https://www.joranger.net/sel-basecampen-34319s.html?show=17
Hytta ingen vil ha? – Historien om Brubakken på Tørvi
Det handlar ikkje om at staden manglar sjel. Det handler om at den rette kjøparen berre ikkje har funne vegen hit ennå.
Brubakken (Tørvisvegen 70 i Marifjøra, Luster) ligg vakkert til på rundt 259,9 meter over havet. Eigedommen har djupe historiske røter knytt til gardsbruket Tørvi og den gamle Bruvoll-teigen. Då mor mi selde sin del av huset på bruket i si tid, fekk me fråskilt denne tomta på teigen Bruvoll.
I 1980–1981 vart hytta reist med eigne hender, solid snekkararbeid og eit sterkt ønske om å skape ein trygg basecamp for eit aktivt friluftsliv. Gjennom tiåra har Brubakken vore utgangspunkt for utalde turar i Sognefjella, over breane og opp på tindane – frå storslåtte toppturar til rolege kveldar med utsikt over fjorden. Hytta har vorte stelt med og halde ved like gjennom åra, seinast med nye, moderne trelags lavenergivindauge.
Kven skal føre historia vidare?
Etter meir enn fire tiår i familiens eige, har me no passert 80 år med god margin. Tida er inne for at yngre krefter tek over og fyller staden med nytt liv, og nye eventyr i Indre Sogn.
Annonsa på FINN har hatt mange hundre klikk og stor interesse frå folk, men den endelege kjøparen har ennå ikkje meldt seg.