Frå serien «Gamle Hallingdal»
Frå dei førande i Hallinglaget i Amerika kom det oppmoding om at det vart reist ein bautastein i alle bygder  i Hallingdal med innhogd namn på dei som var med i ufredsåra frå 1807 til 1814. Amerikanerane skulle koste innhogginga av namna. Kommunane gjekk inn for dette og steinane kom opp.
Bautasteinen i Gol vart avduka den 2. Juni 1914 til minne om dei golingane som var med i ufredsåra 1807-1814. Steinen fann dei på Svøo og med mannekraft og hest vart den frakta til Tingstugu som då var under bygging. 50 namn er hogge inn på bautaen.
Der var mange norsk-amerikanere som var i Norge då bautaen vart avduka (sjå under) og som bidrog med store pengegåver.
Det var Ola Rimeslåtten som avduka bautaen og Sjugurd Olstad bar fram jubileumsgåva til Gol. 9000 kr som skulle gå til eit legat til hjelp for dei fattige. Etter avdukinga var det stor fest på Vonheim der ordfører O N Hoftun styrde samankomsten. 
Dei øvrige bautasteinene ved Tingstugu vart reist seinare.

Det største møtet mellom folk av hallingætt i Amerika og Hallingdal var i jubileumsåret 1914. Over 1200 norskamerikanerar reiste til Noreg og såg att gamle tufter og trefte skyldfolk. Den store ferda kom til Hallingdal i slutten av mai 1914. Det var mange møte og festlege samvær i alle kommunar, med program og mat på gammal gjerd.Gjestene hadde også med seg pengegåver som vart gjevne som legat. Men hallingane ytte ei motgåve til det slektningane i Amerika gav. Erling Bekkestad og Svein Nestegard sette seg i sving og fekk laga ei fane, som målaren Ekornes måla. Denne vart overlevert på ei stor samstemne på Nesbyen.I Gol song Rotneim songkor for gjestene, med lærar O. T. Brennhovd som dirigent. Brennhovd var aktiv i ungdomsarbeidet i Gol, han var med og skipa Hallingdal sogelag og Hallingdål songarsamskipnad og han var organist. Det vekte nok sikkert mange minne, då dei langvegsfarande gjestene fekk høyre att kjære songar og salmar.På biletet ser me Rotneim songkor med Hallingfana. Dei som står mellom songkoret og fana er av dei norskamerikanske gjestene.
H.d. 17. september 1983

Rotneim songkor 

Namna på songarane er:
1. rekke frå venstre: Sigrid T. Gutigard, Turid Jonsgard, Birgit T. Gutigard, Liv O. Rødningen, Birgit K. Fossebakken, Birgit H. Jegleim, Birgit P. Rustberggard, Sigrid S. Teigen, Karoline H. Rotneim.

2. rekke frå venstre: Herman Hulen, Erik E. Øynebråten, Peder P. Rustberggard, Ola Jonsgard, Mekkel P. Rustberggard, Sander Jonsgard, Asle Roteigen og Arnfinn P. Rustberggard.

Dirigent O. T. Brennhovd står fremst.