Jørongabøgdi     Kyrkja    Marifjøra    Dampen    Lyngsete     Lyngsetnipa   Gol  Røyteholet   Saupsete    Skogavarden    Fetbøgdi   Molden     Feigefossen

Joranger Øvre, "Øvre Jørongo", Gnr. 96

Øvre Joranger ligg sørvest, og noko opp, for Joranger nedre. Lengst opp ligg "Krosshaug". Lengst ned "Einargarden". Mellom desse gardane ca 250 moh. og om lag 50m innafor Jørongagrovi, ligg "Olagarden", "Pergarden" og "Larsgarden", i eit klyngjetun. 

På 1900-talet har frukt- og bærdyrling vore ei viktig attåtnæring for fleire bruk, sjølv om hovudnæringi tradisjonelt har vore husdyrhald.