Røyteholet

I Røyteholet har det vore seks-sju sel og ein del fjøshus. Stølsdrifta i Røyteholet vart slutt i 1953. I dag er her fem sel og ei kombinert sel/hytte som alle blir haldne godt vedlike.

Det var ikkje slåttegjerde på sjølve stølen Røyteholet. Men inn på på Røneidsnipa var det utlagt slåtteteigar som dei ulike brukarane slo og gjorde seg nytte av. Høyet vart lagra i løer og køyrt heim på vinterføre.

Til denne vintertransporten nytta dei ein annan veg. Dei køyrde via Brusabrekka, Ulvongo og Opheim til heimegardane. Dette var ein noko lengre, men laglegare køyreveg som fleire brukarar hadde nytte av, og dei kunne difor dela på å halde vegen open gjennom vinteren. I 1989 stod det ferdig traktor/ bilveg frå Sjåflat til Raudgota, og året etter var han vidareført gjennom Brekkedalen forbi Brusabrekka og like til Storeskar.

Røyteholet er stølen til Nedre Joranger, Krosshaug, Haugane og Bugge Næss.
Før det vart bygd veg til Skaret måtte ein bera/kløvja det ein hadde bruk for på stølen opp Jørongahagen- via Lyngsete.

Bufordagen laut både hest og folk hjelpa til. Kløvhesten frakta både ystekjel, kaffikvern, sengeklær og anna utstyr.

Om somrane vart det mange stølsturar. Oftast var det å ta med seg salt, mjøl og kaffi som skulle fram til budeia. Og så ei tung oste- og smørbør heim att.  Då var det godt å finna ein god kvilestad ved vegen. 

  

 

   

 

 

 

 

 

 

 

 

Fjelltoppane Hest og Såta i bakgrunnen

Du kan lesa meir om Røyteholet her

Bli med til Lyngsetnipa

Bli med til Lyngsete

Kommunesenteret Gaupne