Annonsa på FINN har lege ute frå midten av mai og hatt 4800 annonseklikk, men kjøparen har endå ikkje meldt seg.
Brubakken (Tørvisvegen 70 i Marifjøra, Luster) ligg vakkert til på rundt 260 meter over havet. Eigedommen har djupe historiske røter knytt til gardsbruket Tørvi og den gamle Bruvoll-teigen. Då mor mi selde sin del av huset på bruket i si tid, fekk me frådelt denne tomta på teigen Bruvoll.
I 1980–1981 vart hytta reist med eigne hender, solid snikkararbeid og eit sterkt ynske om å skapa ein trygg basecamp for eit aktivt friluftsliv. Gjennom tiåra har Brubakken vore utgangspunkt for utalde turar i Sognefjella, over breane og opp på tindane – frå storslåtte toppturar til rolege kveldar med utsikt over fjorden og bøgda. Hytta har vorte stelt med og halde ved like gjennom åra, seinast med nye, moderne trelags energivindauge. (For tekniske spørsmål om hytta, historikk eller praktiske detaljar direkte frå eigar, kan du senda ein E-post)
Kven skal føre historia vidare? Etter meir enn fire tiår har me no passert 80 år med god margin. Tida er inne for at yngre krefter tek over og fyller staden med nytt liv, og nye eventyr i Indre Sogn.
Kanskje folk har teke skrekken då dei har høyrt kor håplaust det er å vera Lustring!