Av Maria Gilje Torheim Publisert: 29.04.09 Nettportal skal gjera det lettare for matprodusentar og reiselivsverksemder i regionen. Å kunna servera turistane lokalt og økologisk kjøt med lokalt tyttebærsyltetøy frå Sogn, bær og flatbrø frå regionen samt lokalprodusert eplemost og øl. Det er eit klart mål for matprodusentane og reiselivsverksemdene i sogneregionen. Og med nettportalen til matnorge.no som no skal innførast i Sogn og Fjordane, er det kanskje ikkje så lenge til dette er mogleg. Vil opna dører Nettportalen var eit hovudtema i ein av presentasjonane dei 80 påmelde under matmessa «Smaken av Sogn» på Vesterland måndag fekk med seg. Prosjektleiar i nettportalen, matnorge.no, Harald Valle, fortalde om ein portal som skal gjera det enklare for butikkar og serveringssteder å få oversikt over kva lokale matprodukt som finst. Informasjon om produkta og produsentane vert også tilgjengeleg på portalen. – Dette blir eitt av mange nøkkelpunkt som gjer det lett for innkjøparane å vidareformidla kunnskapen om dei ulike produkta til turistar og andre interesserte, seier Arne Glenn Flåten, dagleg leiar ved Vesterland Hotell og Feriesenter. Kvalitetsikring Dagens andre presentasjon på matmessa vart halden av Ivar Petter Grøtte, forskingsleiar i Vestlandsforskning. Han orienterte om det som til no har vore eit «hemmelegstempla prosjekt», nemleg kvalitetssikring i reiselivet. Lokalmaten og servicen påHotel Mundal, Kviknes Hotell, Sogndal Hotell, Lindstrøm Hotell, Hopperstad Hotell og Tørvis Hotell, har vorte testa ut i eit pilotprosjekt.
Av Ragnhild Myklemyr Publisert: 08.07.09 Etter 35 år i kolonialen, forsvann den lokale kjøpmannen brått ut av Jostedalen. Med den vesle kolonialen sin har Edvin Flati drive butikk for lokale og besøkande i Jostedalen i 35 år. No har han sett kursen mot ny bransje, og byrja som nattevakt på Tørvis Hotell i Marifjøra. Brå forandring Sjølv er han ikkje heilt sikker på kva som fekk han til å ta denne avgjerda. – Det er eigentleg eit vanskeleg spørsmål. Dersom ein fyrst skal byta jobb kan ikkje ein mann i min alder venta stort lengre. Dessutan viste det seg jo at det var vanskeleg å driva to matbutikkar på ein så liten plass, spesielt på vinterstid, seier Edvin (57). – Det heile skjedde vel eigentleg ved at eg deltok på eit søkjekurs i regi av Sogneprodukt på Kaupanger. Det blei ikkje sendt nokon søknader med det fyrste, men då Bård Huseby frå Tørvis vitja dalen ein dag spurte eg han like godt om han ikkje hadde ein jobb til meg. Dermed var det gjort, og ei knapp månad seinare sette eg kursen mot Marifjøra. StortrivstEtter 35 år i same arbeid må det vera spennande å setja foten innom ein ny arbeidsplass. Korleis har endringa vore? – Eg likar meg kjempegodt her. Det er så bra miljø blant dei tilsette og leiinga. No då sommaren og turismen sler til for fullt, er det likevel ting han saknar med kolonialen. – Eg saknar jo å kunna jobba med kundar og det fine miljøet om sommaren. Då kom alltid ein fast gjeng breførarar attende, det var jo noko spesielt med det miljøet. Folk var innom for å slå av ein prat. Edvin er òg kjend som radiobingosjef i Radio Luster, og han lovar at den tittelen har han ikkje tenkt å gje frå seg.
Av Torbjørn Selseng Publisert: 21.07.09 Tilbyr gratis elvefiske til gjestene. Mundal Hotell meiner at ekstraservice er måten å handtera turistnedgangen på. I år har dei kjøpt opp fiskerettane i Mundalselvi og eitt av stryka i Storelvi, og no tilbyr dei gratis fiske til gjester på hotellet. Storfisk? – Me veit lite om fisket i Mundalselvi, og me oppmodar folk til å vera med å utforska. Det er nesten ingen som fiskar i elvi lenger, men me veit om folk som har fått laks på opp i ti kilo dei siste åra. Fisket har i alle fall vore ekstremt bra før. Og i Storelvi blir det fanga storfisk kvart år, fortel Erik Faie-Schjøll, som er friluftsansvarleg ved Mundal Hotell. Han forklarar at ettersom dei ikkje veit korleis fisket i elvi er, har hotellet fått rettane til elvi relativt billeg i år, men at det blir revurdert igjen til neste år. Og grunneigarane har berre vore positive, i følge Faie-Schjøll. Sjølv meiner han nettopp naturen bør vera ein av hovudgrunnane til at folk vitjar Fjærland. Attraktivt for friluftsfolk Fisket i Mundalselvi har ein sein sesong, då elvi stort sett inneheld smeltevatn frå breen. – Sesongen startar no og varer ut september. Men det beste fisket er vel i august, forklarar Faie- Schjøll. Han er òg innleigd som friluftsansvarleg også på Tørvis Hotell i Marifjøra. Til saman har dei to hotella sikra seg 30 hjorteløyve i Luster kommune og Fjærland for neste år.
Av Birthe Johanne F. Finstad Publisert: 23.09.09 I morgon er det klart for fårikålen sin eigen festdag. Torsdag 24. september er fårikålen sin eigen festdag. Nasjonalretten vår blir feira på moderne vis på nettsamfunn som Twitter og Facebook, men den tradisjonelle feiringa finst framleis. Festdag – Det er berre rett og rimeleg at ein nasjonalrett har sin eigen festdag. Det føregår ei mengd arrangement rundt omkring i landet på denne dagen, og i Sogn og Fjordane blir det servert fårikål på ei rekkje stadar i høve denne dagen, seier informasjonsleiar i Opplysningskontoret for kjøtt (OFK), Oda Christensen, i ei pressemelding. Tørvis Hotell i Marifjøra er ein av stadane som feirer fårikålen i morgon. Enkel festmat På 1970-talet kåra Nitimen sine lyttarar fårikål i landets nasjonalrett, og i 1997 utropte OFK den siste torsdagen i september til fårikålen sin offisielle festdag. Nytt i år er den digitale feiringa på Facebook og Twitter. Desse nettsamfunna gjer at trufaste fårikåltilhengjarar kan møtast uavhengig av fysisk avstand. Grasrotrørsla Fårikålens Venner står bak det digitale initiativet. Christensen håpar likevel at mange framleis samlast til fårikålfest rundt middagsbordet òg. – Fårikålen sin festdag er eit fint høve til å samla familie og venner til kvardagsfest. Det er ikkje utan grunn at retten er populær. Betre, rimelegare og enklare festmat skal du leita lenge etter, meiner ho. I utlandet Også norske delegasjonar i utlandet feirer festdagen. – I fjor haust vart festdagen feira på den norske ambassaden i Jordan. Og det vart servert fårikål i sjømannskyrkjene i Etiopia, Spania og Belgia, seier fårikålansvarleg i OFK, Margot Loe. Ifølgje pressemeldinga skal det òg serverast fårikål på fleire av oljeplattformene i Nordsjøen i morgon.
Av Renate Sæle Publisert: 12.10.09 Luster Husflidslag feirde sine første 30 år med høgtidleg jubileumsfest – og utstillinga av dåpskle- på Tørvis Hotell i helga.
Av Mariann Skau Publisert: 17.09.10 For første gong var alle kommunane i fylket påmelde på Tiltaksforum. Tiltaksforum er ei samling for alle som jobbar med næringsutvikling på kommune, region og fylkesnivå i Sogn og Fjordane. – Det er svært gledeleg at me kan samla så mange som jobbar med næringsutvikling i det offentlege i Sogn og Fjordane, sa fylkesdirektør for næring i Sogn og Fjordane fylkeskommune Jan Heggheim då han opna samlinga i Marifjøra 15. september. 65 personar 65 personar møtes 15. og 16. september på Tørvis Hotell i Luster for å få fagleg påfyll, kompetanseoverføring og møta andre med dei same faglege utfordringane, melder Fylkeskommunen. – Saman skal me bli betre til å jobba med næringsutvikling i Sogn og Fjordane. Det skjer veldig mykje bra i fylket, men me kan bli betre, seier Jan Heggheim. – Mange som jobbar i kommunane har mange arbeidsoppgåver, me ynskjer å tilby kompetanseheving og nettverk for å auka fokus og det faglege nivået innan næringsutvikling. Planar om prosjekt Heggheim lanserte planane om eit prosjekt i samarbeid med Innovasjon Norge, Fylkesmannen si landbruksavdeling og kommunane. – Kompetanse, verktøy, kommunikasjon og organisering er viktige element i dette prosjektet. Me vil hjelpa kommunane til å bli betre til å jobba med næringsutvikling, og nytta dei verkemidla som er tilgjengelege på ein god måte, seier Heggheim.
Av Trond Rogne Publisert: 09.01.11 Redaktøren i National Geographics Traveler, Keith Bellows, lot seg imponera over både mat og natur i Luster. Redaktøren i National Geographics Traveler, Keith Bellows, har den siste veka vitja Vestlandet. Han sette stor pris på den urørde og mektige naturen i Sogn, men oppmodar om å leggje betre til rette for turistar. Keith Bellows er ein svært kunnskapsrik mann som er blant dei leiande i verda når det gjeld reise og opplevingar. I tillegg til å vera ansvarleg redaktør i Traveler utgåva til National Geographics, er han visepresident i det verdskjende magasinet. – Desse isolerte, skjula landskapa, viser ein del av Noreg som ikkje er så godt kjend i utlandet. Når det gjeld turisme, er dette ei gullgruve for vinterentusiastar. I motsetnad til Alpane, så er Vestlandet eit fullgodt alternativ dersom ein ser på naturen her. Men, og det er eit stort men her, det treng ikkje å bli som dei store alpelandsbyane for å vera ei vellukka oppleving for vinterelskande turistar, understrekar redaktøren. Sjølvskoten hjort – Mange tenkjer kanskje på Vail, Aspen og Whistler Mountain når amerikanarar pratar om vinterturisme, men det er ikkje lenger dei store skibakkane som tiltrekkjer seg alle vintersportsentusiastane, seier Bellows. Noreg er kjend for å vera reinare og villare. Produktet her er meir samansett til ei pakke med både opplevingar, mat, drikke og kultur. Eg vart heilt overvelda då me åt sjølvskoten hjort på Tørvis Hotell. Desse inntrykka er svært sterke og det er klart at det fins ein stor marknad for desse opplevingane. fortel Bellows entusiastisk. Det vert mest sannsynleg ei omtale av Vestlandet i National Geographics Traveler på vårparten og dersom ein tolkar Bellows rett, vert det god reklame for Sogn.
Av Geir Bjarte Hjetland Publisert: 03.03.11 Ei ny hotellkjede skal no satsa knallhardt på aktivitet- og opplevingsturisme både ved fjorden og i fjellet. Førebels er tre lokale hotell med i den nye kjeda som har fått namnet MountainFjord. Tørvis Hotel i Marifjøra, Hotel Mundal i Fjærland og Eidsbugarden i Vest-Jotunheimen er dei hotella som førebels er med i den nye kjeda, og som no skal satsa på å trekkja til seg fleire turistar med interesse både for fjord og fjell. Nytt konsept Dei to førstnemnde hotella har ei tid vore drive og eigd av Tørvis Eiendom AS, og det er dette selskapet som no satsar på eit heilt nytt hotellkonsept med base i vår region. No vert og det ærverdige fjellhotellet på Eidsbugarden ein del av MountainFjord, og etter det Sogn Avis har grunn til å tru er og fleire overnattingsverksemder på veg inn i den nye kjeda. Opplevingar MountainFjord har førebels marknadsført seg berre via «drypp» på ulike sosiale medium. Ifølgje Facebook-sida til selskapet er MountainFjord eit nytt, unikt norsk selskap som skal tilby reiseopplevingar, fritid og personleg service i nokre av dei vakraste destinasjonane i Noreg, inkludert då Tørvis, Mundal og Eidsbugarden. – Vår heim er Sognefjorden, men me vil etter kvart tilby opplevingar over heile Noreg, heiter det i teksten dei har lagt ut på Facebook. Dagleg leiar for det nye selskapet er Gunnar Nerdrum Aagaard, med Rolf og Mette Wikborg som styremedlemer. Wikborg er kjend som mannen som for nokre år sidan gjekk inn og berga Tørvis Hotel frå ein bygningsmessig undergang. – Når eg kjem hit, føler eg ei ro eg ikkje får nokon andre stader, sa Rolf Wikborg til Dagens Næringsliv nyleg. Ny kapital Saman med kona, sytte han for at hotellet kom attende til heider og prakt, med Bård Huseby som hotelldirektør. – Bård blir med oss vidare på laget, men me er ute i marknaden og hentar inn meir kapital. Utover det kan me ikkje kommentera noko kring det økonomiske. Men det er heilt klart at dette er ei storsatsing, seier Gunnar Nerdrum Aagaard til Sogn Avis. Spennande Det er snakk om store investeringar MountainFjord har planar om å gjennomføra i tida framover. – Me kan dessverre ikkje seia så mykje enda, men dette er svært spennande å jobba med, seier Aagaard. NRK si nye storsatsing, «Oppdrag Sognefjorden», har hatt mellom anna Tørvis Hotel i Marifjøra som utgangspunkt, og Aagaard legg ikkje skjul på at nye måtar å samarbeida på og tekniske løysingar for marknadsføring til vera eit viktig trekk for MountainFjord.
Av Ole Kristian Åset Publisert: 23.03.11 MountainFjord-kjeda vurderer å byggja eit nytt hotell i Vik. - Me ser på mogelegheitene for å reisa eit nytt hotell i sjøkanten, og me har tru på Vik sin sterke posisjon som turistbygd, med eit berekraftig lokalsamfunn som gir grunnlag for eit minimum av drift også i vintersesongen, seier dagleg leiar Gunnar Nerdrum Aagaard i den nystarta MountainFjord hotellkjeda, som så langt består av dei tre hotella Tørvis, Mundal og Eidsbugarden. Kjeda var sist veke i møte i Vik, der ordførar, kommunebyråkratar og tidlegare hotelldrivar Carl André Riiber la fram informasjon om bygda og mogelegheitane for hotelldrift der etter at Hopstock hotell brann ned. Eit nytt hotell kan tidlegast stå klart til sommarsesongen 2013. Måndag denne veka vart problema med å finna overnatting i bygda igjen aktualiserte, då Vik IL måtte avlysa eit stort skiskyttarmeisterskap neste år grunna for få sengeplassar.
Av Ole Kristian Åset Publisert: 03.04.11 Lasse Kjus, Magnus Tveito og Oppdrag Sognefjorden måtte til med filmvisning i to omganger, då den populære ekstremsportserien frå Sogn inviterte til festkveld på Tørvis Hotell. - Som alpinist trur du ikkje at du har slike mogelegheiter i Noreg. Naturen her er heilt spesiell, og det var ein stor oppleving å få vera med på opptaka til Oppdrag Sognefjorden. Flash Studio har laga eit utroleg bra produkt, som får oss til å føla stoltheit over landet vart, seier Lasse Kjus. Det var fullt hus og topp stemning i Marifjøra fredag kveld, då episode seks av TV-serien vart førehandsvist, og hotellsjef Bård Huseby kunne gle seg over at det var så mykje folk at storsalen vart fylt to gonger før alle hadde fått sett filmen. Filmskaparane og Lasse Kjus fortalte òg ein del om opplevingane dei hadde under produksjonen av dei sju episodene, der mellom anna basehopping med vingedrakt, ekstrem skikøyring og jibbing er blant aktivitetane. Episoden som vart vist på Tørvis hadde Lasse Kjus i hovudrollen, og han fekk utfordringa å køyra på ski ned ein sidearm til Bergsetbreen i Jostedalen. Episoden som kjem på TV i kveld handlar meir om frikøyraren Magnus Tveito frå Ål, som køyrer ned ein snørenne på det stupbratte fjellet Bleia, som strekk seg 1700 meter opp frå Sognefjorden. – Å køyra ned frå Bleia var den råaste opplevinga eg har vore med på, seier Tveito, som også var kraftig imponert over mogelegheitane til køyre på ski frå fjell til fjord i Sogn. Kva synst du om Oppdrag Sognefjorden?
Av Morten Sortland Publisert: 16.06.11 Lasse Kjus opna på onsdag sin fyrste klesbutikk i landet i Marifjøra i Luster. -Me har valt å representere merket og kleda våre meir på Vestlandet og spesielt i Sognefjorden, då det er lite av det til no, seier Kjus som vart kjent med folket på Tørvis Hotell under oppdrag Sognefjorden som gjekk på NRK tidlegare i vår. Fyrste i landet Mette Wikborg er eigar av Tørvis Hotell og kafé i Marifjøra som er lokala Kjus skal selja kleda sine i. Ho seier dei er veldig glade for at han har valt å opna concept store, som den einaste i landet, i Marifjøra. Ho seier at dei byrja å prate om å lage ein slik butikk for kleda til Kjus i forbindinga med oppdrag Sognefjorden då dei hadde base ved Marifjøra, og det var slik snøballen starta å rulla. Kjus vil saman med Hans Petter Buraas utvide merkevara og søkjer nye kundar ute i Distrikts-Noreg. – Me søkjer alltid etter nye kundar og me ville satse på Marifjøra fordi det er ein naturleg gjennomgong med turistar og fjellfolk der, seier «Burre». Eksklusivt merke Buraas seier at merket har sidan oppstart av sin kleskolleksjon i år 2000 satsa hardt på vinter- og utstyrsklede. Men i løpet av dei seinare åra har dei satsa meir og meir på sommarklede. – Heile konseptet starta for 11 år sidan med rein vinterkolleksjon. Etter kvart har Kjus vorte eit veldig eksklusivt merke med fotfeste både i USA og Europa, og det er ikkje mange merkjer som klarer, seier Buraas.
Av Anders Veberg Publisert: 07.06.11 Bård Huseby ved Tørvis Hotell ser stort potensial i distriktet. Luster kommune har tidlegare blitt kåra til verdas beste feriemål av National Geographic. Bård Huseby ved Tørvis Hotell meiner lokalt engasjement og entrepenørskap er mykje av årsaken til posisjonen, og no oppfordrar han til meir. Samlar lokalt næringsliv Måndag var delar av det lokale næringslivet i Indre Sogn samla på Tørvis Hotell i Marifjøra. Målet med messa var å visa fram breidden i lokalområdet, samt å senda signal om at det er mogleg å utretta noko. – Ein fokuserer ofte på at det ikkje er mogleg med meir tilflytting til kommunen grunna manglande arbeidsplassar. Det er jo ikkje noko problem i dag, når fleire og fleire kan ta med seg arbeidsplassen sin overalt. Derfor er det mykje som kan gjerast, seier Huseby. Lasse Kjus startar bedrift Allereie er det fleire interessante bedrifter i lokalområdet, meiner Huseby. Og fleire skal det bli. Blant dei som skal bidra til næringa i framtida, er Lasse Kjus. – Nøyaktig kva bedrift Lasse skal starta, får de vita 14. juni, fortel Huseby. Han held fram med å fortelja at Kjus har planar om å engasjera seg mykje i skisenteret i Luster, i tillegg til i bedrifta si. Fråflytta gardar vert kartlagde Huseby fortel òg om eit pågåande samarbeid med Luster kommune, om å kartleggja dei fråflytta gardane i kommunen. Dette er etter eit eksempel frå Telemark. – Det er veldig mange gardar rundt i kommunen som står tomme, og berre blir nedslitte. Mange familiar tenkjer at dei ikkje kan kvitta seg med garden sjølv om den ikkje lenger er i bruk, men me prøver å overbevisa dei om å leggja ut gardane til sals. Eg trur dei fleste helst ser at familiegarden er levande med ein ny familie, enn at den berre står tom, fortel Huseby.
Av Ragnhild Myklemyr Publisert: 20.07.11 Trass i dårleg vêr og spor etter finanskrisa, viser dei fleste ein jamn auke. Besøkstala byrjar no ta seg opp for hotella i Sogn. Jack Eggum ved Sognefjord Hotell kan og melda om ein liten auke frå i fjor. – Me er nøgde med besøkstala i år, sjølv om det kunne ha vore betre. Vêret har jo vore ein negativ faktor. Likevel har me hatt ein auke, noko eg trur kan grunnast god marknadsføring. Noreg har vore mykje i fokus i ulike magasin og gjennom National Geographic, seier han. – Dyrt i Noreg Han påpeikar at dei framleis merkar litt til finanskrisa. – Det gjer litt at me ikkje alltid kan ta dei prisane me ynskjer. Folk tykkjer det er dyrt å komma til Noreg, Me opplever det som eit lite problem. Etter den turbulente marknaden i 2009 vil det ta litt tid å koma attende for fullt. Det ser ut til å gå bra ut august, og så dabbar det nok litt av utover hausten. 20 prosent opp Ved Kviknes Hotel i Balestrand er det dei internasjonale turistane som står for mesteparten av dei gode tala. – Me har ein auke i juni på om lag 20 prosent. Det merkast spesielt på dei internasjonale turistane, som aukar mest. Det er mange frå USA, England, Austen og Japan. Me merkar ein liten nedgang i talet norske turistar, noko som sannsynlegvis kan vera grunna vêret, opplyser hotellet. Også Quality Hotell i Sogndal kan visa til ein auke på over 20 prosent. – Det er me vel nøgde med. Juli ser dessutan betre ut enn kva det har vore på fleire år. Me opplever ein auke blant nordmenn, og har elles mykje tyskarar innom, er deira oppsummering av sesongen så langt. Færre bryllaup I Marifjøra har Tørvis Hotell opplevd varierande besøkstal i juni, medan dei sjølve har gjort bevisste tiltak for å hindra overbooka helgar ut sommaren. – No går det kjempebra. Juni starta litt roleg, men tok seg opp med ein auke på om lag ti prosent frå i fjor. Juni har vore varierande, truleg litt på grunn av vêret. Mykje nordmenn, amerikanarar, engelskmenn, tyskarar og nederlendarar. I fjor var me fullbooka med bryllaup kvar helg, i år har me bevist prøvd å la nokre helgar stå tomme slik at ikkje alt er fult sommaren ut, uttalar Siv Kjersti Schmidt ved hotellet. Sjølv om juni har vore bra, tør dei ikkje håpa på like gode tal for juli. – Me er veldig avhengige av den norske marknaden, og i år har nok vêret slege negativt ut for oss. Me har opplevd mykje drop-in på dei dagane med mykje sol, og tilsvarande lite besøk når det er regn og surt, supplerer hotellsjef Bård Huseby.
Av Mariann Skau Publisert: 19.09.11 MountainFjord satsar stort i Vik. Travel Property Holding AS ved Rolf Wikborg kjøper, med atterhald om finansiering, 51 prosent av aksjane i verksemda Nye Hopstock AS og tek med dette plass i førarsete i arbeidet for ei attreising av Hopstock Hotell, vert det opplyst i ei pressemelding. Finansiering innan nyttår I tillegg til å byggja opp att det brannråka hotellet og restaurera motellet opnar avtalen og for ei overtaking av hotellannekset på naboeigedomen. Travel Property Holding har starta arbeidet med å finansiera attreisinga og skal innan nyttår ha planar og finansiering klar. Hotell ved fjorden Attreisinga av Hopstock Hotell er første steg i Travel Property Holding sine planar for ei storvegs satsing i Vik. Steg to og tre omhandlar eit konferanseanlegg og hotell ved fjorden. Travel Property Holding AS er eigd av Rolf Wikborg, som mellom anna er eigar av Tørvis Hotell og MountainFjord.
Av Ingvald Husabø Publisert: 19.01.12 Bård Huseby skal inn att i hotellbransjen, og tek no over styringa av eit fjordhotell. Han er også tilsett som prosjektleiar i Fjord1. «Etter noen fantastiske år som Hotell direktør på Tørvis Hotell føler jeg nå at tiden er inne til å finne på noe nytt», skriv Bård Huseby i ei melding til kollegaer, vener og famiiie. Mannen som hadde ansvaret for å byggja opp att drifta på Tørvis Hotell for Rolf Wikborg, og som sa opp i fjor haust, skal no ta over Fjærland Fjordhotel. «Jeg har alltid drømt om å drive et lite hotell så det vil jeg fortsette med. Drømme hotellet heter Fjærland Fjordhotell og ligger idyllisk til helt nede ved vannkanten i betagende Fjærland. Omkranset av fjell, bre og fjord er det ikke vanskelig å forstå at området er kåret til Verdens Beste Reisemål av National Geographic», skriv Huseby i meldinga. I tillegg til å driva fjordhotell i sommarsesongen er Huseby tilsett i Fjord1 som prosjektleiar for å etablera eit nytt matkonsept på ferjene i konsernet.
Av Ida Hundvebakke Publisert: 10.06.13 Rolf og Mette Ann Wikborg sel no sistnemnde sin barndomsheim på Bygdøy. Pris: 120 millionar kroner. Dette melde VG søndag. Til papiravisa seier investor og hotelleigar Wikborg at villaen «Blaasenborg», som er kona sin barndomsheim, vert litt for stor for deira behov framover. – Me har hatt nokre fantastiske år der ute. Men no har me lyst på eit enklare liv. Sidan mars Finansavisen skreiv allereie i mars at eigedomen skulle seljast, og anslo då at prisen ville koma opp i hundremillionsklassen. I same artikkel skreiv avisa at det er registrert tre pant på eigedomen, på i alt 75 millionar kroner. Då eigedomen kom ut for sal søndag viste prislappen 120 millionar kroner. Ifølgje Finansavisen kan dette verta ein av dei dyraste bustadene som nokon sinne er seld i Noreg. Ikkje sogning Nokre av eigedomane Wikborg har i Sogn, Hotell Mundal og Tørvis Hotell, vert også nemnde i artikkelen til VG. Her avviser Wikborg at han og kona planlegg å flytta til Sogn når huset på Bygdøy vert seld. – Me har eit veldig stort engasjement i Sogn, men me har kjøpt bustad ein annan plass i Oslo etter at me har hatt nokre fantastiske år på Bygdøy, seier han og utdjup seinare at dei bruker mykje tid på hotella i Sogn. I Mexico Då VG ringjer Wikborg er han i Mexico, der han jobbar innan shipping og offshoreverksemd. – Det er det eg alltid har drive med og skal nytte meir tid på, men det krev mykje reising og då er det vanskeleg å klippa graset på ein slik stor plass.
Av Halvor Farsund Storvik Publisert: 03.07.13 Eit russisk reisefølgje landa med fire helikopter utanfor Tørvis hotell. Russarane har brukt fire dagar på turen opp og skal vera til saman tre dagar i Noreg. Vakkert To av gjestane var Vladimir og Olya Lelikov frå Moskva. – Eg har vore eit par gonger i Noreg før, men først og fremst i jobbsamanheng, seier Vladimir Lelikov. Denne gongen var han fast bestemt på å få med seg den flotte norske naturen. – Dei norske fjordane er av dei finaste plassane på denne kloden. Spesielt når det er fint vêr er det nesten umogleg å fly forbi, seier Lelikov. Av Mariann Skau Publisert: 05.07.13 Dei russiske turistane som kom med fire helikopter til Tørvis hotell, måtte torsdag nødlanda på Hadeland. Litt før klokka 14 fekk avisa Hadeland tips om at fire helikopter hadde nødlanda i nærleiken av Hadeland pukkverk. – Me fekk oss ei lita overrasking. Det er ikkje kvar dag me får slikt besøk. Men no har me i hvert fall invitert dei inn på kaffi, seier dagleg leiar ved pukkverket, Edvard Skjervum til avisa. Alexej Shavrov, ein av dei russiske turistane, fortel til Hadeland at dei måtte landa ved pukkverket på grunn av svært dårleg sikt. Russarane som budde på Tørvis hotell i Marifjøra, brukte torsdagen til sightseeing med eigne helikopter.
Av Sogn Avis Publisert: 25.07.13 Unni Løvlid presenterer folketonar frå Sogn og Fjordane. Unni Løvlid og Håkon Thelin presenterer folketonar frå Sogn og Fjordane i kyrkjekonsertar framover. I konserten Lux framfører Løvlid og kontrabassisten Håkon Thelin religiøs tradisjonsmusikk frå fylket samt eigne låtar i heilt nye klanglandskap, melder Sogn og Fjordane Folkeakademi, som er arrangør. Profilert Songaren Unni Løvlid er ein av våre mest profilerte utøvarar innan folkemusikk, men ho har heilt sidan ho var student òg arbeidd med samtidsmusikk. Ho har framført verk av Arne Nordheim, Ørjan Matre og Maja Ratkje, og gjort konsertsamarbeid med bl.a. støyduoen Fe-Mail. På eksamenskonserten hennar ved Noregs Musikkhøgskule framførde ho Schønbergs «Pierrot Lunaire» frå 1912. Død og håp På Lux møter Unni si nære og jorda formidling av dei ofte mørke og mektige religiøse folketonane, samtidsmusikkens klanglege utforskartrong. Tekstar om det vesle mennesket, om død og om håp. Inn i dette prosjektet har ho invitert med den spellemannvinnande og virtuose samtidsbassisten og venen Håkon Thelin som ho har arbeidd tett med i ei årrekkje, opplyser arrangøren. Startar i Kaupanger Turneen startar i Kaupanger stavkyrkje 28. august. Tørvis hotell får besøk dagen etter før turen går til Øen kyrkje i Hyllestad 30. juli. Deretter held turneen fram til Atløy, Bulandet og Hornindal.
Av Eli Grotle Publisert: 09.09.13 - Eg ser føre meg åtte eller ni verksemder i regionen som kan bli sokalla «high-end» produkt i Sogn. Tørvis Hotel er eitt av desse, seier den ferske reiselivsdirektøren Ståle Brandshaug. Sist veke samla han næringssjefane som høyrer til under paraplyen «Visit Sognefjorden», og dei var alle heilt samde om at det ærverdige hotellet i enden av landets kortaste riksveg, kunne friskmeldast. Løfta fram Det høver godt inn i framtidsplanane til reiselivsdirektøren. – VS ynskjer mellom anna å løfte fram unike «high end» produkt i Sogn framover – med det nye vertskapet på plass er Tørvis er ei av desse bedriftene/produkta, seier Brandshaug, som nett no ikkje vil seia noko om kven andre som vil passe inn i det gode selskap. – Det kjem me attende til, men det er viktig å presisera at samstundes som me set i verk eit slikt utviklingsprosjekt innan marknadsføring og sal skal me som organisasjon ta godt vare på volumet som me har i alle dei andre større og mindre verksemdene, seier Brandshaug. I si andre veke på jobb som direktør for Visit Sognefjord har han funne seg vel til rette på Campus, i det han sjølv definerer som eit spennande og kreativt arbeidsfellesskap. Kjent – Eg vil bruka mykje av den første tida til å reisa rundt i regionen for å få innspel på kva medlemsverksemdene ønskjer at me jobbar med både i høve til utviklingstiltak og på marknad og sal, seier Brandshaug. Han seier han vil vera lydhøyr for kva oppgåver som er best og mest praktisk å løysa lokalt. – Mitt inntrykk er støyen kring lokalisering no har stilna og at dei aktørane me har snakka med er nøgde. Sjølvsagt finst det dei som er usikre på korleis dette blir, og dei vil me ta ei ekstra runde med. Det er ikkje alt me kan løysa, men med god dialog kjem me langt på veg. Friskmeld På Tørvis Hotell kunne det nye vertskapet, syskenparet Kjell Sindre og Siv Kjersti Scmidt frå Gaupne, fortelja om ein god sesong trass litt tung start. – Eg kan trygt friskmelda Tørvis. Dei har fått eit fantastisk vertskap med lokal tilhøyrsel, serverar god mat og handterer vertskapsrolla godt. Dette er ei av dei verksemdene eg vil ha med i ei ny satsing retta mot kundar som er villig til å betala for eit eksklusivt produkt.
Av Mariann Skau Publisert: 16.05.14 Senterpartiet kursar seg til å møta debatten om å slå saman kommunane. - Me skal framleis vera gode naboar til Sogndal. Det finst ikkje tvil kvar me står i Luster. Eg trur det er 100 prosent tverrpolitisk semje mot ei samanslåing med nabokommunane våre, seier Ivar Kvalen, ordførar i Luster. Sp-folk frå heile fylket brukte måndagen til å verta drilla i argument som tala mot den samanslåinga av dei vel 400 kommunane i landet til 100. Om kvelden inviterte kommunepartiet til ope møte om tema. – Kva har det å seia for oss i Luster kommune? Kva er føremoner for Leikanger, Sogndal og Luster i ein kommune eller å slå saman alle kommunar i Indre Sogn til ein? Det skal vera ein vinst å slå seg saman. Eg har konkludert. Luster har nøysamleg bygd opp eit godt tenestetilbod. Kan me føra vidare det desentraliserte tenestetilbodet me har i ein større kommune, sa Kvalen. Han seier det er naturleg å sjå Leikanger, Sogndal og Luster som eit bu- og arbeidsområde, men samarbeidet mellom dei tre kommunane må førast vidare ved å vera sjølvstendig, sa Kvalen då han heldt appell. Eitt er best Sogndalsordførar Jarle Aarvoll (Ap) var den einaste som på møtet sa seg positiv til samanslåing. – Dei tre kommunane utfyller kvarandre, og er eit bu- og arbeidsområde. Ein stor føremon vert det å slå oss saman, sa Aarvoll, men han hadde ikkje tru på at det var så mykje pengar å henta. Tek debatten Liv Signe Navarsetelova at dei skal vera med i debatten om kommunereforma, og om kva som er fylket vårt sine interesser. – Det gler eg meg til, sa stortingsrepresentanten til debatt om å slå saman kommunar slik regjeringa legg opp til. Den tidlegare Sp-leiaren streka under at dei ikkje er imot ei kvar samanslåing, men det skal vera frivillig. Sterkt kritisk – Det har ikkje vore noko rop om strukturendring. Kva er demokrati? Kommunereforma handlar om sentralisering. Kvar det skal vera liv og røre? Her ligg verdiar som Sp har teke tak i, sa Navarsete. Ole Magnus Narud, amanuensis i økonomi ved Høgskulen i Hedmark og tidlegare Sp-ordførar i Åmot innleia til debatt. Han er sterkt kritisk til å slå saman kommunar, i alle fall med tvang, og det let han heller ikkje vera den minste tvil om. Gjer heimeleksa – Kommunereforma er det mest radikale framlegget i offentleg forvaltning sidan formannskapslovene vart vedtekne i 1837. Regjeringa prøver å pressa samanslåing av kommunar i hurtigtogsfart, sa Narud til dei frammøte på Tørvis hotell måndag kveld. Han var òg klar på at avgjerda om ei kommunesamanslåing må vedtakast i ei folkerøysting. – Gjer heimeleksa. Leit etter det positive, og sats på det me er sterke på, oppmoda Narud.
Av Eli Grotle Publisert: 19.10.14 Alle er samde om at satsinga er framtidsretta, men det må arbeidast målretta i marknaden for å lukkast. Som eit ledd i marknadsføringa har Luster formannskap vedteke å yta eit tilskot på 500.000 kroner. BlueFjords (BF) nærmar seg no ferdig anlegg. Målet er å vera i drift ved årsskiftet. Totalt vil kostnaden med anlegget bli om lag 35 millionar kroner, eigenkapitalen er på vel ni millionar kroner og Luster kommune har allereie løyvd 2,2 millionar i tilskot og 2,3 millionar i lån. Marknadsføring Parallelt med bygginga har det blitt jobba med marknad og sal, kundar er også på plass. På eit møte på Tørvis hotell i byrjinga av september var det mange av dei fremste i landet innanfor både teknologiutvikling og marknadsutvikling i «datasenternæringa» som deltok. Alle konkluderte med at satsinga er framtidsretta, men skal ein lukkast må det jobbast medvite med marknadsretta tiltak. Prosjekt Bluefjords er no i ferd med å setja i gang eit marknadsutviklingsprosjekt i samarbeid med Innovasjon Noreg. Rådmann kom med positiv tilråding om at Luster kommune burde gå inn og bidra økonomisk til prosjektet. I søknaden frå BlueFjords skriv dei at dei, til liks med andre nystarta bedrifter, har ein kritisk periode knytt til oppstartsåra og at det heilt sikkert vert utfordrande å fylla datahallen fort nok og soleis koma til ein positiv pengestraum. Kritisk fase – Ut frå våre budsjett ser me at den kritiske fasen er fram til me har 2/3 fyllingsgrad i hallen, i byggjesteg 1. Det er difor viktig å koma seg raskt dit, og når ein har nådd det målet må helst neste byggjesteg vera komen i gang, heiter det i søknaden. Difor meiner BlueFjords at det er avgjerande å få sett i verk eit ekstra sals- og marknadsføringskrefter for å oppnå eit løft i marknadsarbeidet, gjera grunnleggjande marknadsanalysar og undersøkingar som må brukast strategisk for å utvikla marknader. Årsverk Planen for å dette prosjektet strekkjer seg ut april 2016. På sikt er det ser eigarane føre seg at verksemda BlueFjords skal utvikla seg til eit team på 6–8 årsverk, men indirekte vil det vera fleire årsverk knytt opp og mot BF sin aktivitet. Marknadsføringsprosjektet er kostnadsrekna til 2,2 millionar kroner. BF sine eigarar skal inn med ytterlegare ny aksjekapital på 350.000 kroner. Innovasjon Noreg har løyvd 500.000 kroner, Luster kommune 500.000 kroner og resten er bankfinansiering og eigenkapital.