Velkomen til Jørongo

Hurrongane               Frå Bondehaug               Linker             Facebook             Skjolden og utover             Molden og omegn

Skulehusa i Gol kommune

Omgangsskulen tok slutt i 1870 åra, og skulen vart fast i hus som berre var bygd til skulebruk. Ein var ved eit tidsskifte. I over 100 år hadde omgangsskulen fare frå grend til grend i bygda. Med fast skule kom nye og betre arbeids- og opplæringsmåtar.

Les kva Hallvard Svello skriv om skule- og opplæring i Gol i 1820 åra her

Golreppen krins

Golreppen fekk fast skule i tingstova frå 1860.

Klokkar Syver Viljugrein med konfirmantar.

Lærar Berg dyrka opp ein skulehage ved Tingstova.

Tredelt undervisning frå 1886.

Frå 1890 vedteke at den eine småskuleklassa skulle ha undervisning i Hesla i leigd rom.

Nytt skulehus på Sanderborg 1911. På folkemunne kalla "Golreppen skule". Skulen vart lagt ned 1960. Frå 1969 til 1989 brukte HVPU - Hallingdal dagheim bygningen. Bygget vart teke ned 1998 for å gje plass til vegutbygginga på staden. Her ser du "skalet" av bygningen, og det er usemje om etterbruken.

Golreppen skule 1915

Bygging av ny skule på Heslajordet byrja i 1959 og teken i bruk 1960/61. Etter kvart som grendaskulane vart lagt ned, fekk elevane skulegangen ved Gol skule. Glitrehaug skule var nokre år ei underavdeling av Gol skule. Elevane i 1. og 2. klasse gjekk der fram til og med 2015 då alle grunnskuleelevane i Gol kommune byrja på nyeskulen august 2016. SFO for Gol- og Herad skule på Glitrehaug, vart og med til nyeskulen..

Frå opninga av skulen her

Den gamle doktarbustaden vart Glitrehaug skole, ein barneskule for born med lærevanskar. Skulen starta opp 1964 og heitte då "Gol offentlig spesialskule" fram til 1976, då navnet vart endra til Glitrehaug skole. Skulen vart avvikla 1992.

Gol skule, (nyeskulen) ligg på Hallingmo og starta opp august 2016. Det er ein kombinert barne- og ungdomskule. Born frå alle skulekrinsane i Gol går her. Meir om skulen

Gol ungdomsskule var ny i 1967. Etter at elevar og lærarar flytta til ny skule i 2016, har ungdomsskulen stått tom. Kommunen vurderer å pusse bygningane opp og la Læringssenteret flytte inn. Men so flytta arbeidsinstituttet i Buskerud inn 2019 

Ungdomsskulen 1970

Herad krins

Det første skulehuset i Herad vart teke i bruk 1877 og inkluderte elevane frå Liroten.

Skulen etter ombygginga 1957.

Ny Herad skule bygd 1983 og teken i bruk 1984. Elevane heldt til på Golreppen skule medan skulen vart bygd opp att etter brannen i januar 1983. Frå hausten 2019 vart Øygardane, Åsgardane og Rotneim barnehagar lagt ned og tilbodet flytta til Herad barnehage, tidlegare Herad skule.

Åsgardane krins

Åsgardane (Åsgardo): skulehuset vart bygd i 1869. Lærer E. Bekkestad, Ål fortel i "Dølaminne" nr. 2 1925, om den tida han var lærer i Åsgardo. "Skulehuset stod den gongen på Haugen, og der budde han". Skulehuset vart flytt i 1882. 1925 fekk Gol kommune kjøpt tomt til Åsgardane skule for kr. 300 av Ola Berg. Det er den tomta skulen har i dag. Nytt skulehus vedteke bygd i 1937, men fekk det først i 1957. 

Øygardane krins

Øygardane (Øydgardo): skulehuset bygd på Ro nær Pustekjelda i 1862.  Vedteke å flytte skulehuset til Roteigen i 1890. Nytt skulehus i 1932-1934, bygd om 1956.

Rotneim krins

Rotneim: skulehus vedteke bygd i 1862. I 1890 vedteke at skulehuset skulle flyttast til Vesle-Eikra. Nytt skulehus i 1924, og ombygd 1957.

Granlia krins

Grønlio: skulehus vedteke bygd i 1885. Nytt skulehus 1954. Det gamle skulehuset vart flytta til bygdetunet på Skaga. Grønlio skule vart lagt ned 1963. Frå då av vart bygningen brukt som barnehage. Då barnehagen vart avvikla 1990 overtok grendelaget eigedommen.

Engene krins

Engjo: skulehus bygginga starta i 1863, det som står her i dag vart bygd 1937. Skulen vart lagt ned 1966.

Grov krins

Grov: Stova er kjøpt frå Gol og flytt til Grov 1913. Skulen vart nedlagt 1951.

Sørbøl

Nokre år var det separat skule i Sørbøl fordi skulevegen til Grønlio var so lang.

Åse

Åse Krins (skulen borti "åse" Klanten, Brenn, Fanterud etc.) vart skipa i 1876, og det var omgangsskule i Brenn fram til 1879. Frå då av gjekk  borna gå på skulen i Åsgardane. Les meir om Åse krets her

 ______________________

Glitrehaug skole- og internat

Glitrehaug skole for lærevanskar starta opp 1964 og heitte då "Gol offentlig spesialskule" fram til 1976 då navnet vart endra til Glitrehaug skole. Skulen vart avvikla 1992. Dette var ein barneskule for elevar med lærevanskar. Skulen hadde både internat og eksternat og var ein statleg skule. Statens spesialskoler hadde sin virksomhet frå 1825 til 1992.

HVPU - Hallingdal dagheim 1969 - 1986

Rystelia 1986 - 1990

Skuletilbod for åndsveike i Hallingdal kom i stand 1969 med tilhold i Golreppen skule. Der var dei fram til 1986. Då flytta elevane til nybygget Rystelia. HVPU reformen 1991 førte  til at Rystelia vart lagt ned 1990. Skulebyningen brukes i dag som dagsenter.

Gol arbeidssenter er eit kommunalt dagsenter for menneskjer med psykisk utviklingshemming.

________________________________

Andre utdanningsinstitusjonar

Buskerud Husflidsskule

1956 Buskerud kvinnelege husflidsskule, frå 1972 Buskerud husflidskule. Skuleåret 1956-1957  vart det husflidsskule i Gol i leigde lokale med opplæring i veving og saum.

  

1980 flytta skulen til LK bygget. Husflidsskulen vart i 1994 offisielt slege saman med Gol vidaregåande skule.

Hallingdal Folkehøgskule

Hallingdal folkehøgskule  (Privat): Skulen tok over garden Skaga i 1958, som ligg i lia vestom Gol sentrum, og vart skipa i 1959. Folkehøgskulen er frilynt og er eigd av Hallingdal Høgskulelag.

Hallingdal Gymnas

Les om opninga av skuleanlegget på Hallingmo 28.09.1968 her

So vart det klubbhus 1996, levande dugnadsånd

Hallingdal gymnas, no Gol vidaregåande skule (fylkeskommunal) ligg på Gol i same komplekset som Gol ungdomsskule og Gol samfunnshus. Skulen vart teken i bruk hausten 1965. Les om Hallingdal Gymnas her


Sist oppdatert 30.06.2020 kl. 11:34

Del denne siden med andre!

Share on FacebookShare on Twitter


Joranger, Skriv ut siden
Websidene er laget i publiseringsverktøyet Mekke.no