Jørongabøgdi     Kyrkja    Marifjøra    Dampen    Lyngsete     Lyngsetnipa   Gol  Røyteholet   Saupsete    Skogavarden    Fetbøgdi   Molden     Feigefossen

Gol Sparebank

Det første forsøket på å skipe ein sparebank for Gol og Hemsedal herad vart gjort i 1860. Gol og Hemsedal var då ein kommune.

Nes Sparebank som var grunnlagt 1843, var godt innarbeidd og hadde kundar i heile dalen.

Her ser du Gol Sparebank sitt pengeskåp 1871 til 1876.

2. januar 1871 byrja Gol og Hemsedal Sparebank si verksemd i huset til kasserer Østen T. Roe på Roe.

Banken vart ein fellesbank for Gol og Hemsedal frå 1871 til 1906. Hemsedal vart eigen kommune 1897 og fekk sin eigen Sparebank 1906.

1907 flytta Gol Sparebank til Hesla-brua i leigde lokale hjå E. Eidsgard og vart der til den flytta inn i det nye kommunehuset 1915.

Gol Sparebank fekk sin fyrste bankbygning 1929, den såkalla Gamlebanken.

Meir om Gol Sparebanken her   og her Les om Saneringssvindel i 1947 her

"Gamlebanken" vart etter kvart for liten, og ny bygning vart reist 1960.

GOL SPAREBANK SIN FILIAL VED STASJONSBRUA VART OPNA I FEBRUAR 19689/121 Sentrumsvegen 12, er ei tomt som er skild frå 9/40 Samvirkelagstomta. Gol Sparebank kjøpte tomta for å bygge bankfilial der. Filialen vart offisielt opna 29. februar 1968. Banken flytta frå filialen på stasjonsida som vart oppretta i 1962 i leigde lokaler. 1978 vart lokala pussa opp og utvida med den delen som før var bortleigd. Filialen vart lagt ned i 1995 og seld i 1996 . Haugstad Holding AS er no eigar av bygget.

Dei siste 40 åra har det vore mange fusjonar og endringar i banken. 1. mai 1972 vart den lokale sparebanken del av Drammen Sparebank, i 1978 Sparebanken Buskerud, i 1997 Sparebanken Nor og i 2012 DNB. Banken fekk minibank i mars 1979, og vart digitalisert i 1998.  12. juni 2015 var det gravøl i Gol Sparebank. Alle dei tilsatte har fått valet om å halda fram i DNB eller ta imot sluttpakke. Bygningen vart delt inn i 5 seksjonar og selt, 3 til bustadformål og 2 til næing.

Skue Sparebank opna bank i lokala til DNB 1. september 2016.