Tørvis HotelL: Heilt frå 1634 veit ein at det har vore gjestgjevar i Marifjøra. Dei starta med å leiga ut eit par rom, og her var det hestebyte for dei reisande. Gjestgiveriet var berre ei lita kro der nokre få skysskarar og brurefolk var innom for å "sløkkja tørsten". I det noverande Tørvis Hotell finst det bygningsdelar frå det fyrste gjestgiveriet. Jacob Trondson Fet (1822-1903) som var frå «klokkargarden» (bnr.3) på Fet vart gift med Anna Tørvi (1830-1901) som var oppvaksen på Tørvi der ho dreiv garden saman med foreldra. I tillegg til å driva garden på Tørvi kjøpte Jacob seg opp i Marifjøra. I 1862 kjøpte han Marifjøra Sagvelte og dreiv landhandel der. 1875 fekk han skøyte på Leirholen og Marifjøra Almenning. Jakob er nok mest kjend for å ha drive gjestgiveriet i Marifjøra, som etter overtakinga i 1875 fekk namnet etter garden på Tørvi, Tørvis Hotell. Jacob og Anna dreiv Tørvisgarden livet ut og fekk seks born saman. Eigedomane deira vart etter kvart overtekne av borna. Sonen Anders Jakobsson (1863-1903) tok over verksemda i Marifjøra. Han vart gift 1894 med Thea Ragnhild Molland frå Røneid og dei dreiv hotellet saman til Anders døydde i oktober 1903, berre 40 år gamal. Thea heldt fram å drive til Tørvis Hotell vart kjøpt av Per Bugge Næss i 1918. Han eigde Hofslund Hotell i Sogndal og overlet drifta av Tørvis til sonen Hans Bugge Næss (1893–1962) i 1920. På byrjinga av 1900-talet vart hotellet mest vitja av omreisande handelsmenn, men om lag i 1909 skjedde det eit skifte. Då vart ein større del av hotellet sine gjester turistar og ein del av desse utanlandske. I 1936 kom det ei ny lov som kravde at ein overnattingsstad måtte ha minst 20 senger for å få status som hotell. Tørvis Hotell fekk etter kvart 50 senger. Nokre av desse i annekset over butikken, som i 2015 vart kafeen i Marifjøra. Hotellet vart bygd ut både i 1948, 1958 og 1970 med fleire nye fløyar. Næss-familien dreiv hotellet til det vart selt 2005. Etter salet vart det nokre vanskelege år med skiftande eigarskap, økonomiske utfordringar og konkursar/havari som førte til at hotellet stod stengt  fram til sumaren 2009. Den tredje eigaren dreiv til og med 2015, før neste eigar fekk midlertidig avløysing 2019. Det vart ei ny pause i drifta åra 2023 og 2024. Bjarte Lie og partnaren Thomas Jahnsen kjøpte Tørvis Hotell i oktober 2024 og har teke imot gjester sidan mars 2025. Dei melder via facebook at dei kan sjå attende på ein vellykka sesong 2026.