
Har passert femti somrar i «Matifjøra» Av Jan Inge Fardal Publisert: 03.07.02 Dei fann sitt ferieparadis i 1951, ekteparet Anton (86) og Lilli Antvedt (84) frå Eidsvågneset utanfor Bergen. Denne veka sa dei takk for seg for 52. gong på Tørvis hotell i Marifjøra. – Og det blir ikkje siste, heller, om me får behalda helsa, smiler det blide ekteparet. For til Tørvis hotell og til Marifjøra vil dei reisa på sommarferie, så lenge dei berre klarar. – Eit lite paradis, for oss, denne bygda. Men me kallar ho ikkje Marifjøra. Frå oss er det berre «Matifjøra» som gjeld. Det har det vore frå første sommaren, ler Lilli. For kosten på Tørvis hotell har ho enno ikkje funne maken til. Nokon stad. – Det har berre vore heilt utruleg, og er det enno, stadfestar Anton. Og ikkje før har han sagt det så dukkar hotellvert Per Bugge Næss opp med ei blautkake av ei anna verd. – Det er slik det er her. Er det rart me har døypt om bygda? spør ekteparet frå sin faste plass i salongen. Dei sit heilt nede ved vindauga med utsikt mot den grøne fjorden og til Råum – høgt opp i fjellet på andre sida. Heilt tilfeldig Langt ut i samtalen kjem det fram at Anton har litt sognablod i årane. Bestefaren var frå Vadheim. Men det hadde fint lite med valet av Marifjøra som ferieparadis å gjera. – Du, det var eigentleg heilt tilfeldig at det vart Marifjøra og Sogn. Eg var innom eit reisebyrå midt i byen ein vårdag – eg trur det må ha vore i 1950. Der var det eit stort kart over Sognefjorden. «Reis til Sogn og opplev fjorden», stod det. Og Marifjøra var nemnt spesielt. Det såg veldig spennande ut, minnest Anton, no snart 87 år gamal.Ei dagsreis, nesten... Så spennande såg denne plakaten i det bergenske reisebyrået ut at det unge ekteparet sette kursen nordover og vestover, inn fjorden. Nesten heilt inn. – Eg hugsar at me drog innover med båt. Til Hermansverk, trur eg det var. Der tok me bussen inn til Sogndal. Litt seinare kom in ny buss og tok oss med heilt inn hit, til Marifjøra. Det var ei heil dagsreis, nesten, og det var veldig eksotisk, minnest Lilli. Idyllen i den vesle bygda heilt nede ved fjorden tok nesten pusten frå det unge ekteparet. – Eg hugsar spesielt fjorden. Han var heilt grøn. Og blank. Eg hadde aldri sett maken. Det var heilt spesielt. Og så roen då, freden. Og naturen. Sjå på dei fjella, seier ekteparet. Dei meiner at det ikkje er så rart om dei trivst i slike omgivnader.Kjenner Sogn ut og inn – Der oppe har me vore fleire gonger. Første gongen rodde me over fjorden og gjekk opp stien. Det var stupbratt og det veldig slitsomt. Neste gong me var der oppe, var med bil, ler Anton når SA sin utsende ser over fjorden og lurer på om dei nokon gong har vore på Råum. Etter over 50 vitjingar i regionen kjenner ekteparet Sogn ut og inn. Dei har vore i Jostedalen fleire gonger. – Ja, eigentleg har me vel vore framover i dei fleste dalføra i heile distriktet, ler det blide ekteparet. Nokre overnattingsavstikkarar til Sogndal og Skjolden har det og vorte opp gjennom åra. Dei første somrane var og dei to døtrene med på ferieturen til Sogn. Men etter at døtrene vart konfirmerte fekk dei andre ferieinteresser. No er døtrene sjølve bestemødre..Butikken og dialekta – Det er synd at butikken er borte. Det var meir liv her før. Ingen tvil om det. No er det meir stilleståande, ja, seier Lilli når Sogn Avis spør kva som har endra seg mest i ferieparadiset i løpet av alle desse åra. – Men det som kanskje har endra seg mest er sognedialekta. Som er vorte mykje rundare i kanten enn før i tida. Svært få snakkar så breitt som dei gjorde før i tida, meiner Lilli. – Du, dei første åra var det nesten komplett uråd å forstå kva sogningane snakka saman om. Me måtte nesten ha tolk, ler Anton. Også han tykkjer det er blitt enklare å forstå lokalbefolkninga. – Men noko som ikkje har endra seg i det heile er Tørvis hotell. Og det er jo grunnen til at me er her for 52. gong, seier ekteparet. – Maken til service, til atmosfære, service og mat, har me ikkje funne nokon anna stad.Heiar på Sogndal – Så synd med Sogndal, då du, seier Lilli når Sogn Avis er i ferd med å takka for intervjuet og ekteparet avslører at dei og følgjer litt med i fotballen. – Så veldig interessert er me nok ikkje, men me får alltid med oss korleis det har gått med Sogndal. Det er ingen lag i Bergen me har noko tettare forhold til. Brann er det ikkje aktuelt å heia på, ler Anton som håpar at SIL klarar seg i går og. Har så ekteparet ingen dårlege minne eller opplevingar etter over 50 år som turistar i Sogn . – Jo, seier Anton. Då me kom med bussen sist veke, sette Ottadalen-sjåføren oss av oppe i riksvegen. Han nekta å køyra nedom Marifjøra. Me måtte gå ned til hotellet med all bagasjen vår. Det er første gongen me har opplevd etter at me slutta å køyra bil sjølve, sukkar Anton. Han håpar at bussjåførane frå Ottadalen skjerpar serviceinnstillinga til neste sommar. For då kjem det trufaste ekteparet attende til Tørvis.