvangssal i november 2019. – Moe har fått sjansen til å prøva å selja sjølv. Men det tok for lang tid, så no tek me grep for at kreditor skal få inn pengane sine, sa advokaten til banken, Stein Heggdal, til Sogn Avis den gongen. Bodkrig: I salsannonsen til Fjordane eigedomsmekling stod det at hotellet har ein verditakst på 13 millionar kroner. Sidan hotellet kom på tvangssal har familien Schmidt i Luster/Oslo lagt inn bod. Etter det kom eit nytt og høgare bod. Per dags dato er det to partar som byr, seier advokat Ole Rune Døskeland i Fjordane eigedomsmekling. – Det er ikkje offentleg kven som byr, men det er to bodgjevarar. Akkurat no ligg det eit bod som tingretten skal vurdera på 13,1 millionar kroner. Men eg har fått inn eit nytt bod etter det. Tek tid: Heile prosessen med tvangssal dreg ut i tid. Ei av årsakene er prosessen. Først må kreditoren Luster Sparebank vurdera bodet, og om dei skal senda det vidare til tingretten. Deretter er det Sogn og Fjordane tingrett som tek stilling til bodet. Dette tek fort frå to til fire veker mellom kvart bod, forklarar Døskeland. – Dette kan rulla og gå ei stund, men avslutta blir det. Men når ein kan sjå ein ende på prosessen, kan han ikkje seia noko klart om. I mellomtida er hotellet vinterstengt. Og for kvar dag som går utan at eigarskap er avklara, så veks uvissa kring hotellet og komande sesong.

Av Wenche Schanke Eikum Publisert: 25.01.20 Tilsette ved Tørvis Hotell har ikkje fått løn sidan september, og har no gått til Namsmannen med konkurskrav. Selskapet Tørvis Hotell Drift AS, som driftar hotellet, er eigd av Marianne og Halstein Sjølie i Moss. Tiltalt for underslag: Men Sjølie har hamna i alvorleg trøbbel. I oktober i fjor vart han fråteken retten til å driva både som advokat og eigedomsmeklar. Finanstilsynet reagerte på at Sjølie hadde vore meklar for eit bygg han sjølv var eigar i, og kalla det brot på eigedomsmeklarlova. I november i fjor gjekk Økokrim til aksjon mot advokatkontoret til Sjølie. Han vart sikta for grovt underslag av 30 millionar kroner, noko han har vedgått straffeskuld for. Må forkynnast: Etter at eit krav om konkurs er levert inn, skal den forkynnast for dei som vert kravd konkurs, i dette tilfelle ekteparet Sjølie. Sidan kravet vart levert til namsmann i Sogn, og Sjølie bur ein annan stad, må den sendast vidare for forkynning. – Forkynning går stort sett greitt, men i nokre tilfelle kan det ta tid, i og med at dei ikkje bur her, men vert forkynt av ein anna namsmann, seier namsmannsfullmektig Asle Karoliussen. Til tingretten: Etter det Sogn Avis kjenner til er ikkje ekteparet lenger i Moss, men i Morgedal. Kravet er sendt til nærmaste namsmann der. Når kravet om konkurs er forkynt for Sjølie, kan dei tilsette ta saka vidare. – Når det er forkynt, kan den som krev konkurs gå til tingretten og be om at det vert teke opp. Då kan ein få opna ein konkurs opp mot lønskrav, kommenterer Karoliussen på generelt grunnlag. Dei tilsette ynskjer ikkje å la seg intervjua i saka.

Av Keth Øren  Publisert: 24.03.20  Politiet etterforskar saka som skadeverk. Brannvesenet rykte ut etter at det var utløyst ein automatisk brannalarm på Tørvis hotell i Marifjøra tysdag kveld. – Brannmannskap oppdaga at det stod ein brannslange på og rant inne i bygget, seier Jan Gunnar Holvik på Alarmsentralen. Det var vatn inne i bygget, og Holvik fortel at brannmannskapa fekk pumpa og sugd opp ein del vatn før dei reiste frå staden. Operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt seier dei fekk melding klokka 18.40. – Saka blir etterforska som skadeverk på bygning. Patruljen held på med kriminaltekniske undersøkingar i kveld, men det er ingen pågripne så langt, seier Knappen klokka 20.45 tysdag. Det skal vera snakk om mykje skade på bygningen, og det skal vera spor på bygningen som kan tyda på at uvedkomande har teke seg inn. Det er ikkje gjester på hotellet no. – To brannslangar var dregne ut og slått på, og det har medført store skader, seier Knappen.

Av Wenche Schanke Eikum og Keth Øren Publisert: 25.03.20  Tysdag fekk Tørvis hotell skader etter vasslekkasje, men Ola Moe satsar på drift i sommar. Ola Moe sitt selskap Scoop AS står som eigar av hotellet i Marifjøra, som tysdag kveld vart råka av vasslekkasje. Moe seier i ein kommentar til Sogn Avis onsdag at han tek sikte på å driva hotellet i sommar. Forsikring:  – Luster sparebank har teikna ein forsikring og me veit ikkje heilt kva denne eventuelt dekkjer, me har ikkje teikna noko forsikring og reknar med å rydda opp i dette sjølv. Utgangspunktet er etter det eg høyrer at det først og fremst er nokre teppe som må bytast og me kjem til å gjera dette sjølv, det er nok ikkje så store kostnadene heldigvis, seier Moe. Skal driva sjølv: Hotellet har vore på tvangssal, men no seier Moe at han skal å gjera opp for seg ved å bruka inntekter frå anna eigedomssal. – Hotellet skal framleis seljast og me satsar framleis på å driva hotellet i sommar slik at marknadsverdien ikkje går tapt. Me kjem sjølve til å stå for drifta, seier Moe. Hotell fekk store vasskadar – politiet har ingen mistenkte.

Av Wenche Schanke Eikum Publisert: 30.04.20 Ola Moe har betalte gjelda si til både Luster Sparebank og Luster kommune. Fire år tok det frå tvisten mellom hotelleigar Ola Moe og Luster Sparebank byrja, via rettssaker i to instansar, før den no er avslutta. I 2016 inngjekk banken og hotellet ein låneavtale frå 15. oktober det året til 24. februar 2017. Sanering av gjeld var ein del av avtalen, på visse vilkår. Også Luster kommune fatta vedtak om ettergjeving av gjeld, med vilkår om at banken gjorde det same. Eit omstridd vedtak i kommunestyret. To rettsrundar: For å gjera historia kort, så skar det seg mellom eigar Moe og syskena Schmidt som dreiv hotellet, og då skar det seg med banken også. Etter mykje att og fram kom saka opp i tingretten i januar 2018. Tvisten i retten stod om sanering av gjeld til selskapa bak Tørvis Hotell. Eigar Ola Moe meinte han hadde oppfylt sin del av avtalen med banken, og at dei difor hadde krav på gjeldssanering. Luster Sparebank på si side meinte Moe ikkje har halde seg til vilkåra banken sette for refinansiering og ettergjeving av gjeld. Der vart selskapet til Moe dømd til å betala nær 12,5 millionar kroner til banken, med forseinkingsrente til betaling skjer. Luster Sparebank fekk også medhald i retten i sitt krav om tvangssal og tvangsbruk av eigedomen. Motparten vart dømt til å betala sakskostnadene til Luster kommune og Luster Sparebank på til saman 750.000 kroner. Dommen vart anka. Tapte på alle punkt: I desember 2018 kom dommen frå ankesaka i Gulating lagmannsrett. Selskapet Scoop AS som eigde Tørvis hotell, tapte på alle punkt i ankesaka mot Luster Sparebank og Luster kommune. Scoop vart også dømt til å betala gjelda si på rett under fire millionar kroner til Luster kommune, og må også betala sakskostnadar for alle partar frå lagmannsretten. I månadane som kom prøvde Moe å selja Tørvis hotell, utan å lukkast. Luster sparebank la hotellet ut for tvangssal med ei verdivurdering på 13 millionar kroner. – Moe har fått sjansen til å prøva å selja sjølv. Men det tok for lang tid, så no tek me grep for at kreditor skal få inn pengane sine, sa advokat Stein Heggdal til Sogn Avis den gongen. Gjorde opp for seg: Våren 2020 vart tvangssalet avlyst då Moe gjorde opp for seg både til bank og kommune. Han selde ein anna eigedom han har, og brukte pengane til å løysa ut hotellet. Luster sparebank vil ikkje ut med kor mykje totalsummen no har kome opp i med renter og renters rente og sakskostnadar. Men at det vart ei dyr affære for Moe er det liten tvil om. Banksjef Oddstein Haugen er knapp i kommentaren, men seier følgjande: – Det er godt at saka no er ferdig. Den er avslutta frå vår side. Moe har ikkje svart på e-post frå Sogn Avis om denne saka, men har tidlegare sagt at planen er å driva hotellet i sommar, og at hotellet framleis er for sal.

Av May Grethe Lerum Publisert: 05.07.20  Jaryia og Bjarte Lie vil byggja opp ei langsiktig bedrift kring Kafé Marifjøra. Dei kjøpte den gamle doktorbustaden i Mariafjøra, og Jaryia «Thaikokken» Lie har teke med seg spesialitetane sine frå Oslo til Sogn. Frå idé til kafé på fem dagar: – Då me først kom på idéen, tok det under ei veke frå me fekk ja frå utleigar. Me skaffa serveringsløyve, innreia og opna førre laurdag. Gjestene strøymde til frå starten, seier ekteparet. På sikt kan det bli både eige ølbryggjeri og cateringverksemd med utgangspunkt i kaféen i den såkalla «Hansbui». – Eg planlegg både ølkurs og eiga brygging, seier Bjarte Lie. Vaflar og curry:  – I fjor dreiv me kafeen i Solvorn, men no har me gangavstand til jobben og meir langsiktige planar for å byggja opp bedrifta her, seier Jaryia. Med seg i kafédrifta har ho mellom andre svigermor og ei niese. I dei gamle lokala, der også ein sjokoladefabrikk har halde til, har dei fått inn sjarmerande møblar med nostalgisk preg. På menyen står kafé-klassikarar som sjokoladekake og vaflar, men også curry-rettar og andre thailandske smakar. Alle måltid: Ekteparet Lie har også fått skjenkjeløyve for både matsal og hotellhagen ved Tørvis hotell. – Me kjem etter planen til å stå for serveringa også der i sommar, fortel Bjarte. Det vil ikkje bli servert mat frå buffear i år, og hotellet har avgrensa kapasitet grunna ei vasslekkasje i mars. – Me håpar at hotellgjestene også vil trivast i kaféen, og satsar på å by dei både frukost, lunsj og middag her, seier han.

Av Wenche Schanke Eikum Publisert: 07.07.20  Erlend Follegg, som har kjøpt hotellet av Ola Moe. – Det viktigaste framover er å få hotellet til å skina igjen. Det seier Erlend Follegg, som har kjøpt hotellet av Ola Moe. – Eg har sett på hotellet ei stund, og alt skjedde veldig raskt, seier den nye eigaren. Han kjøpte hotellet gjennom selskapet Gondolin as, men seier selskapsstrukturen ikkje er lagt enda. Truleg vil han oppretta eit eige selskap for hotellet, og for drifta. I tillegg til Tørvis er Follegg involvert i mellom anna Hallingskarvet fjellgrend og Skinnarbu høgfjellshotell. Varsam opning: Hotellet fekk vasskadar etter lekkasje i vinter, og arbeidet med å fiksa det er i full gang. – Arbeidet med å fikse romma er i gang, og golva er tekne opp, så dei må leggjast på nytt. Me ser føre oss ei litt avgrensa opning. Romma som er i første etasje på sjølve hotellet kan opna, og kanskje nokre rom i fløya etter kvart. Det er klart til å ta imot dei første gjestane allereie fredag 10. juli. Etter kvart vert bestilling tilgjengeleg via ulike søkjemotorar, som hotels.com. – Me vil også prøva å kommunisera via Facebook. Der kan ein finna telefonnummer for booking og anna kontaktinformasjon, seier Follegg. ARBEID: Den nye eigaren, Erland Follegg, har arbeidd i tre dagar med å få plenen ved Tørvis hotell til å sjå skapleg ut att. Bjarte og Jariya Lie som no driv kafeen i Marifjøra, har teke på seg å driva hotellet i sommar. – Me vil prøva oss med eit samarbeid no i sommar, seier Bjarte. Han og kona har allereie serveringsløyve og skjenkjeløyve for kafeen, som dei også har fått løyve til å nytta i matsalen, resepsjonen og hagen på hotellet. – Det vert ei slags samdrift i sommar med eit nedskalert tilbod, seier Follegg. Han håpar at det blir positivitet kring Tørvis framover. – Det kan staden trenge. No har me brukt tre dagar på å slå plenen, den hadde vakse kjempehøgt. Lie grovklipte, og så har me gått over fleire gongar for å få det fint igjen. Så er det generelt måling og slikt som bygga skrik litt etter. Fortener merksemd: Han kjem til å tilsetja folk etter kvart som behovet melder seg. Sjølv bur han og jobbar som advokat i Oslo, og skal halda fram med det. Men det manglar ikkje på planar for hotellet og området rundt. – Me er fasinerte av hotellet og det fortener spesiell merksemd. Så vil me gjerne satsa på god mat. Skikkeleg lokal mat, gjerne gourmetstandard, me må ha såpass høge ambisjonar, smiler han. Hotellet skal få høg standard, og vera ein stad det er hyggjeleg å koma til. PLANAR: Den nye eigaren av Tørvis hotell ynskjer å nytta området som høyrer til hotellet ved fjorden. Her kan det koma både gjestebrygge og badeplass på sikt. Fjord og fjell: Wikborg, ein av dei tidlegare eigarane av hotellet, hadde ein logo med Ski-, bre- og fjordhotell. Den tanken likar også Follegg. – Det er fantastiske fjellområde her, og kort veg til Sognefjellet og Nigardsbreen. Kanskje kan me også opna litt meir mot fjorden. Der var jo ei bryggje før. Det hadde vore flott å få den opp att slik at det går an å leggja til med båtar der. Den store brygga er litt høg. Å kunne sitja ved vasskanten vil nok trekkja mange, trur Follegg. Han tenkjer det kan vera rom for både ei lita badevik, og ei gjestehamn etter kvart. Men alt det krev papirarbeid, tid og pengar. No først er det opning av delar av hotellet.

Av Wenche Schanke Eikum Publisert: 07.09.20  24. mars vart det oppdaga vasslekkasje på Tørvis Hotell i Marifjøra. No ber politiet om hjelp til å finna den eller dei som stod bak. Det vart slått full alarm då vasslekkasjen vart oppdaga. Brannslangar var dregne ut, og vatnet slått på. Fleire tusen liter vatn rann ut i bygningen. Sidan har politiet etterforska dette som skadeverk. – Me har avhøyrt ein del folk i området. I tillegg har me undersøkt staden, og prøvd å kartleggja kva som har skjedd der og i området rundt, seier politioverbetjent Christian Algrøy-Vegheim ved Sogndal lensmannskontor.

Rykte ut etter vasslekkasje på Tørvis Hotell Av Wenche Schanke Eikum Publisert: 10.01.21 Sogn brann og redning rykte søndag kveld ut etter melding om vasslekkasje på Tørvis Hotell i Marifjøra. – Det var eit sprinklaranlegg som løyste seg ut, og me fekk alarm på dette direkte. Det seier vaktoperatør Nina Andal på Alarmsentralen. – Brannvesenet har avslutta no, men det må til litt restverdiredning. Det handlar om at det må inn folk som kan suga opp vatnet, og ha på vifter som kan tørka opp. Eit røyr i fryserommet frose, og så har det rent ut vatn i kjøkenet og delvis i festsalen og matsalen. Eigar Erlend Follegg fekk melding om lekkasjen via telefon då alarmen løyste seg ut. – Eg ringde ein i Marifjøra, og han kom til hotellet samstundes med brannvesenet. Det er ein sprinkelventil på frysarrommet som har gått. Eg veit ikkje eksakt kva som har skjedd. Men det er eit rør som har vore frost i, og når temperaturen steig så skjedde dette. Han seier at det alt er kopla inn eit firma som skal tørka opp. – Så vidt eg veit så er det ikkje noko stor skade å snakka om. Det meste av vatnet har rent i sluken. Men me må ha fuktmålingar, og har sett i verk det som trengst. Opnar i april: I mars 2020 var det ei stor vasslekkasje etter innbrot på hotellet. Der er arbeidet med å fiksa opp i rute. – Me ser optimistisk på sesongen. No skal gangane frå den store vasslekkasjen fiksast, og dessutan nokre gjerde ute før me opnar. Me prøvar å opna i april. Kanskje til påske. – Har du fått nokon til å driva hotellet? – Det vert truleg ein av mine beste vener. Eg har stort fokus på Tørvis framover, det kan eg lova. 2021-sesongen er litt usikker enda på grunn av korona. – Eg veit ikkje kor mange turistar det blir, men me har fått ein god del bestillingar til sommaren. Og me vil marknadsføra hotellet meir framover.

Tørvis-eigar kjøper seg tungt inn i Hodlekve  Av Arve Uglum Publisert: 19.01.21 Eigaren av Tørvis Hotell, Erlend Follegg, har kjøpt 85 prosent av aksjane i Sognefjorden Utvikling, selskapet som står bak hytteutbygginga i Hodlekve.

Redaktøren skulda fersk Hodlekve-investor for «mafiametodar», blir sjølv skulda for heksejakt  Av Halvor Farsund Storvik Publisert: 25.03.21 I fleire år hadde lokalavisa i Telemark omtala konfliktane i kjølvatnet av Erlend Follegg sine satsingar. Så hamna dei sjølve i klinsj med investoren. Gamle kontroversar forfølgjer Erlend Follegg, som i fjor kjøpte Tørvis hotell i Luster, og på nyåret sikra seg 85 prosent av aksjane i Sognefjorden Utvikling, selskapet som står bak hytteutbygginga i Hodlekve.Telemarksavisa hamna sjølve i konflikt med advokaten og eigedomsutviklaren, etter å ha følgt selskapa hans tett gjennom mange år. – Me har registrert at det fort oppstår motsetningar blant dei som held på i fjellet, det gjeld ikkje berre han. Når fleire titals og hundretals millionar er i spel, og store verdiar skiftar hender, så er det fort at ein ikkje blir samde om ting, seier redaktør Ove Mellingen. Follegg på si side meiner lokalavisa har hatt ein agenda mot han: Uansett kva han har gjort har artiklane berre vore negative. – Den personforfølginga dei har drive med går langt utover det saklege. Dei har drive ei heksejakt mot meg over mange år. Det ser alle som les sakene dei har skrive, seier Follegg.

Av Wenche Schanke Eikum Publisert: 02.06.21 Fredag kjem dei første gjestane til Tørvis hotell denne sesongen. Ungarske Julia Olah har erfaring frå hotelldrift andre stadar i landet, og er no henta til Marifjøra for å få fart på satsinga der. Med seg har ho Anders Grorud. – Me er ikkje lokale, men me har kontakta lokale folk om lokalmat og kven som leverer. Så no kjem me til å ha lam, honning, bær og frukt frå lokale leverandørar, smiler Olah. Sesongopning: Til helga opnar dei dørene til det tradisjonsrike hotellet i Marifjøra, eit steinkast frå Gaupnefjorden. Då avisa var innom var det styremøte i hagen, med folk frå dei fire hotella i porteføljen til selskapet Gondolin, som også eig og driv Tørvis. – Eg har jobba i gamet sidan 80-talet, mellom anna for Thon. Men eg har aldri vorte borti eit liknande hotell som dette. Det er nydeleg, seier styreleiar John Runar Menøy. Han seier dei har gjort mykje dei siste vekene for å klargjera hotellet for sesongen. No er det meste ordna opp i etter vasslekkasjen som var der i fjor, før ny eigar overtok. – Det manglar berre eit teppe i gangen. Det er bestilt, og kjem snart. Me har også teke att og fiksa tre rom. No har me måla og ordna, fiksa hekk og gjerde kring hagen, fortel Menøy. LANGSIKTIG: Styreleiar John Runar Menøy i Tørvis drift AS seier dei har langsiktige planar for hotellet. Han lovar at dei skal gjera meir neste år. Men no er hotellet klart til å ta imot gjestar. Og Menøy seier dei har planane klare. – Det kjem nye heimesider som viser kva me kan tilby. Me er også i gang med å promotera hotellet, og området rundt, gjennom sosiale medium. Me kjem til å tilby opplevingspakkar med turar både på fjord og i fjellet. Der er Grorud krumtappen. Det skal også ordnast til eit område ved fjorden. Styreleiaren seier dei er opptekne av å ha eit godt forhold til lokalbefolkninga. – Me vil også handla lokalt ein god del, sjølv om me i Gondolin har innkjøpssamarbeid. Fire-rettars middag: Også når det gjeld opplevingar vil dei promotera det lokale. – Me vil nytta det som er å få tak i lokalt. Dette hotellet er unikt med fjorden, fjella og breen ikkje langt unna. Attraksjonar som Urnes stavkyrkje ligg ikkje langt unna. Me har alt her, seier Julia Olah. Ho gler seg til å ta imot dei første gjestane, og seier dei vil servera firerettars middag kvar kveld. – Er det ope også for andre enn gjestar? – Me vil også servera andre så langt det er plass. Det er best om ein reserverer bord. Langsiktig: Det har skjedd mykje med Tørvis hotell dei seinare åra, og eigarane har vore mange. Menøy lovar at dei har langsiktige planar for hotellet i Marifjøra. – Det gjer me. Gondolin-gruppa består av både eigedomsutvikling, med sal av tomter og hytter, og dei fire hotella som eg arbeider med. Det gir oss fleire bein å stå på, noko som er avgjerande økonomisk. Me kjem til å ha dette hotellet i mange år framover. Menøy fortel at dei har henta kokkane frå Skinnarbu for å gje Tørvis ein god sesong. – Eg har tatt dei beste eg har hit. Maten skal både sjå bra ut, og smaka godt. LOKALMAT: Kokkeekteparet Jona Gonzales og Junjie Audao lovar god og smakfull mat laga av lokale råvarer. Kokkane er opphavleg frå Filipinane. Dei er gifte, og har reist og arbeidd saman i 15 år. – Me har jobba på Seychellene og Maldivane mellom anna, smiler Junjie Audao, og smiler breitt. Han er alt i gang med å laga lunsj til dei som har styremøte. Skikkeleg stab: Også eigar Erlend Follegg er på hotellet før opninga. Han er glad for at drifta no er oppe og går. – No har me fått på plass ein skikkeleg stab. Det som skjedde i fjor var litt prøving og feiling. No er satsinga her del av ein større plan. Så no vonar eg at turistane ynskjer å koma. Det har vore ope for booking ei god stund, og frå komande helg er dei i gang. Planen er å halda ope til 7. oktober. – Og så skal me ha både eit julebord og eit nyttårsbord, seier Olah, som er klar til å ynskje gjestar velkomne.

Skal pynta til jul før me dreg  Av Wenche Schanke Eikum Publisert: 01.10.21 – Kokkane må få ferie, elles hadde me kanskje hatt ope til etter haustferien. Det seier Anders Grorud på Tørvis hotell, etter ein sesong som har vore litt både òg. – Totalt sett er me nøgde med sesongen. Det har veksla mellom å vera veldig stille i juni, til fullt køyr i juli. Hotellet opna 4. juni. Eit veteranbiltreff der dei involverte leigde heile hotellet sørgja for ein god start. Så vart det alt anna enn roleg. Bang over natta.  – Det sa bang i juli. Telefonen ringde i eitt, og me fekk også mange middagsgjestar om kvelden som ikkje budde på hotellet. Då juli var over, var det som å slå av ein brytar. August var ok, i september har det vore roleg med mest folk i helgane, seier Grorud. Mange av gjestane kom for å vera ei natt, men bad om ei til neste dag. – Det tykkjer eg er veldig hyggjeleg. Det tyder på at me har gjort noko rett. Trykket i juli førte til at han måtte gjera driftsoppgåver på hotellet, og fekk ikkje så mykje tid til å utvikla tilbodet utanom overnatting. – Eg skulle bruka meir tid på å byggja opp tilbodet her mellom anna med guida turar. Men eg har vore på ein del turar i området, og blitt ganske godt kjent. Så eg satsar på at eg får guida meir neste år. Syklane kom ikkje i tide: Målet er å skaffa hotellet fleire måtar å tena pengar på enn berre mat og overnatting. – Mellom anna bestilte me 10 syklar. Dei vart ståande fast på skipet som grunnstøytte i Suezkanalen. Så det vart for seint for denne sesongen. Elles vil dei leiga ut kajakkar som folk kan koma seg på fjorden med. – Det er berre magisk å liggja utpå og duppa på fineversdagar. Så neste år kjem me til å ha fleire pakketilbod til gjestane. Møtte kaos: Den største utfordringa denne sesongen var likevel å få tak i nok kvalifisert arbeidskraft. – Me møtte eit kaos då me skulle leita etter personale. Det var svært vanskeleg å få tak i. Det ordna seg med kjekke, lokale folk. Men det går sjølvsagt raskare med profesjonelle. Heldigvis har me hatt gode kokkar, og dei har stått på. Dei er også grunnen til at dei ikkje har ope i haustferievekene. Dei filippinske kokkane treng ferie, før dei skal arbeida vidare på vinteropne hotell i same kjeda. – Men dei kjem tilbake neste sesong, og det er me glade for. Dei vurderer faktisk å flytta hit, for dei likar seg så godt her, seier Grorud. Vaktmeister i vinter: Grorud og dei andre tilsette på Tørvis hotell har travle dagar med vareteljing, og å vinterstengja hotellet.– Det er litt av ein jobb. Det var sikkert noko me ikkje gjorde rett i fjor, og då fekk me ei vasslekkasje her og det vart litt kaos. Denne vinteren har me ordna med at hotellet får tilsyn, så då håpar me at det ikkje skal skje igjen. Men det er alltid noko med gamle bygg. Før Grorud og gjengen forlèt hotellet skal dei gjera noko som er uvanleg for oktober. – Me har tenkt å pynta hotellet til jul. Det skal lyslenkjer opp ute, og me skal hengja opp julestjernene i glasa. Men me skal ikkje slå dei på før i advent, altså, seier han og smiler. – Me gjer det for bygda, og for at det skal vera fint i Marifjøra under julemarknaden og i førjulstida. Tørvis hotell opnar att ved påsketider neste år.

Tørvis Hotell til sals for 39 millionar kroner Av Arve Uglum Publisert: 07.07.22 Då hotellet vart lagt ut på Finn.no i helga var prisen er tredobla sidan hotellet låg ute for sal i 2020. – Generelt har det vore ei verdiauke for hotell som ligg utanfor byane dei siste åra. Autentiske hotell nær naturen er meir verdt no, men hotellet må ha ein viss kvalitet for at du skal få ein god pris. At Tørvis har hatt ein verdiauke dei siste åra høyrest rimeleg ut, men ein auke frå 13 til 39 millionar er mykje, seier dagleg leiar Nils Henrik Geitle i De Historiske Hoteller, som driv med marknadsføring, sal og kvalitetskontroll for 90 hotell landet rundt. Lokalt har dei mellom anna Walaker i Solvorn, Fretheim i Flåm, Fjærland Fjordhotel, Kviknes Hotell, Knutholmen og Åmot Gard tilknytt De Historiske Hoteller. 13 mill. i 2020 då Tørvis låg ute for sal var prisen ifølgje eigedoms-nettstaden Estate Media på 13 millionar kroner. Den gongen i ein marknad som ifølgje Estate Media fløymde over av hotell til sals. Då hotellet igjen vart lagt ut for sal søndag 3. juli 2022, var prisen tredobla til 39 millionar kroner. – Min umiddelbare tanke er at det verkar som ein veldig høg pris slik marknaden er no. Hotellmarknaden er ikkje skjerma, og når det er uro på eigedom generelt på grunn av renteauke og krig i Europa, så forplantar det seg, seier Geitle. Erlend Follegg kunngjorde at han hadde kjøpt hotellet frå hotellinvestoren Ola Moe sommaren 2020. Moe eig mellom anna Mundal Hotel i Fjærland. Kjøpet av Tørvis syner ikkje att i grunnboka til eigedomen per 4. juli 2022. Derimot vart Grundfond, eit selskap som i sin heilskap er eigd av Ola Moe, ført opp som rettigheitshavar på eigedomen frå 11. august 2021. 25. mars 2022 vart det tinglyst eit pantedokument på eigedomen, der Erlend Follegg har pant på 14.500.000 kroner. Det betyr at dei 14,5 millionane må gjerast opp før eigedomen blir seld, eller at eigedomen blir seld med dette heftet. Ein eventuell ny eigar vil då skulda Follegg denne summen. Salsannonsen inneheld 32 bilete og to setningar. Under «beskrivelse» står det «vidunderlig og luksuriøst hotell beliggende i spektakulære omgivelser», og under «standard» står det: «Moderne hotell, totalt oppgradert teknisk». Kven som har lagt hotellet ut for sal kjem ikkje fram i annonsen. Tørvis har ikkje rekneskap liggjande ute. På Proff.no ligg eit tvangsavviklingsbu for Tørvis Hotell og Drift AS som vart stifta i februar 2020, og annan rekneskapsinformasjon er ikkje tilgjengeleg der. Det gjer at eigar og direktør i De Bergenske Hotell, Kjetil Smørås, tykkjer prisen er vanskeleg å vurdera. – Bygget er flott og plasseringa er bra, men for å setja ein pris på ein næringseigedom må ein sjå på bygningsmassen og kva inntekter den kan skapa. Der var det ikkje mange opplysningar. På Proff står det berre at det er eit konkursbu, seier Smørås. De Bergenske Hotell eig mellom anna hotella Terminus, Augustin og Hordaheimen Bergen. Dreiing i marknaden Geitle seier hotellmarknaden har vorte prega av uro etter at krigen i Ukraina braut ut, og meiner det kan vera i ferd med å svinga frå seljars til kjøpars marknad.– Det har vore seljars marknad dei siste åra, for det har vore etterspurnad etter gode hotelleigedomar, men det har dreia litt dei siste fire til seks månadene, seier han.
Fleire rettssaker: Tørvis Hotell har sett fleire eigarskifte dei siste åra. Mellom anna vart det kjøpt av Hallstein Sjølie i 2018. I oktober i fjor vart han dømd til fem år og seks månaders fengsel for grovt bedrageri, underskot og rekneskapsbrot. Også Ola Moe, som ifølgje grunnboka framleis eig hotellet, har gått rundar i retten om tilhøve ved Tørvis. Etter det Sogn Avis kjenner til er det Gondolin Hotels and Resorts som har hatt driftsansvaret for Tørvis Hotel sidan sommaren 2020. Hotellet har vore i full drift dei to siste sesongane. Dette selskapet er eigd av Gondolin AS, der Follegg er styreleiar. Verken Erlend Follegg, John Runar Menøy, som er styreleiar og dagleg leiar i Gondolin Hotels and Resorts, eller Ola Moe vil kommentera salet til Sogn Avis.

Kjøpte hotellet på kreditt, no slit han med å betala straumrekninga Av Halvor Farsund Storvik Publisert: 02.11.22 Kreditorane står i kø for å få att det selskapa til Erlend Follegg skuldar dei. Blant desse finn me bankar, leverandørar, til dels kjende investorar og heilt vanlege folk som har lånt han pengar. Luster Energiverk er blant dei som ser ut til å ha mista tolmodet. Det lokale straumselskapet har i 2022 sendt tre inkassokrav på til saman over 190 000 kroner til selskapet som driv Tørvis hotell i Marifjøra. I tillegg har skatteetaten teke tvungen pant i selskapet. Tørvis hotell er eigd av Erlend Follegg gjennom Tørvis Drift. Ifølgje ei oversikt Sogn Avis har laga, er det langt frå det einaste inkassokravet dei mange selskapa han eig har hengjande over seg. LANG LISTE: Selskapa til Erlend Follegg slit med å betala rekningane sine. I Oslo tingrett,  var vitne under Hodlekve-rettssaka i mai. – Me har nettopp vore gjennom ein koronapandemi, så fekk me ei straumkrise på toppen, seier Follegg, som reagerer på at Sogn Avis «slår ned på» ein lokal aktør som Tørvis i den kanskje mørkaste tida for næringa siden krigen. Skuldar millionar: Ifølgje opplysningar me har henta frå nettstaden Proff Forvalt, er det til saman 281 inkassokrav og andre betalingsmerknader registrerte på selskap Follegg eig åleine eller minst 50 prosent av. Berre inkassokrava er på over sju millionar kroner, medan det er teke tvungen pant i selskapa for 4,7 millionar kroner. Nokre av inkassokrava er på fleire hundre tusen, medan andre gjeld småsummar. Det minste er på 69 kroner og vart sendt i 2020. I den utvidbare faktaboksen under har me lagt inn det som er registrert av krav til no i år. Opplysningane vart innhenta torsdag og fredag, og blir ifølgje Proff Forvalt oppdaterte fortløpande. Krav som er innfridde blir fjerna innan få dagar. Ifølgje Follegg føreset dette at kreditorane sender slettemelding, noko han meiner det blir synda mot. – Brorparten av desse stammar frå Wadahl Høgfjellshotell, der ein har vore gjennom ein rekonstruksjon slik at alle usikra og offentlegrettslege krav er gjorde opp for, seier Follegg. Fleire av pantekrava stammar frå privatpersonar. Ein av dei seier til Sogn Avis at han har lånt vekk pengar til Follegg, men ikkje fått att heile summen til avtala tid. Follegg seier dette opprinneleg var obligasjonslån innhenta av ein tidlegare styreleiar. Ifølgje Follegg vart mesteparten betalt i 2021. Resten på rundt 2 millionar seier han vil bli innfridd innan utgangen av året. Truga med konkurs: Samstundes som betalingsmerknadane tårnar seg opp, slit mange av Follegg-selskapa med høg gjeld, og raude driftstal. Berre i 2022 har seks ulike Follegg-selskap fått rettslege krav mot seg om å bli slått konkurs. Skatteetaten, ein privatperson, Grundfond AS og Ljm AS var blant saksøkjarane. Sistnemnde er eigd av Leif Jørgen Moger, ein dei 400 rikaste i Norge ifølgje finansbladet Kapital, og ein av to gründarar som starta AF Gruppen. – Eg har ikkje begjært Gondolin AS konkurs, og dessutan gir eg ikkje kommentar til Sogn Avis. Ha det, seier Ola Moe, eigar av Grundfond, før han legg på. Me rekk ikkje spørja kvifor Grundfond då står som saksøkjar av både Gondolin AS og Eidsbugarden Drift i registera til Proff Forvalt:  – Samtlege nemnde saker er gjorde opp, seier han. Moe selde Tørvis til Follegg for 14,5 millionar kroner i 2020. Heile hotellet vart kjøpt på seljarkreditt, og frist for tilbakebetaling er innan utgangen av mai 2025. Det går fram av 2020-årsrekneskapen til Brekkestø Invest AS, som òg er eigd av Follegg. Brekkestø Invest er det øvste selskapet i ein konsernstruktur der Tørvis Drift er å finna som eitt av dotterselskapa, fem ledd unna morselskapet.

Planen er å overta hotellet: – Ting tar tid  Av Keth Øren Publisert: 19.09.23 Prosessen med eigarskifte nærmar seg målstreken. Sist fredag melde Radio Luster at Bjarte Lie kjøper Tørvis hotell, og at det er 99 prosent klart. Sogn Avis skreiv i sommar at hotellet i praksis er seld, og at eigarskiftet skal gjennomførast i september. No seier Bjarte Lie at han har planar om å kjøpa hotellet, men at dei ikkje har heimelen til eigedomen enno. – Me har lagd ein avtale, og er nesten i mål, men det tek tid, seier Lie til Sogn Avis. Han vil ikkje seia så mykje meir før alt er landa, men stadfestar at han og kollegaen Thomas Jahnsen skal eiga halvparten kvar. Lie skal driva hotellet. – Kona driv kafeen i Marifjøra, så det blir ei kraftig utviding av geskjeften, seier Lie. Han merkar at det går mykje rykte i bygda, men oppmodar til is i magen. Mykje av endringane folk kan spora i offentlege dokument, handlar ifølgje Lie om å førebu seg til overtakinga. Då Sogn Avis omtalte eigarforholda i sommar, var det dagleg leiar John Runar Menøy, dagleg leiar i Gondolin Hotels & Resorts som uttalte seg. Han fortalde at hotellet i praksis er seld, og at eigarskiftet vil skje ein gong i midten av september.

Lysa er tende i vindauga: - No tek me over hotellet  Av Wenche Schanke Eikum Publisert: 20.10.24 - Det måtte takast grep no, elles hadde det roke for hotellet. Det seier Bjarte Lie. Straumen var kutta, og det såg mørkt ut i dobbel forstand. Tidlegare drivar er sagt opp av eigar Ola Moe. – No har me inngått avtale med Moe om å kjøpa hotellet. Men det må skje ein del før me får til drift. Når Lie seier «me», meiner han seg sjølv og forretningspartnaren Thomas Jahnsen i Oslo. Ein jobb å gjera: Frå før driv Lie kafeen på Pyramiden i Gaupne, og sommarkafeen i Marifjøra. Framover ventar altså hotelldrift. – Me har ingen grandiose planar. Men me vil få hotellet opp og gå igjen. Få lys i glasa og varme i hotellet før vinteren. Så må me starta med restaureringa, for forfallet har vore stort. Bjarte Lie (t.v.) og Thomas Jahnsen har inngått avtale med Ola Moe om kjøp av Tørvis hotell. Det kan ta tid å få alt på plass slik at dei kan opna dørene. – Det er eit stykke dit, det er veldig mykje å ta tak i. Det blir ein kostnad og ein jobb å gjera framover. Sogn Avis har tidlegare skrive om at både vatnet og straumen til hotellet vart kutta, truleg på grunn av ubetalte rekningar. No er begge deler kopla på att. – Me vil få full fart på hotellet, få liv og røre i Marifjøra om sommaren att. Me vil laga ein plass der både me og gjestane kan trivast. Gjestar til våren: Lie og kona har i fleire sesongar drive kafe i Sogn. Først i Solvorn, og seinare i Marifjøra. Dei har følgt Tørvis hotell frå sidelina. – Me ser at me trivast med dette i sesongen, og har irritert oss over det som har skjedd på Tørvis. Av og til har me tenkt at dette kunne me prøvd oss på å gjera betre. – No får de ein sjanse. Når kan gjestane koma? – Me håpar å kunna ta imot gjestar att til våren. Og så vil me prøva å ha ope ei og anna helg for søndagsbuffé eller ein pubkveld for å få litt liv på hotellet. Men eg veit ikkje kva tid me kan vera klare til det. Har alt i orden: Lie vil helst ikkje gje detaljar om kor mykje pengar dei måtte ut med enno, men seier dei har inngått kontrakt med Ola Moe om kjøp av hotellet. Mykje har vore skrive i Sogn Avis om Tørvis hotell, om politietterforsking etter vasslekkasje, konfliktar kring eigarskap og betaling, om rettssaker og strid. Om tidlegare eigarar og drivarar, sist om Ola Moe og Erlend Follegg. Lie vil ikkje meina så mykje om dette. – Dette vedrører eigentleg ikkje oss. Det får gå sin gang. Me har vårt på det turre. Han håpar lustringane vil møta dei med velvilje og optimisme.

Tørvis hotell er fullbooka meir enn eit år fram i tid: – Det er klart ting kan bli betre Av Pål S. Bringe Publisert: 13.07.25  Tørvis hotell i Marifjøra har vore ope for turistar sidan midten av april. Dei kan allereie skilta med grøne tal. – Eg er overvelda, seier eigaren. Saka i kortversjon: Bjarte Lie tok over Tørvis hotell i Marifjøra etter to år med stengt drift, og har på kort tid fått svært gode tilbakemeldingar frå nye gjester. Hotellet opna for turistar til påske 2024, og har hatt stor pågang, med nesten fullbooka rom i juli og august både i år og neste år. Gamle, negative omtalar frå førre eigar heng framleis att på Google og Tripadvisor, men Lie meiner folk forstår at det er nye eigarar. Lie og partnaren hans har allereie fått hotellet i pluss økonomisk, trass i utfordringar med personalmangel og vedlikehaldsbehov på bygget. Dette samandraget er skrive av kunstig intelligens og kontrollert av ein journalist i Sogn Avis – Me prøvar berre å gjera alt riktig. Det er klart me kan forbetra oss, men me gjer det me kan for å få eit lite ærverdig hotell til å skina, seier Bjarte Lie frå Tørvis hotell. Etter to år med stengt hotell og uvisse om framtida tok Lie over. No står han med nesten utelukkande gode tilbakemeldingar frå gjestene sine gjennom bestillingstenestene. – Det kjennest ufatteleg bra når me får slike tilbakemeldingar, det er akkurat det me treng no. Det ser ut til at me klarar det me prøvar på. Ikkje alt like grønt: Dei har skrapa, vaska og måla kledningen på hotellet for at det skal sjå pent ut i sommar. Det er spesielt meldingane på tenesta Booking.com som er positiv lesing for dei nye eigarane. Likevel heng det mørke skuggar att frå tidlegare. På tenestene til Google og Tripadvisor er det enno tilbakemeldingar frå tida under den gamle eigaren, og dei er ikkje alltid like snille. – Me har gjort så godt me kan å kommunisera at me er nye eigarar. Eg trur ikkje det er eit stort problem, då folk forstår at nyare meldingar er meir relevante enn meldingar som er fem år gamle.  Stengt i to år: Hotellet i Marifjøra var stengt frå hausten 2022 til hausten 2024. Lie og partnaren Thomas Jahnsen tok over i oktober i fjor. Dei opna offisielt for turistar til påske i år. – Etter at me opna har det gått over all forventning. Me kom veldig seint i gang på Booking.com og tenkte at det kunne bli eit problem. Men det tok berre fem timar frå sida var oppe, til me hadde den første bestillinga. På eit hotell som Tørvis, er det på sin plass at gjestane spelar krokket på plenen. Med nesten 30 tilgjengelege rom er det så å seia fullt i juli og august både i år og neste år. Lie presiserer at det er nokre ledige plassar innimellom. – Det er turoperatørar som har tinga store delar av hotellet til neste år. Me har valt å vera så frampå og sagt at dei må betala depositum for plassane før nyttår. Om ikkje dei gjer det, så leiger me ut romma til enkeltpersonar frå januar av. Dette er for å unngå at turoperatørane trekkjer seg i siste liten. Det skjedde for berre nokre veker sidan, då eit stort turfølgje frå Israel skulle komma. – Dei kom seg ikkje ut av landet, og då sto me der med eit halvt hotell ledig. Me fekk heldigvis leigt ut mange av romma til enkeltpersonar som kom, så det ordna seg. – Me visste det var mykje å ta tak i Hotellet skal også husa bryllaup og julebord. For å ikkje gapa over for mykje på ein gong, skal dei berre ta imot to bryllaup i år. Til neste år skal dei husa tolv bryllaup, som Lie veit om til no. Julebordsesongen er allereie starta å bli full. – Me har også sagt ja til nokon bussgrupper som skal komma i løpet av sommaren. Bussgrupper er noko ein anten må satsa på, eller ikkje i det heile tatt. Det blir nok ikkje det heilt store for oss, men me vil sjå om me får det til. Då Lie og Jahnsen tok over hotellet i fjor haust, var det mykje som måtte ordnast. Rekkverket på utsida av hotellet raste blant anna ned og fasaden trengde ein del kjærleik. Kafé Marifjøra ligg rett over vegen frå Tørvis hotell. – Eg er oppvaksen rett bort i gata, og kona mi driv kafeen rett over vegen. Eg har følgt hotellet nesten heile livet, så me visste det var mykje å ta tak i. Men eg kjenner jo bygget godt også, så det var ikkje meir enn me skulle klara. Trass i at Lie er på veg med å få Tørvis hotell til å skinna igjen, er det framleis ein del som står att. – Rekkverket er pill ròte. Me har måla over det og skrudd det i hop så det skal fungera over sommaren. I haust skal me starta med restaurering att. Per no så har me 28 rom med dobbeltseng, men me skal opp i rundt 40 rom. Allereie i pluss økonomisk; Lie fortel at dei ser flest utanlandske turistar, og om lag ein tredel nordmenn. Medan dei utanlandske turistane er flinke til å skaffa rom lenge i førevegen, kan han ikkje seia det same om nordmenn. I eit hotell frå 1639 ligg det mykje historie i veggane. Kunst og gamle møblar høyrer med. Foto: Pål S. Bringe – Dei norske besøkjande stoppar gjerne bilen oppe i krysset og kjøper rom hjå oss på nett. Når dei først er så seint ute, bør dei heller koma inn i skranken og få ein snillare pris. Då slepp dei å betala nokre prosent til bookingsida i tillegg. Med ein fulltinga sommar i år kan Lie fortelja at det allereie går i pluss økonomisk. Med unntak av noko personalmangel, har han lite å klaga på. – Det har jo alle andre hotell òg. Eg kunne kanskje sove litt lengre, no jobbar eg 18 timar om dagen. Elles har eg ikkje noko å klaga på. 

13.10.2026 Facebookinnlegg: Velkommen til Tørvis Hotell, som ligg ved Sognefjorden i den historiske handelsstaden Marifjøra i Luster kommune. Tørvis Hotell har røter tilbake til 1639, og har no nye eigarar som har teke imot gjester igjen sidan mars 2025.»For en sesong! Det er allerede to uker siden vi begynte å se tilbake på alt som har skjedd. Vi vil gjerne benytte anledningen til å takke dere alle helt offisielt for en vellykket sesong 2026, som nå går mot slutten. Det er ikke lett å sette ord på hvor takknemlige vi er. Akkurat som i vår første sesong i fjor har vi fått lære mye. Det har gått både opp og ned, og ikke alt har alltid vært perfekt, men vi har likevel gjort det beste ut av det.Ved siden av sommerkonserten med VAMP, besøket av den norske dronningen, et drømmebryllup som folk fortsatt snakket om flere uker senere, og utallige inspirerende og berikende samtaler med hotellgjestene våre fra fjern og nær, har vi fått mange flere minner å se tilbake på. I ukene som kommer, skal vi ta oss tid – og ja, det kommer vi til å trenge – til å se tilbake på og bearbeide alt som har skjedd de siste månedene. Og kanskje finner vi i løpet av denne tiden en måte å sette enda flere ord på kjærligheten, takknemligheten og alt vi setter så stor pris på. Tusen takk for all støtten deres! 

Kort oppsummering av forløpet

  1. 2005 (John Nyborg): Kjøpte hotellet frå Per Bugge-Næss, men prosjektet havarerte på grunn av ein internasjonal forsikringssvindel.

  2. 2006 (Ingram-brørne): Tok over på billigsal, men klarte ikkje å finansiere ombygginga, noko som førte til oppstans i arbeidet og varsel om tvangssal frå lokale kreditorar (bl.a. Kjos Bygg).

  3. 2008–2009 (Rolf Wikborg): Kjøpte hotellet ut av uføret, gjenopna i juni 2009 og bygde opp hotellkjeda Mountainfjord AS.

  4. 2011–2012 (Økonomiske utfordringar): Opplevde raude tal, hyppige direktørskifte, manglande lønsutbetalingar og likviditetsproblem (bl.a. forklart med ein skimming-episode i Gaupne), som til slutt kulminerte i ei konkursbegjæring frå eks-direktør Kversøy hausten 2012.


Kort oppsummering av forløpet etter 2012
  1. Gjeldsordning og sal (2015): Etter fleire vanskelege år med raude tal under Rolf Wikborg, selde han hotellet i 2015 til Ola Moe. For at hotellet ikkje skulle gå over ende, stilte lokalsamfunnet opp: Luster kommune og Luster Sparebank ettergav til saman 5 millionar kroner i uteståande gjeld.

  2. Pure Hotels-satsinga (2015–2018): Under Ola Moe vart Tørvis marknadsført under merkevaren Pure Hotels, ein grøn hotellkjede med fokus på lokal mat og opplevingar i Sogn.

  3. Erlend Follegg og storsatsing (2020–2024): Sommaren 2020 vart hotellet selt til investor og advokat Erlend Follegg (Gondolin AS) for rundt 14,5 millionar kroner. Det vart lagt ned mykje arbeid og investeringar i å førebygge fuktskadar, restaurere bygningane og fornye romma. Hotellet opna dørene att for fullt i juni 2021.

  4. I dag (2025–2026): Bjarte Lie (t.v.) og Thomas Jahnsen har inngått avtale med Ola Moe om kjøp av Tørvis hotell.Tørvis Hotell drivast vidare med fokus på historisk atmosfære i Marifjøra, med dei eldste delane av hotellet daterte heilt tilbake til midten av 1700-talet (og overnattingshistorie frå 1639)

Ymse avvisartiklar

Har passert femti somrar i «Matifjøra» Av Jan Inge Fardal Publisert: 03.07.02  Dei fann sitt ferieparadis i 1951, ekteparet Anton (86) og Lilli Antvedt (84) frå Eidsvågneset utanfor Bergen. Denne veka sa dei takk for seg for 52. gong på Tørvis hotell i Marifjøra. – Og det blir ikkje siste, heller, om me får behalda helsa, smiler det blide ekteparet. For til Tørvis hotell og til Marifjøra vil dei reisa på sommarferie, så lenge dei berre klarar. – Eit lite paradis, for oss, denne bygda. Men me kallar ho ikkje Marifjøra. Frå oss er det berre «Matifjøra» som gjeld. Det har det vore frå første sommaren, ler Lilli. For kosten på Tørvis hotell har ho enno ikkje funne maken til. Nokon stad. – Det har berre vore heilt utruleg, og er det enno, stadfestar Anton. Og ikkje før har han sagt det så dukkar hotellvert Per Bugge Næss opp med ei blautkake av ei anna verd. – Det er slik det er her. Er det rart me har døypt om bygda? spør ekteparet frå sin faste plass i salongen. Dei sit heilt nede ved vindauga med utsikt mot den grøne fjorden og til Råum – høgt opp i fjellet på andre sida. Heilt tilfeldig Langt ut i samtalen kjem det fram at Anton har litt sognablod i årane. Bestefaren var frå Vadheim. Men det hadde fint lite med valet av Marifjøra som ferieparadis å gjera. – Du, det var eigentleg heilt tilfeldig at det vart Marifjøra og Sogn. Eg var innom eit reisebyrå midt i byen ein vårdag – eg trur det må ha vore i 1950. Der var det eit stort kart over Sognefjorden. «Reis til Sogn og opplev fjorden», stod det. Og Marifjøra var nemnt spesielt. Det såg veldig spennande ut, minnest Anton, no snart 87 år gamal.Ei dagsreis, nesten... Så spennande såg denne plakaten i det bergenske reisebyrået ut at det unge ekteparet sette kursen nordover og vestover, inn fjorden. Nesten heilt inn. – Eg hugsar at me drog innover med båt. Til Hermansverk, trur eg det var. Der tok me bussen inn til Sogndal. Litt seinare kom in ny buss og tok oss med heilt inn hit, til Marifjøra. Det var ei heil dagsreis, nesten, og det var veldig eksotisk, minnest Lilli. Idyllen i den vesle bygda heilt nede ved fjorden tok nesten pusten frå det unge ekteparet. – Eg hugsar spesielt fjorden. Han var heilt grøn. Og blank. Eg hadde aldri sett maken. Det var heilt spesielt. Og så roen då, freden. Og naturen. Sjå på dei fjella, seier ekteparet. Dei meiner at det ikkje er så rart om dei trivst i slike omgivnader.Kjenner Sogn ut og inn – Der oppe har me vore fleire gonger. Første gongen rodde me over fjorden og gjekk opp stien. Det var stupbratt og det veldig slitsomt. Neste gong me var der oppe, var med bil, ler Anton når SA sin utsende ser over fjorden og lurer på om dei nokon gong har vore på Råum. Etter over 50 vitjingar i regionen kjenner ekteparet Sogn ut og inn. Dei har vore i Jostedalen fleire gonger. – Ja, eigentleg har me vel vore framover i dei fleste dalføra i heile distriktet, ler det blide ekteparet. Nokre overnattingsavstikkarar til Sogndal og Skjolden har det og vorte opp gjennom åra. Dei første somrane var og dei to døtrene med på ferieturen til Sogn. Men etter at døtrene vart konfirmerte fekk dei andre ferieinteresser. No er døtrene sjølve bestemødre..Butikken og dialekta – Det er synd at butikken er borte. Det var meir liv her før. Ingen tvil om det. No er det meir stilleståande, ja, seier Lilli når Sogn Avis spør kva som har endra seg mest i ferieparadiset i løpet av alle desse åra. – Men det som kanskje har endra seg mest er sognedialekta. Som er vorte mykje rundare i kanten enn før i tida. Svært få snakkar så breitt som dei gjorde før i tida, meiner Lilli. – Du, dei første åra var det nesten komplett uråd å forstå kva sogningane snakka saman om. Me måtte nesten ha tolk, ler Anton. Også han tykkjer det er blitt enklare å forstå lokalbefolkninga. – Men noko som ikkje har endra seg i det heile er Tørvis hotell. Og det er jo grunnen til at me er her for 52. gong, seier ekteparet. – Maken til service, til atmosfære, service og mat, har me ikkje funne nokon anna stad.Heiar på Sogndal – Så synd med Sogndal, då du, seier Lilli når Sogn Avis er i ferd med å takka for intervjuet og ekteparet avslører at dei og følgjer litt med i fotballen. – Så veldig interessert er me nok ikkje, men me får alltid med oss korleis det har gått med Sogndal. Det er ingen lag i Bergen me har noko tettare forhold til. Brann er det ikkje aktuelt å heia på, ler Anton som håpar at SIL klarar seg i går og. Har så ekteparet ingen dårlege minne eller opplevingar etter over 50 år som turistar i Sogn . – Jo, seier Anton. Då me kom med bussen sist veke, sette Ottadalen-sjåføren oss av oppe i riksvegen. Han nekta å køyra nedom Marifjøra. Me måtte gå ned til hotellet med all bagasjen vår. Det er første gongen me har opplevd etter at me slutta å køyra bil sjølve, sukkar Anton. Han håpar at bussjåførane frå Ottadalen skjerpar serviceinnstillinga til neste sommar. For då kjem det trufaste ekteparet attende til Tørvis.

Minnestund utan serveringsløyve Av Jan Inge Fardal Publisert: 31.10.03  Marifjøra: Tørvis Hotell har drive utan gyldig serveringsløyve frå Næringsmiddeltilsynet i tre år. Seinast torsdag denne veka hadde Tørvis eit større arrangement, på trass av at hotellet for lengst er pålagt å stengja dørene. Etter det Sogn Avis får opplyst var mellom 50 og 60 gjester til stades på Tørvis Hotell torsdag. Dei var uvitande om at minnestunda dei deltok i vart avvikla på eit hotell som ikkje har formelt serveringsløyve og dermed skulle vore stengt. I følgje inspektør Karl Helge Albretsen i Næringsmiddeltilsynet er det meir enn tre år sidan Tørvis Hotell mista godkjenninga til å driva servering. Det gamle hotellet har rett og slett ikkje lov til å servera mat til sine gjester. Albretsen seier til Sogn Avis at han onsdag ettermiddag tok kontakt med vertskapet på Tørvis og gjorde merksam på at løyva ikkje er i orden. Han fekk då kjennskap til at hotellet hadde motteke bestilling på ei minnestund torsdag ettermiddag. – Me tok omsyn til dei spesielle omstenda rundt eit arrangement som ei minnestund og fann ut at dette fekk gå som planlagt på trass av manglande serveringsløyve, seier Albretsen. Det er altso tre år sidan Tørvis Hotell si godkjenning til å driva servering gjekk ut. – Allereie den gong fekk hotellvertskapet melding om at hotellet måtte stengja dørene inntil dei hadde skaffa seg gyldig løyve, seier inspektør Albretsen og peikar på at det handlar om manglande internkontroll m.m. – Korleis kan eit hotell framleis vera i drift, tre år etter at Næringsmiddeltilsynet tok frå hotellet serveringsløyvet? – Dette er ein litt spesiell situasjon. Det har vore liten aktivitet på hotellet, og faktum er at me inntil denne veka tok det for gitt at det var stengt. Då me mottok informasjon om at det framleis er drift, tok me straks kontakt med hotelleigaren og understreka igjen at dei formelle papira ikkje er i orden og at dei må og skal stengja dørene. – Dette hotellet har med andre ord drive i snart tre år utan å ha serveringsløyve? – Det er korrekt, viser det seg. – Kva skjer no? – Me har som sagt vore i kontakt med vertskapet og sagt i frå om at det er deira ansvar å syta for at dei nødvendige løyva og papira kjem i orden slik at dei kan driva att. Inntil dette skjer, og inntil me har godkjent hotellet, skal det vera stengt. Og dersom hotellet ikkje etterkjem pålegget om å stengja dørene no, vil me vurdera å melda dette til politiet, seier Albretsen. Han legg til at dersom dette hadde vore ein serveringsstad med dagleg aktivitet så ville det aldri ha gått så lang tid som dette.  – Kva var gale med hotellet. Har dette berre med hygieniske forhold å gjera? – Når Næringsmiddeltilsynet er inne i biletet seier det seg vel sjølv at det har med hygieniske forhold å gjera, seier Albretsen. Han legg til at Næringsmiddeltilsynet er klar til å føreta ein ny inspeksjon av hotellet så snart hotelleigaren melder frå om at manglane som vart avdekka under føre inspeksjon er retta opp. – Men inntil det skjer må dørene vera stengde, sluttar næringsmiddelinspektøren. 

v Keth Øren Publisert: 07.08.08  Her skal det tyske paret gifta seg på laurdag. Men til det treng dei ein båt som kan frakta dei over fjorden. Eit tysk par som for tida bur over kaféhuset i Marifjøra skal gifta seg i Nes kyrkje i Luster laurdag. Jonn Brekke på Tørvis hotell fortel at paret har leita etter båt ei stund, og då Brekke spurde kvifor dei skulle ha båt kom det fram at dei ville bruka den over fjorden til Nes. – Det er ein draum dei har hatt veldig lenge, seier Brekke til PVest. Brekke vil no hjelpa paret så godt han kan. – Eg fekk ein assosiasjon til brureferda i Hardanger med ein gong, seier Brekke. Brekke og Tørvis hotell vil spandera spekemat på paret, og dersom nokon har ein båt å leiga ut, så vil dei betala for den og. Det må gjerne vera ein trebåt, men dei seier ja til motorbåt og liten seglbåt også. – No er dei veldig desperate etter å få seg ein båt, seier Brekke. Båten må kunne frakta fire personar, pluss ein eventuell båtførar. Brekke kan fortelja at paret bestemte seg i vår for å gifta seg her, rett og slett fordi dei tykte det er så vakkert. Dei skal ha forsøkt Urnes stavkyrkje, men det gjekk ikkje på grunn av oppussinga. No blir det Nes kyrkje, og vonleg ei båtferd frå Marifjøra til Nes. Har nokon ein båt å leiga ut kan dei kontakta PVest på 57 62 58 00, eller senda SMS til 1986.

Av Maria Gilje Torheim Publisert: 29.04.09  Nettportal skal gjera det lettare for matprodusentar og reiselivsverksemder i regionen. Å kunna servera turistane lokalt og økologisk kjøt med lokalt tyttebærsyltetøy frå Sogn, bær og flatbrø frå regionen samt lokalprodusert eplemost og øl. Det er eit klart mål for matprodusentane og reiselivsverksemdene i sogneregionen. Og med nettportalen til matnorge.no som no skal innførast i Sogn og Fjordane, er det kanskje ikkje så lenge til dette er mogleg. Vil opna dører Nettportalen var eit hovudtema i ein av presentasjonane dei 80 påmelde under matmessa «Smaken av Sogn» på Vesterland måndag fekk med seg. Prosjektleiar i nettportalen, matnorge.no, Harald Valle, fortalde om ein portal som skal gjera det enklare for butikkar og serveringssteder å få oversikt over kva lokale matprodukt som finst. Informasjon om produkta og produsentane vert også tilgjengeleg på portalen. – Dette blir eitt av mange nøkkelpunkt som gjer det lett for innkjøparane å vidareformidla kunnskapen om dei ulike produkta til turistar og andre interesserte, seier Arne Glenn Flåten, dagleg leiar ved Vesterland Hotell og Feriesenter. Kvalitetsikring Dagens andre presentasjon på matmessa vart halden av Ivar Petter Grøtte, forskingsleiar i Vestlandsforskning. Han orienterte om det som til no har vore eit «hemmelegstempla prosjekt», nemleg kvalitetssikring i reiselivet. Lokalmaten og servicen påHotel Mundal, Kviknes Hotell, Sogndal Hotell, Lindstrøm Hotell, Hopperstad Hotell og Tørvis Hotell, har vorte testa ut i eit pilotprosjekt.

Av Ragnhild Myklemyr Publisert: 08.07.09  Etter 35 år i kolonialen, forsvann den lokale kjøpmannen brått ut av Jostedalen. Med den vesle kolonialen sin har Edvin Flati drive butikk for lokale og besøkande i Jostedalen i 35 år. No har han sett kursen mot ny bransje, og byrja som nattevakt på Tørvis Hotell i Marifjøra. Brå forandring Sjølv er han ikkje heilt sikker på kva som fekk han til å ta denne avgjerda. – Det er eigentleg eit vanskeleg spørsmål. Dersom ein fyrst skal byta jobb kan ikkje ein mann i min alder venta stort lengre. Dessutan viste det seg jo at det var vanskeleg å driva to matbutikkar på ein så liten plass, spesielt på vinterstid, seier Edvin (57). – Det heile skjedde vel eigentleg ved at eg deltok på eit søkjekurs i regi av Sogneprodukt på Kaupanger. Det blei ikkje sendt nokon søknader med det fyrste, men då Bård Huseby frå Tørvis vitja dalen ein dag spurte eg han like godt om han ikkje hadde ein jobb til meg. Dermed var det gjort, og ei knapp månad seinare sette eg kursen mot Marifjøra. StortrivstEtter 35 år i same arbeid må det vera spennande å setja foten innom ein ny arbeidsplass. Korleis har endringa vore? – Eg likar meg kjempegodt her. Det er så bra miljø blant dei tilsette og leiinga. No då sommaren og turismen sler til for fullt, er det likevel ting han saknar med kolonialen. – Eg saknar jo å kunna jobba med kundar og det fine miljøet om sommaren. Då kom alltid ein fast gjeng breførarar attende, det var jo noko spesielt med det miljøet. Folk var innom for å slå av ein prat. Edvin er òg kjend som radiobingosjef i Radio Luster, og han lovar at den tittelen har han ikkje tenkt å gje frå seg.

Av Torbjørn Selseng Publisert: 21.07.09  Tilbyr gratis elvefiske til gjestene. Mundal Hotell meiner at ekstraservice er måten å handtera turistnedgangen på. I år har dei kjøpt opp fiskerettane i Mundalselvi og eitt av stryka i Storelvi, og no tilbyr dei gratis fiske til gjester på hotellet. Storfisk? – Me veit lite om fisket i Mundalselvi, og me oppmodar folk til å vera med å utforska. Det er nesten ingen som fiskar i elvi lenger, men me veit om folk som har fått laks på opp i ti kilo dei siste åra. Fisket har i alle fall vore ekstremt bra før. Og i Storelvi blir det fanga storfisk kvart år, fortel Erik Faie-Schjøll, som er friluftsansvarleg ved Mundal Hotell. Han forklarar at ettersom dei ikkje veit korleis fisket i elvi er, har hotellet fått rettane til elvi relativt billeg i år, men at det blir revurdert igjen til neste år. Og grunneigarane har berre vore positive, i følge Faie-Schjøll. Sjølv meiner han nettopp naturen bør vera ein av hovudgrunnane til at folk vitjar Fjærland. Attraktivt for friluftsfolk Fisket i Mundalselvi har ein sein sesong, då elvi stort sett inneheld smeltevatn frå breen. – Sesongen startar no og varer ut september. Men det beste fisket er vel i august, forklarar Faie- Schjøll. Han er òg innleigd som friluftsansvarleg også på Tørvis Hotell i Marifjøra. Til saman har dei to hotella sikra seg 30 hjorteløyve i Luster kommune og Fjærland for neste år.

Av Birthe Johanne F. Finstad Publisert: 23.09.09  I morgon er det klart for fårikålen sin eigen festdag. Torsdag 24. september er fårikålen sin eigen festdag. Nasjonalretten vår blir feira på moderne vis på nettsamfunn som Twitter og Facebook, men den tradisjonelle feiringa finst framleis. Festdag – Det er berre rett og rimeleg at ein nasjonalrett har sin eigen festdag. Det føregår ei mengd arrangement rundt omkring i landet på denne dagen, og i Sogn og Fjordane blir det servert fårikål på ei rekkje stadar i høve denne dagen, seier informasjonsleiar i Opplysningskontoret for kjøtt (OFK), Oda Christensen, i ei pressemelding. Tørvis Hotell i Marifjøra er ein av stadane som feirer fårikålen i morgon. Enkel festmat På 1970-talet kåra Nitimen sine lyttarar fårikål i landets nasjonalrett, og i 1997 utropte OFK den siste torsdagen i september til fårikålen sin offisielle festdag. Nytt i år er den digitale feiringa på Facebook og Twitter. Desse nettsamfunna gjer at trufaste fårikåltilhengjarar kan møtast uavhengig av fysisk avstand. Grasrotrørsla Fårikålens Venner står bak det digitale initiativet. Christensen håpar likevel at mange framleis samlast til fårikålfest rundt middagsbordet òg. – Fårikålen sin festdag er eit fint høve til å samla familie og venner til kvardagsfest. Det er ikkje utan grunn at retten er populær. Betre, rimelegare og enklare festmat skal du leita lenge etter, meiner ho. I utlandet Også norske delegasjonar i utlandet feirer festdagen. – I fjor haust vart festdagen feira på den norske ambassaden i Jordan. Og det vart servert fårikål i sjømannskyrkjene i Etiopia, Spania og Belgia, seier fårikålansvarleg i OFK, Margot Loe. Ifølgje pressemeldinga skal det òg serverast fårikål på fleire av oljeplattformene i Nordsjøen i morgon.

Av Renate Sæle Publisert: 12.10.09  Luster Husflidslag feirde sine første 30 år med høgtidleg jubileumsfest – og utstillinga av dåpskle- på Tørvis Hotell i helga.

Av Mariann Skau Publisert: 17.09.10  For første gong var alle kommunane i fylket påmelde på Tiltaksforum. Tiltaksforum er ei samling for alle som jobbar med næringsutvikling på kommune, region og fylkesnivå i Sogn og Fjordane. – Det er svært gledeleg at me kan samla så mange som jobbar med næringsutvikling i det offentlege i Sogn og Fjordane, sa fylkesdirektør for næring i Sogn og Fjordane fylkeskommune Jan Heggheim då han opna samlinga i Marifjøra 15. september. 65 personar 65 personar møtes 15. og 16. september på Tørvis Hotell i Luster for å få fagleg påfyll, kompetanseoverføring og møta andre med dei same faglege utfordringane, melder Fylkeskommunen. – Saman skal me bli betre til å jobba med næringsutvikling i Sogn og Fjordane. Det skjer veldig mykje bra i fylket, men me kan bli betre, seier Jan Heggheim. – Mange som jobbar i kommunane har mange arbeidsoppgåver, me ynskjer å tilby kompetanseheving og nettverk for å auka fokus og det faglege nivået innan næringsutvikling. Planar om prosjekt Heggheim lanserte planane om eit prosjekt i samarbeid med Innovasjon Norge, Fylkesmannen si landbruksavdeling og kommunane. – Kompetanse, verktøy, kommunikasjon og organisering er viktige element i dette prosjektet. Me vil hjelpa kommunane til å bli betre til å jobba med næringsutvikling, og nytta dei verkemidla som er tilgjengelege på ein god måte, seier Heggheim.

Av Trond Rogne Publisert: 09.01.11 Redaktøren i National Geographics Traveler, Keith Bellows, lot seg imponera over både mat og natur i Luster. Redaktøren i National Geographics Traveler, Keith Bellows, har den siste veka vitja Vestlandet. Han sette stor pris på den urørde og mektige naturen i Sogn, men oppmodar om å leggje betre til rette for turistar. Keith Bellows er ein svært kunnskapsrik mann som er blant dei leiande i verda når det gjeld reise og opplevingar. I tillegg til å vera ansvarleg redaktør i Traveler utgåva til National Geographics, er han visepresident i det verdskjende magasinet. – Desse isolerte, skjula landskapa, viser ein del av Noreg som ikkje er så godt kjend i utlandet. Når det gjeld turisme, er dette ei gullgruve for vinterentusiastar. I motsetnad til Alpane, så er Vestlandet eit fullgodt alternativ dersom ein ser på naturen her. Men, og det er eit stort men her, det treng ikkje å bli som dei store alpelandsbyane for å vera ei vellukka oppleving for vinterelskande turistar, understrekar redaktøren. Sjølvskoten hjort – Mange tenkjer kanskje på Vail, Aspen og Whistler Mountain når amerikanarar pratar om vinterturisme, men det er ikkje lenger dei store skibakkane som tiltrekkjer seg alle vintersportsentusiastane, seier Bellows. Noreg er kjend for å vera reinare og villare. Produktet her er meir samansett til ei pakke med både opplevingar, mat, drikke og kultur. Eg vart heilt overvelda då me åt sjølvskoten hjort på Tørvis Hotell. Desse inntrykka er svært sterke og det er klart at det fins ein stor marknad for desse opplevingane. fortel Bellows entusiastisk. Det vert mest sannsynleg ei omtale av Vestlandet i National Geographics Traveler på vårparten og dersom ein tolkar Bellows rett, vert det god reklame for Sogn.

Av Geir Bjarte Hjetland Publisert: 03.03.11  Ei ny hotellkjede skal no satsa knallhardt på aktivitet- og opplevingsturisme både ved fjorden og i fjellet. Førebels er tre lokale hotell med i den nye kjeda som har fått namnet MountainFjord. Tørvis Hotel i Marifjøra, Hotel Mundal i Fjærland og Eidsbugarden i Vest-Jotunheimen er dei hotella som førebels er med i den nye kjeda, og som no skal satsa på å trekkja til seg fleire turistar med interesse både for fjord og fjell. Nytt konsept Dei to førstnemnde hotella har ei tid vore drive og eigd av Tørvis Eiendom AS, og det er dette selskapet som no satsar på eit heilt nytt hotellkonsept med base i vår region. No vert og det ærverdige fjellhotellet på Eidsbugarden ein del av MountainFjord, og etter det Sogn Avis har grunn til å tru er og fleire overnattingsverksemder på veg inn i den nye kjeda. Opplevingar MountainFjord har førebels marknadsført seg berre via «drypp» på ulike sosiale medium. Ifølgje Facebook-sida til selskapet er MountainFjord eit nytt, unikt norsk selskap som skal tilby reiseopplevingar, fritid og personleg service i nokre av dei vakraste destinasjonane i Noreg, inkludert då Tørvis, Mundal og Eidsbugarden. – Vår heim er Sognefjorden, men me vil etter kvart tilby opplevingar over heile Noreg, heiter det i teksten dei har lagt ut på Facebook. Dagleg leiar for det nye selskapet er Gunnar Nerdrum Aagaard, med Rolf og Mette Wikborg som styremedlemer. Wikborg er kjend som mannen som for nokre år sidan gjekk inn og berga Tørvis Hotel frå ein bygningsmessig undergang. – Når eg kjem hit, føler eg ei ro eg ikkje får nokon andre stader, sa Rolf Wikborg til Dagens Næringsliv nyleg. Ny kapital Saman med kona, sytte han for at hotellet kom attende til heider og prakt, med Bård Huseby som hotelldirektør. – Bård blir med oss vidare på laget, men me er ute i marknaden og hentar inn meir kapital. Utover det kan me ikkje kommentera noko kring det økonomiske. Men det er heilt klart at dette er ei storsatsing, seier Gunnar Nerdrum Aagaard til Sogn Avis. Spennande Det er snakk om store investeringar MountainFjord har planar om å gjennomføra i tida framover. – Me kan dessverre ikkje seia så mykje enda, men dette er svært spennande å jobba med, seier Aagaard. NRK si nye storsatsing, «Oppdrag Sognefjorden», har hatt mellom anna Tørvis Hotel i Marifjøra som utgangspunkt, og Aagaard legg ikkje skjul på at nye måtar å samarbeida på og tekniske løysingar for marknadsføring til vera eit viktig trekk for MountainFjord.

Av Ole Kristian Åset Publisert: 23.03.11 MountainFjord-kjeda vurderer å byggja eit nytt hotell i Vik. - Me ser på mogelegheitene for å reisa eit nytt hotell i sjøkanten, og me har tru på Vik sin sterke posisjon som turistbygd, med eit berekraftig lokalsamfunn som gir grunnlag for eit minimum av drift også i vintersesongen, seier dagleg leiar Gunnar Nerdrum Aagaard i den nystarta MountainFjord hotellkjeda, som så langt består av dei tre hotella Tørvis, Mundal og Eidsbugarden. Kjeda var sist veke i møte i Vik, der ordførar, kommunebyråkratar og tidlegare hotelldrivar Carl André Riiber la fram informasjon om bygda og mogelegheitane for hotelldrift der etter at Hopstock hotell brann ned. Eit nytt hotell kan tidlegast stå klart til sommarsesongen 2013. Måndag denne veka vart problema med å finna overnatting i bygda igjen aktualiserte, då Vik IL måtte avlysa eit stort skiskyttarmeisterskap neste år grunna for få sengeplassar.

Av Ole Kristian Åset Publisert: 03.04.11  Lasse Kjus, Magnus Tveito og Oppdrag Sognefjorden måtte til med filmvisning i to omganger, då den populære ekstremsportserien frå Sogn inviterte til festkveld på Tørvis Hotell. - Som alpinist trur du ikkje at du har slike mogelegheiter i Noreg. Naturen her er heilt spesiell, og det var ein stor oppleving å få vera med på opptaka til Oppdrag Sognefjorden. Flash Studio har laga eit utroleg bra produkt, som får oss til å føla stoltheit over landet vart, seier Lasse Kjus. Det var fullt hus og topp stemning i Marifjøra fredag kveld, då episode seks av TV-serien vart førehandsvist, og hotellsjef Bård Huseby kunne gle seg over at det var så mykje folk at storsalen vart fylt to gonger før alle hadde fått sett filmen. Filmskaparane og Lasse Kjus fortalte òg ein del om opplevingane dei hadde under produksjonen av dei sju episodene, der mellom anna basehopping med vingedrakt, ekstrem skikøyring og jibbing er blant aktivitetane. Episoden som vart vist på Tørvis hadde Lasse Kjus i hovudrollen, og han fekk utfordringa å køyra på ski ned ein sidearm til Bergsetbreen i Jostedalen. Episoden som kjem på TV i kveld handlar meir om frikøyraren Magnus Tveito frå Ål, som køyrer ned ein snørenne på det stupbratte fjellet Bleia, som strekk seg 1700 meter opp frå Sognefjorden. – Å køyra ned frå Bleia var den råaste opplevinga eg har vore med på, seier Tveito, som også var kraftig imponert over mogelegheitane til køyre på ski frå fjell til fjord i Sogn. Kva synst du om Oppdrag Sognefjorden?

Av Morten Sortland Publisert: 16.06.11  Lasse Kjus opna på onsdag sin fyrste klesbutikk i landet i Marifjøra i Luster. -Me har valt å representere merket og kleda våre meir på Vestlandet og spesielt i Sognefjorden, då det er lite av det til no, seier Kjus som vart kjent med folket på Tørvis Hotell under oppdrag Sognefjorden som gjekk på NRK tidlegare i vår. Fyrste i landet Mette Wikborg er eigar av Tørvis Hotell og kafé i Marifjøra som er lokala Kjus skal selja kleda sine i. Ho seier dei er veldig glade for at han har valt å opna concept store, som den einaste i landet, i Marifjøra. Ho seier at dei byrja å prate om å lage ein slik butikk for kleda til Kjus i forbindinga med oppdrag Sognefjorden då dei hadde base ved Marifjøra, og det var slik snøballen starta å rulla. Kjus vil saman med Hans Petter Buraas utvide merkevara og søkjer nye kundar ute i Distrikts-Noreg. – Me søkjer alltid etter nye kundar og me ville satse på Marifjøra fordi det er ein naturleg gjennomgong med turistar og fjellfolk der, seier «Burre». Eksklusivt merke Buraas seier at merket har sidan oppstart av sin kleskolleksjon i år 2000 satsa hardt på vinter- og utstyrsklede. Men i løpet av dei seinare åra har dei satsa meir og meir på sommarklede. – Heile konseptet starta for 11 år sidan med rein vinterkolleksjon. Etter kvart har Kjus vorte eit veldig eksklusivt merke med fotfeste både i USA og Europa, og det er ikkje mange merkjer som klarer, seier Buraas. 

Av Anders Veberg Publisert: 07.06.11 Bård Huseby ved Tørvis Hotell ser stort potensial i distriktet. Luster kommune har tidlegare blitt kåra til verdas beste feriemål av National Geographic. Bård Huseby ved Tørvis Hotell meiner lokalt engasjement og entrepenørskap er mykje av årsaken til posisjonen, og no oppfordrar han til meir. Samlar lokalt næringsliv Måndag var delar av det lokale næringslivet i Indre Sogn samla på Tørvis Hotell i Marifjøra. Målet med messa var å visa fram breidden i lokalområdet, samt å senda signal om at det er mogleg å utretta noko. – Ein fokuserer ofte på at det ikkje er mogleg med meir tilflytting til kommunen grunna manglande arbeidsplassar. Det er jo ikkje noko problem i dag, når fleire og fleire kan ta med seg arbeidsplassen sin overalt. Derfor er det mykje som kan gjerast, seier Huseby. Lasse Kjus startar bedrift Allereie er det fleire interessante bedrifter i lokalområdet, meiner Huseby. Og fleire skal det bli. Blant dei som skal bidra til næringa i framtida, er Lasse Kjus. – Nøyaktig kva bedrift Lasse skal starta, får de vita 14. juni, fortel Huseby. Han held fram med å fortelja at Kjus har planar om å engasjera seg mykje i skisenteret i Luster, i tillegg til i bedrifta si. Fråflytta gardar vert kartlagde Huseby fortel òg om eit pågåande samarbeid med Luster kommune, om å kartleggja dei fråflytta gardane i kommunen. Dette er etter eit eksempel frå Telemark. – Det er veldig mange gardar rundt i kommunen som står tomme, og berre blir nedslitte. Mange familiar tenkjer at dei ikkje kan kvitta seg med garden sjølv om den ikkje lenger er i bruk, men me prøver å overbevisa dei om å leggja ut gardane til sals. Eg trur dei fleste helst ser at familiegarden er levande med ein ny familie, enn at den berre står tom, fortel Huseby.

Av Ragnhild Myklemyr Publisert: 20.07.11 Trass i dårleg vêr og spor etter finanskrisa, viser dei fleste ein jamn auke. Besøkstala byrjar no ta seg opp for hotella i Sogn. Jack Eggum ved Sognefjord Hotell kan og melda om ein liten auke frå i fjor. – Me er nøgde med besøkstala i år, sjølv om det kunne ha vore betre. Vêret har jo vore ein negativ faktor. Likevel har me hatt ein auke, noko eg trur kan grunnast god marknadsføring. Noreg har vore mykje i fokus i ulike magasin og gjennom National Geographic, seier han. – Dyrt i Noreg Han påpeikar at dei framleis merkar litt til finanskrisa. – Det gjer litt at me ikkje alltid kan ta dei prisane me ynskjer. Folk tykkjer det er dyrt å komma til Noreg, Me opplever det som eit lite problem. Etter den turbulente marknaden i 2009 vil det ta litt tid å koma attende for fullt. Det ser ut til å gå bra ut august, og så dabbar det nok litt av utover hausten. 20 prosent opp Ved Kviknes Hotel i Balestrand er det dei internasjonale turistane som står for mesteparten av dei gode tala. – Me har ein auke i juni på om lag 20 prosent. Det merkast spesielt på dei internasjonale turistane, som aukar mest. Det er mange frå USA, England, Austen og Japan. Me merkar ein liten nedgang i talet norske turistar, noko som sannsynlegvis kan vera grunna vêret, opplyser hotellet. Også Quality Hotell i Sogndal kan visa til ein auke på over 20 prosent. – Det er me vel nøgde med. Juli ser dessutan betre ut enn kva det har vore på fleire år. Me opplever ein auke blant nordmenn, og har elles mykje tyskarar innom, er deira oppsummering av sesongen så langt. Færre bryllaup I Marifjøra har Tørvis Hotell opplevd varierande besøkstal i juni, medan dei sjølve har gjort bevisste tiltak for å hindra overbooka helgar ut sommaren. – No går det kjempebra. Juni starta litt roleg, men tok seg opp med ein auke på om lag ti prosent frå i fjor. Juni har vore varierande, truleg litt på grunn av vêret. Mykje nordmenn, amerikanarar, engelskmenn, tyskarar og nederlendarar. I fjor var me fullbooka med bryllaup kvar helg, i år har me bevist prøvd å la nokre helgar stå tomme slik at ikkje alt er fult sommaren ut, uttalar Siv Kjersti Schmidt ved hotellet. Sjølv om juni har vore bra, tør dei ikkje håpa på like gode tal for juli. – Me er veldig avhengige av den norske marknaden, og i år har nok vêret slege negativt ut for oss. Me har opplevd mykje drop-in på dei dagane med mykje sol, og tilsvarande lite besøk når det er regn og surt, supplerer hotellsjef Bård Huseby.

Av Mariann Skau Publisert: 19.09.11  MountainFjord satsar stort i Vik. Travel Property Holding AS ved Rolf Wikborg kjøper, med atterhald om finansiering, 51 prosent av aksjane i verksemda Nye Hopstock AS og tek med dette plass i førarsete i arbeidet for ei attreising av Hopstock Hotell, vert det opplyst i ei pressemelding. Finansiering innan nyttår I tillegg til å byggja opp att det brannråka hotellet og restaurera motellet opnar avtalen og for ei overtaking av hotellannekset på naboeigedomen. Travel Property Holding har starta arbeidet med å finansiera attreisinga og skal innan nyttår ha planar og finansiering klar. Hotell ved fjorden Attreisinga av Hopstock Hotell er første steg i Travel Property Holding sine planar for ei storvegs satsing i Vik. Steg to og tre omhandlar eit konferanseanlegg og hotell ved fjorden. Travel Property Holding AS er eigd av Rolf Wikborg, som mellom anna er eigar av Tørvis Hotell og MountainFjord.

Av Ingvald Husabø Publisert: 19.01.12 Bård Huseby skal inn att i hotellbransjen, og tek no over styringa av eit fjordhotell. Han er også tilsett som prosjektleiar i Fjord1. «Etter noen fantastiske år som Hotell direktør på Tørvis Hotell føler jeg nå at tiden er inne til å finne på noe nytt», skriv Bård Huseby i ei melding til kollegaer, vener og famiiie. Mannen som hadde ansvaret for å byggja opp att drifta på Tørvis Hotell for Rolf Wikborg, og som sa opp i fjor haust, skal no ta over Fjærland Fjordhotel. «Jeg har alltid drømt om å drive et lite hotell så det vil jeg fortsette med. Drømme hotellet heter Fjærland Fjordhotell og ligger idyllisk til helt nede ved vannkanten i betagende Fjærland. Omkranset av fjell, bre og fjord er det ikke vanskelig å forstå at området er kåret til Verdens Beste Reisemål av National Geographic», skriv Huseby i meldinga. I tillegg til å driva fjordhotell i sommarsesongen er Huseby tilsett i Fjord1 som prosjektleiar for å etablera eit nytt matkonsept på ferjene i konsernet.

Av Ida Hundvebakke Publisert: 10.06.13 Rolf og Mette Ann Wikborg sel no sistnemnde sin barndomsheim på Bygdøy. Pris: 120 millionar kroner. Dette melde VG søndag. Til papiravisa seier investor og hotelleigar Wikborg at villaen «Blaasenborg», som er kona sin barndomsheim, vert litt for stor for deira behov framover. – Me har hatt nokre fantastiske år der ute. Men no har me lyst på eit enklare liv. Sidan mars Finansavisen skreiv allereie i mars at eigedomen skulle seljast, og anslo då at prisen ville koma opp i hundremillionsklassen. I same artikkel skreiv avisa at det er registrert tre pant på eigedomen, på i alt 75 millionar kroner. Då eigedomen kom ut for sal søndag viste prislappen 120 millionar kroner. Ifølgje Finansavisen kan dette verta ein av dei dyraste bustadene som nokon sinne er seld i Noreg. Ikkje sogning Nokre av eigedomane Wikborg har i Sogn, Hotell Mundal og Tørvis Hotell, vert også nemnde i artikkelen til VG. Her avviser Wikborg at han og kona planlegg å flytta til Sogn når huset på Bygdøy vert seld. – Me har eit veldig stort engasjement i Sogn, men me har kjøpt bustad ein annan plass i Oslo etter at me har hatt nokre fantastiske år på Bygdøy, seier han og utdjup seinare at dei bruker mykje tid på hotella i Sogn. I Mexico Då VG ringjer Wikborg er han i Mexico, der han jobbar innan shipping og offshoreverksemd. – Det er det eg alltid har drive med og skal nytte meir tid på, men det krev mykje reising og då er det vanskeleg å klippa graset på ein slik stor plass.

Av Halvor Farsund Storvik Publisert: 03.07.13  Eit russisk reisefølgje landa med fire helikopter utanfor Tørvis hotell. Russarane har brukt fire dagar på turen opp og skal vera til saman tre dagar i Noreg. Vakkert To av gjestane var Vladimir og Olya Lelikov frå Moskva. – Eg har vore eit par gonger i Noreg før, men først og fremst i jobbsamanheng, seier Vladimir Lelikov. Denne gongen var han fast bestemt på å få med seg den flotte norske naturen. – Dei norske fjordane er av dei finaste plassane på denne kloden. Spesielt når det er fint vêr er det nesten umogleg å fly forbi, seier Lelikov. Av Mariann Skau Publisert: 05.07.13 Dei russiske turistane som kom med fire helikopter til Tørvis hotell, måtte torsdag nødlanda på Hadeland. Litt før klokka 14 fekk avisa Hadeland tips om at fire helikopter hadde nødlanda i nærleiken av Hadeland pukkverk. – Me fekk oss ei lita overrasking. Det er ikkje kvar dag me får slikt besøk. Men no har me i hvert fall invitert dei inn på kaffi, seier dagleg leiar ved pukkverket, Edvard Skjervum til avisa. Alexej Shavrov, ein av dei russiske turistane, fortel til Hadeland at dei måtte landa ved pukkverket på grunn av svært dårleg sikt. Russarane som budde på Tørvis hotell i Marifjøra, brukte torsdagen til sightseeing med eigne helikopter.

Av Sogn Avis Publisert: 25.07.13  Unni Løvlid presenterer folketonar frå Sogn og Fjordane. Unni Løvlid og Håkon Thelin presenterer folketonar frå Sogn og Fjordane i kyrkjekonsertar framover. I konserten Lux framfører Løvlid og kontrabassisten Håkon Thelin religiøs tradisjonsmusikk frå fylket samt eigne låtar i heilt nye klanglandskap, melder Sogn og Fjordane Folkeakademi, som er arrangør. Profilert Songaren Unni Løvlid er ein av våre mest profilerte utøvarar innan folkemusikk, men ho har heilt sidan ho var student òg arbeidd med samtidsmusikk. Ho har framført verk av Arne Nordheim, Ørjan Matre og Maja Ratkje, og gjort konsertsamarbeid med bl.a. støyduoen Fe-Mail. På eksamenskonserten hennar ved Noregs Musikkhøgskule framførde ho Schønbergs «Pierrot Lunaire» frå 1912. Død og håp På Lux møter Unni si nære og jorda formidling av dei ofte mørke og mektige religiøse folketonane, samtidsmusikkens klanglege utforskartrong. Tekstar om det vesle mennesket, om død og om håp. Inn i dette prosjektet har ho invitert med den spellemannvinnande og virtuose samtidsbassisten og venen Håkon Thelin som ho har arbeidd tett med i ei årrekkje, opplyser arrangøren. Startar i Kaupanger Turneen startar i Kaupanger stavkyrkje 28. august. Tørvis hotell får besøk dagen etter før turen går til Øen kyrkje i Hyllestad 30. juli. Deretter held turneen fram til Atløy, Bulandet og Hornindal.

Av Eli Grotle Publisert: 09.09.13  - Eg ser føre meg åtte eller ni verksemder i regionen som kan bli sokalla «high-end» produkt i Sogn. Tørvis Hotel er eitt av desse, seier den ferske reiselivsdirektøren Ståle Brandshaug. Sist veke samla han næringssjefane som høyrer til under paraplyen «Visit Sognefjorden», og dei var alle heilt samde om at det ærverdige hotellet i enden av landets kortaste riksveg, kunne friskmeldast. Løfta fram Det høver godt inn i framtidsplanane til reiselivsdirektøren. – VS ynskjer mellom anna å løfte fram unike «high end» produkt i Sogn framover – med det nye vertskapet på plass er Tørvis er ei av desse bedriftene/produkta, seier Brandshaug, som nett no ikkje vil seia noko om kven andre som vil passe inn i det gode selskap. – Det kjem me attende til, men det er viktig å presisera at samstundes som me set i verk eit slikt utviklingsprosjekt innan marknadsføring og sal skal me som organisasjon ta godt vare på volumet som me har i alle dei andre større og mindre verksemdene, seier Brandshaug. I si andre veke på jobb som direktør for Visit Sognefjord har han funne seg vel til rette på Campus, i det han sjølv definerer som eit spennande og kreativt arbeidsfellesskap. Kjent – Eg vil bruka mykje av den første tida til å reisa rundt i regionen for å få innspel på kva medlemsverksemdene ønskjer at me jobbar med både i høve til utviklingstiltak og på marknad og sal, seier Brandshaug. Han seier han vil vera lydhøyr for kva oppgåver som er best og mest praktisk å løysa lokalt. – Mitt inntrykk er støyen kring lokalisering no har stilna og at dei aktørane me har snakka med er nøgde. Sjølvsagt finst det dei som er usikre på korleis dette blir, og dei vil me ta ei ekstra runde med. Det er ikkje alt me kan løysa, men med god dialog kjem me langt på veg. Friskmeld På Tørvis Hotell kunne det nye vertskapet, syskenparet Kjell Sindre og Siv Kjersti Scmidt frå Gaupne, fortelja om ein god sesong trass litt tung start. – Eg kan trygt friskmelda Tørvis. Dei har fått eit fantastisk vertskap med lokal tilhøyrsel, serverar god mat og handterer vertskapsrolla godt. Dette er ei av dei verksemdene eg vil ha med i ei ny satsing retta mot kundar som er villig til å betala for eit eksklusivt produkt.

Av Mariann Skau Publisert: 16.05.14  Senterpartiet kursar seg til å møta debatten om å slå saman kommunane. - Me skal framleis vera gode naboar til Sogndal. Det finst ikkje tvil kvar me står i Luster. Eg trur det er 100 prosent tverrpolitisk semje mot ei samanslåing med nabokommunane våre, seier Ivar Kvalen, ordførar i Luster. Sp-folk frå heile fylket brukte måndagen til å verta drilla i argument som tala mot den samanslåinga av dei vel 400 kommunane i landet til 100. Om kvelden inviterte kommunepartiet til ope møte om tema. – Kva har det å seia for oss i Luster kommune? Kva er føremoner for Leikanger, Sogndal og Luster i ein kommune eller å slå saman alle kommunar i Indre Sogn til ein? Det skal vera ein vinst å slå seg saman. Eg har konkludert. Luster har nøysamleg bygd opp eit godt tenestetilbod. Kan me føra vidare det desentraliserte tenestetilbodet me har i ein større kommune, sa Kvalen. Han seier det er naturleg å sjå Leikanger, Sogndal og Luster som eit bu- og arbeidsområde, men samarbeidet mellom dei tre kommunane må førast vidare ved å vera sjølvstendig, sa Kvalen då han heldt appell. Eitt er best Sogndalsordførar Jarle Aarvoll (Ap) var den einaste som på møtet sa seg positiv til samanslåing. – Dei tre kommunane utfyller kvarandre, og er eit bu- og arbeidsområde. Ein stor føremon vert det å slå oss saman, sa Aarvoll, men han hadde ikkje tru på at det var så mykje pengar å henta. Tek debatten Liv Signe Navarsetelova at dei skal vera med i debatten om kommunereforma, og om kva som er fylket vårt sine interesser. – Det gler eg meg til, sa stortingsrepresentanten til debatt om å slå saman kommunar slik regjeringa legg opp til. Den tidlegare Sp-leiaren streka under at dei ikkje er imot ei kvar samanslåing, men det skal vera frivillig. Sterkt kritisk – Det har ikkje vore noko rop om strukturendring. Kva er demokrati? Kommunereforma handlar om sentralisering. Kvar det skal vera liv og røre? Her ligg verdiar som Sp har teke tak i, sa Navarsete. Ole Magnus Narud, amanuensis i økonomi ved Høgskulen i Hedmark og tidlegare Sp-ordførar i Åmot innleia til debatt. Han er sterkt kritisk til å slå saman kommunar, i alle fall med tvang, og det let han heller ikkje vera den minste tvil om. Gjer heimeleksa – Kommunereforma er det mest radikale framlegget i offentleg forvaltning sidan formannskapslovene vart vedtekne i 1837. Regjeringa prøver å pressa samanslåing av kommunar i hurtigtogsfart, sa Narud til dei frammøte på Tørvis hotell måndag kveld. Han var òg klar på at avgjerda om ei kommunesamanslåing må vedtakast i ei folkerøysting. – Gjer heimeleksa. Leit etter det positive, og sats på det me er sterke på, oppmoda Narud.

Av Eli Grotle Publisert: 19.10.14  Alle er samde om at satsinga er framtidsretta, men det må arbeidast målretta i marknaden for å lukkast. Som eit ledd i marknadsføringa har Luster formannskap vedteke å yta eit tilskot på 500.000 kroner. BlueFjords (BF) nærmar seg no ferdig anlegg. Målet er å vera i drift ved årsskiftet. Totalt vil kostnaden med anlegget bli om lag 35 millionar kroner, eigenkapitalen er på vel ni millionar kroner og Luster kommune har allereie løyvd 2,2 millionar i tilskot og 2,3 millionar i lån. Marknadsføring Parallelt med bygginga har det blitt jobba med marknad og sal, kundar er også på plass. På eit møte på Tørvis hotell i byrjinga av september var det mange av dei fremste i landet innanfor både teknologiutvikling og marknadsutvikling i «datasenternæringa» som deltok. Alle konkluderte med at satsinga er framtidsretta, men skal ein lukkast må det jobbast medvite med marknadsretta tiltak. Prosjekt Bluefjords er no i ferd med å setja i gang eit marknadsutviklingsprosjekt i samarbeid med Innovasjon Noreg. Rådmann kom med positiv tilråding om at Luster kommune burde gå inn og bidra økonomisk til prosjektet. I søknaden frå BlueFjords skriv dei at dei, til liks med andre nystarta bedrifter, har ein kritisk periode knytt til oppstartsåra og at det heilt sikkert vert utfordrande å fylla datahallen fort nok og soleis koma til ein positiv pengestraum. Kritisk fase – Ut frå våre budsjett ser me at den kritiske fasen er fram til me har 2/3 fyllingsgrad i hallen, i byggjesteg 1. Det er difor viktig å koma seg raskt dit, og når ein har nådd det målet må helst neste byggjesteg vera komen i gang, heiter det i søknaden. Difor meiner BlueFjords at det er avgjerande å få sett i verk eit ekstra sals- og marknadsføringskrefter for å oppnå eit løft i marknadsarbeidet, gjera grunnleggjande marknadsanalysar og undersøkingar som må brukast strategisk for å utvikla marknader. Årsverk Planen for å dette prosjektet strekkjer seg ut april 2016. På sikt er det ser eigarane føre seg at verksemda BlueFjords skal utvikla seg til eit team på 6–8 årsverk, men indirekte vil det vera fleire årsverk knytt opp og mot BF sin aktivitet. Marknadsføringsprosjektet er kostnadsrekna til 2,2 millionar kroner. BF sine eigarar skal inn med ytterlegare ny aksjekapital på 350.000 kroner. Innovasjon Noreg har løyvd 500.000 kroner, Luster kommune 500.000 kroner og resten er bankfinansiering og eigenkapital.

 

          
Skriv ut siden
Websidene er laget i publiseringsverktøyet Mekke.no