Jørongabøgdi     Kyrkja    Marifjøra    Dampen    Lyngsete     Lyngsetnipa   Gol  Røyteholet   Saupsete    Skogavarden    Fetbøgdi   Molden     Feigefossen

NØREIMSVELDET

Nøreimsveldet omfattar heile Nøreim med Viko og strekkjer seg frå Eikleseign og til det gamle dele mellom Herad og Gol (Mjelhøvd, Kvernhushaugen, Hahaug og Lisbetnøbbe). I 1634 var det strid om Viko høyrde til Nøreim eller Krona. (Krongods er en jordeiendom som tilhører kongemakten (kronen)) Det var Ole Knutson Garnås som møtte i retten for Mikkel Asak, Skedsmo, som var fullmektig over  kanikkgodset (canonigods) til Oslo Kapital. Meir om kanikk og kapitalgods her. Les om kyrkjegodset i Hallingdal her. Les om kongegodset i Hallingdal (gyrvoldgodset) her. Du kan lesa om det lokalkyrkjelege godset her.

9/1 Søre Nøreim  ligg på vestsida av Hallingdalselva og grensar til Eikle i sør (øst) og Nørdre Nøreim ved Gol jernbanestasjon i nor (vest). I Vestlia eig bruket eit skogsområde opp til Nøreimstølen og vidare opp til grensa med Nesbyen kommune. På Søråsen er det fleire skogteigar. Bustadtomta 9/22 Sørheim vart i 1918 seld til Jens Arneson Søndreli. 9/96 Tomta til Gol Sag og Høvel A/L vart utskild frå Søre Nøreim i 1957 men kjøpt attende i 2004. 9/24 Fredheim er eit lite bruk som er skild frå Søre Nøreim i 1919. 9/2 Endefjellstølen vart selt til Hagen i 1843.

5/12 Nørdre Nøreim ligg i hellinga i Vestlii, like bak Gol Jernbanestasjon. Husa 2015, og 2020  Bustadtomter utskilt frå Nørdre Nøreim: 5/63 Hesla Hotell, 5/145 Hjørnet, 5/66 Fagerlund, 5/170 Nørstad, 5/169 Elvestad, 5/97 Rud og 5/79 Nordheim.

9/3 Viko ligg på austsida av Hallingdalselva, ovafor Nøreim og er opprudd i utmarka til Nøreim omkr. 1600. Du kan lesa om Viko her. Bustadtomter utskilt frå Viko i nedre Gol (øvre Herad): S. 801 - 823. 9/4 Rolvshus var bygselbruk til Nørheim/Viko omlag år 1700: s. 823. Bustadtomter utskilt frå Rolvshus: s. 827.  9/9 Petterbråten s. 660 var husm.pl. til Viko, og 9/20 Tronderud/Løvlia var bygselbruk (leigebruk) til Viko. I 1916 vart 9/20 Tronderud/Løvlia skyldelt frå Viko s. 667.