La, Gnr. 93

Garden ligg etter den tidlegare sjø- og kyrkjevegen i Jørongasokni.

Det var ein kjerreveg som batt bruki på vestsida av dalføret, det vil seie Høgi, Tørvi, Opheim, øvre Jørongo, nedre Jørongo og Prestegarden, saman med strandstaden Marifjøra. Likeeins var dette den offentlege vegen som gardane Dvergsdal, Hunshamar og bebuarane i Marifjøra på austsida av elva Mara nytta når dei skulle til Jørongokyrkja.

Ein ny vegtrase vart bygd gjennom tunet på Kjørlog, over Løsletti, Dumben og til Jøroongakyrkja i åri 1938- 47, og stod ferdig til Opheim 1955/56.

Den noverande vegen frå Marifjøra opp til La vart bygd i 1973.

Bilvegen frå riksvegen i Marheimsgjelet og opp til La vart bygd i 1973.