Jørongabøgdi     Kyrkja    Marifjøra    Dampen    Lyngsete     Lyngsetnipa   Gol  Røyteholet   Saupsete    Skogavarden    Fetbøgdi   Molden     Feigefossen

Buskerud Husflidsskule I 1954 sette eigarane av Gol Trevarefabrikk opp ein bygning attmed fabrikken som dei skulle leiga bort til Buskerud kvinnelege husflidsskule. Då såg bygningen slik ut. Husflidskulen hadde sitt første elevkull skuleåret 1956/57. Det var to klassar, ein i saum og ein i vev. Skuleåret 1962/63 fekk skulen tre klassar. Dette krevde meir plass og eigarane bygde på ei høgd. Huset stod klar til skulestart hausten 1962. Buskerud Husflidskule utvida klassetalet skuleåret 1977/78 med ein klasse. Denne gongen vart det ikkje utviding av eksisterande lokaler, men vevklassen flytta til eit leigd lokale i Samfunnshuset. Seinsommars 1980 flytta skulen frå Dalabakken til leigde lokaler i det nye LK-bygget. Frå nå av var Buskerud Husflidskule under same tak og det var rom for fleire klassar og skulen fekk tidsmessige romforhold for både elevar og personale.

Husflidsskulen vart i 1994 offisielt slege saman med Gol vidaregåande skule, og skulen var igjen på flyttefot. Rombehovet vart dekka opp  ved å ta i bruk lokale i Samfunnshuset.

Frå 1956 Buskerud kvinnelege husflidsskule, frå 1972 Buskerud husflidskule.