Kor kom ein seg over Hemsil i gamal tid ved Robru- traktene? Den første brua over Hemsil i dette området som ein ser far etter, var innanfor Store Eidsberget. Litt ovanfor der Grønlibrua er no. Det var ei primitiv bru. Der er det eit godt brustø(B) for dei slags bruer som fyrst vart slegne over elvane. Dei hogg ned so lange trær ved elvekanten at dei rakk heilt over, og på to-tre slike trær la dei så kavlar, og dermed var brua der. Mellom to store steinar ved kvar elvekant, kunne dei lett få til ei bru. Den tid brua var der, gjekk vegen over øvre Rogardane, Gjerdingo og Steget og so ned på brua ovanfor Eidsberget. Det vart også bygd hengebruer(B).
Grønlibrua: Den første Grønlibrua vart bygd i 1931. Ettersom den gamle vegen ned til Robru var som han var, tok bøndene opp tanken om ei bru heller, for å koma rett inn på vegen Gol - Hemsedal. I 1929 søkte dei interesserte om eit tilskot på 10 700 kroner til ny bru. Folket i Grønlio tok på seg å bygge vegfyllinga inntil brukaret. Dette arbeidet var åleine rekna til 20 700 kroner. Kommunestyret løyvde pengar og fylket tok sin 1/5 av kostnaden, og bruarbeidet kom i gang. Dette arbeidet gjekk stort sett for seg om vinteren, og stein vart kila til og køyrt fram med hest. I snø og kulde kom stein på stein på plass, nitid samanhogge av fyrsteklasses fagfolk. Det gjekk med mange tusen lass stein til den svære fyllinga på Grønli side. Heile vinteren køyrde bøndene stein i frå røysar som låg vel ein kilometer oppe i grenda, i alt vesentleg stein som var tatt opp med handmakt, for å vinne ny jord til gardane. Tilsamen ligg det såeis ein eineståande innsats frå folket i Grønlio for veg og bru. Fleire i Grønlio hugsar godt til denne brubygginga. Men gamlebrua vart for smal slik tida utvikla seg med biltrafikk og det som fylgde med vart det bygd ny bru 1966.
"Den nye Granli-brua i Gol, eller Grønlui som det og heiter, er no fullt færdig skriv Hallingdølen oktober 1966. Det er ei solid bru over Heimsila, brei og fin med god plass til to møtande bilar. Den gamle brua, som står litt lenger ned, var altfor smal etter krava i dag, for bussar og andre store bilar kom ikkje over. Den nye brua, som er bygt for Gol kommune av Buskerud Vegvesen, er kostnadsrekna til 170 000 kroner. Ved reguleringsskjønet vart Oslo Lysverker tilplíkta å betala 25 000 kroner i den nye brua, resten fell på kommunen. Det er søkt om fylkestilskot. Den gamle brua vart sett opp i 1931. Det var ei bru som vart overflytt frå ein annan stad i dalen. Jernkonstruksjonen på gamlebrua vart 1977 til gangbru ved Robrua(B).
Samtidig med at brua 1931 vart bygd vart det påbyrja bilveg inn til grenda, og denne vegen vart ført vidare etter krigen. Det er no 8-9 km kommunal veg inn til Granli-grenda med 21-22 gardsbruk. Men bru og veg kjem også ei rekkje skog- og stølseigarar utanom grenda til gode. Ein kan også frå Granli køyra innetter åsen og koma ned ved Lien Landbruksskole i Torpo. Om sommaren er det god trafikk på denne gjennomgangsvegen.
Frå Granli bru er det på vestsida av Heimsila arbeidd ein tiltaksveg (skogsbilveg) fram til Eikredammen i Hemsedal.
Brukara frå Grønlibrua frå 1931 vart det noko meiningsstrid om. Det eine brukaret står att ved Hemsil, ved oppgangen til Grønlio. I kommunestyremøte i Gol sept 1981 vart det, mot ei røyst, vedtatt at steinen i dette brukaret skal nyttast til steingjerdet ved kyrkja i Gol. Seinare har det kome ein rekke reaksjonar på dette vedtaket, med lesarinlegg og telefonar til Hallingdølen. Det blir peikt på at dette var eit alt for hasta vedtak. Saka bør takast oppatt slik at bygda kan få ha dette minnesmerket som eit døme på eit særs fint handverk, likesom eit vitnemål om tida då slikt vart gjort så og seie med berre handemakt, og i eit utruleg slit, ofte i snø og kulde. Det kan vera av interesse å minne om eit og anna i samband med denne saka. Så langt fram som til i 1914 hadde ikkje kommunen løyvd pengar til vegbygging. Likevel hadde det sidan før hundreårskifte vorte bygt mange og lange vegar i bygdene, arbeid som bøndene sleit fram sjølve. Men i 1914 vart det løyvd 60 kroner til å vøle på Buksebrune. (Golsboka). Det er likevel eigentleg ikkje før i dei seinare 25-30 år at det verkeleg kom fart i det kommunale engasjement i vegbygginga utover bygdene. I 1870-80 tok bøndene i Grønlia fatt på å få veg. Dei måtte ta til fra Robrua (på sørsida) og arbeidde seg oppover bit for bit, og kom fram til Lisalien i 1881. Men vegen var bakkut mange stader, og han gjekk innunder Eidsberga, over Steget. Der var det ikkje ufarleg. Det gjekk ras, både sommar og vinter. Bøndene la på seg pliktarbeid for å halde vegen vedlike, 8 dagar om våren og det same om hausten. Denne vegen måtte bygda greie seg med i omlag 50 år, då det vart bygt bru over Hemsil. Det eine karet står att enno, og det er det brukaret som skal rivast. Ettersom den gamle vegen var som han var, tok bøndene opp tanken om ei bru heller, for å koma rett inn på vegen Gol - Hemsedal. I 1929 søkte dei interesserte om eit tilskot på 10 700 kroner til ny bru. Folket i Grønlio tok på seg å bygge vegfyllinga inntil brukaret. Dette arbeidet var åleine rekna til 20 700 kroner. Kommunestyret løyvde pengar og fylket tok sin 1/5 av kostnaden, og bruarbeidet kom i gang. Dette arbeidet gjekk stort sett for seg om vinteren, og stein vart kila til og køyrt fram med hest. I snø og kulde kom stein på stein på plass, nitid samanhogge av fyrsteklasses fagfolk. Det gjekk med mange tusen lass stein til den svære fyllinga på Grønli side. Heile vinteren køyrde bøndene stein i frå røysar som låg vel ein kilometer oppe i grenda, i alt vesentleg stein som var tatt opp med handmakt, for å vinne ny jord til gardane. Tilsamen ligg det såeis ein eineståande innsats frå folket i Grønlio for veg og bru. Fleire i Grønlio hugsar godt til denne brubygginga. Men gamle brua vart for smal slik tida utvikla seg med biltrafikk og det som fylgde med. Det vart bygt ny bru like ovanfor. Jernkonstruksjonen på gamle brua vart fjerma, men brukara stod att. Litt for raskt var det eine brukaret, inntil riksvegen, øydelagt ved at ein privatmann fekk løyve til å ta stein der. Men det andre, på Grønli sida, og som viser i frå riksvegsida, står urørt att, reint som eit monument(B) å sjå på. Det er ønske å ha steingard rundt kyrkjegarden. Det er fint. Men me torer gjera merksam på at det treng no slett ikkje vera hoggen stein. I alle tilfelle vil ikkje stein frå dette brukar et bli nok. Kommunestyret i Gol ser neppe dette som nokon prestisjesak. Det er slikt som skjer i farten. Etter som det er komne så mange klare signal om at dette brukar et bør bevarast for etterslektene, finn sikkert Gol kommune andre utvegar il å skaffe den stein dei treng til kyrkjegarden. Det er ikkje sikkert det vil bli dyrare. Og om so var, det skulle koste nokre kroner ekstra kan ikkje det vera avgjerande for ei sak som denne, og ei kommune som Gol. Det er i grunnen få minnesmerke frå eldre tider i Gol. Om ikkje dette brukaret er så gammalt er det likevel eit minne om ei tid som var så heilt ansleis. Og sjølve brukaret er nesten monumentalt i landskapet.
![]()



