![]()
Julekonsertane i Joranger kyrkje 19. og 20. desember 2013 vart heilt spesielle, og ei utruleg god og stor oppleving. Solistane våre saman med eit fantastisk flott publikum begge kveldane gjorde desse kveldane til noko eventyrleg. Berre så synd at det ikkje var plass til fleire i den flotte kyrkja vår; mange fleire enn dei som var der hadde ynskt å komme. Men det var ikkje i vår villaste fantasi at etterspurnaden etter billettar skulle bli så stor. Berre to timar etter me la ut gratisbillettane, var dei borte!
Helga Farestveit og Einar Bolstad i duett med "The greatest gift of all" i Joranger kyrkje 19. desember 2013 Radio Luster ved Finn Skare.
Mirjam Tverberg og Helga Farestveit har sunge «Mitt land» ved fleire høve. Denne flotte songen som Rolv Løvland og Brendan Graham skreiv i lag, er nesten som ein nasjonalsong. Songen er omsett til norske av Cecilie Larsen, men Åshild Mundal har skrive den om til «sognamaol», og det er den versjonen de kan høyre Mirjam og Helga synge her. Opptaket er frå julekonserten i Joranger kyrkje 19. desember 2013.
![]()