Frå serien «Gamle Hallingdal»
Det største møtet mellom folk av hallingætt i Amerika og Hallingdal var i jubileumsåret 1914. Over 1200 norskamerikanerar reiste til Noreg og såg att gamle tufter og trefte skyldfolk. Den store ferda kom til Hallingdal i slutten av mai 1914. Det var mange møte og festlege samvær i alle kommunar, med program og mat på gammal gjerd.Gjestene hadde også med seg pengegåver som vart gjevne som legat. Men hallingane ytte ei motgåve til det slektningane i Amerika gav. Erling Bekkestad og Svein Nestegard sette seg i sving og fekk laga ei fane, som målaren Ekornes måla. Denne vart overlevert på ei stor samstemne på Nesbyen.I Gol song Rotneim songkor for gjestene, med lærar O. T. Brennhovd som dirigent. Brennhovd var aktiv i ungdomsarbeidet i Gol, han var med og skipa Hallingdal sogelag og Hallingdål songarsamskipnad og han var organist. Det vekte nok sikkert mange minne, då dei langvegsfarande gjestene fekk høyre att kjære songar og salmar.På biletet ser me Rotneim songkor med Hallingfana. Dei som står mellom songkoret og fana er av dei norskamerikanske gjestene.
H.d. 17. september 1983
Rotneim songkor
Namna på songarane er:
1. rekke frå venstre: Sigrid T. Gutigard, Turid Jonsgard, Birgit T. Gutigard, Liv O. Rødningen, Birgit K. Fossebakken, Birgit H. Jegleim, Birgit P. Rustberggard, Sigrid S. Teigen, Karoline H. Rotneim.
2. rekke frå venstre: Herman Hulen, Erik E. Øynebråten, Peder P. Rustberggard, Ola Jonsgard, Mekkel P. Rustberggard, Sander Jonsgard, Asle Roteigen og Arnfinn P. Rustberggard.
Dirigent O. T. Brennhovd står fremst.