Skulehuset på Joranger

Skulehuset fekk plass på kyrkjeallmenningen ved sida av Vetlabertastova.

Skulen i Joranger skulerode hadde føregått som omgangsskule rundt på dei ulike gardane. Denne ordninga stod ved lag like fram til skulelova av 1860 påla kommunane å syta for faste skulelokale i dei grendene der det var over 30 skulepliktige born. På Joranger var det 60 skulepliktige born og det vart leigt eit fast skulelokale nokre år. Men alt i 1862 søkte skulekommisjonen om at kommunen måtte løyva dei naudsynte midlane til "Opførelse av en Rodestue paa Joranger" Bygget stod ferdig 1864. Ein hadde fått tomt på kyrkjealmenningen. Det var eit vanleg skulehus for todelt skule. Eit klasserom, eit lite kammers og ein gang. Dette var stort framsteg. Men huset var lite og klassane store. I 1864 var det heile 62 skulepliktige born i krinsen. I storskulen var det såleis langt over 30 elevar. Dessutan var det eit problem at ein ikkje hadde vatn på skulen.

Skulehuset på Joranger var i bruk som skule i 50 år fram til 1914. Då vart krinsen slått saman med Fet, og det vart bygd nytt skulehus på Kjørlaug.

   

Etterbruk av skulehuset på Joranger

Skulehuset vart no nytta til ulik lagsverksemd. Ungdomslaget fekk kjøpa skulehuset og hadde møta sine der  og dreiv elles vanleg ungdomslagsarbeid. Ja det var til og med dans i det ærverdige skulehuset. Det vart også nytta som danselokale ved bryllaup. Det er fortalt at dette lika folket på Joranger heller dårleg. 

Etter kvart tykte ungdomslaget at dei var meir tjenleg med å bruka kjellarlokala i den nye Livdtun skule til sitt arbeid. Av den grunn vart "ungdomshuset" på Joranger svært lite nytta.

Laget selde difor huset kring 1924 til Johannes L. Joranger (1869-1939). 

Johannes flytte huset til nærleiken av fødestaden sin "Sendingsbakkane". På omlag same tid vart det sett opp eit uthus innafor stovehuset. Noko seinare fekk stova eit lite påbygg. Uthuset vart rive i 2014.

Dei siste som budde i stova var familien Karl Joranger "Karl i skulehuset"  son av føregåande brukar, fram til dei bygde seg nytt hus på ei tomt like ved.