Kjære Terje og Erling. I anlednig Melchior sin bortgang brukar eg no noko av tida til ettertanke. M var to år eldre enn meg, og Johannes to år eldre enn han.Det vart slik at me to delte senga i stova nokre år medan me var små. "Madrassa" var eit fang halm,og me måtte liggja anføtes. Vil tru at me hadde det fint under "skinnfellen" som truleg var eit par kvitlar. Kan ikkje hugse at me leika noko særleg i lag. Johannes og M har alltid hatt nær kontakt. Dei samarbeidde med lekser og var meir interessert i teoretiske syslar enn å hogga ved eller stella i fjøset. Men noko pliktarbeid trur eg at alle hadde. Særleg om somrane. Men når dei gjekk på gymnaset skulle dei ut å praktisera språkkunnskapane via arbeid på hotellet, medan me andre streva med slåtten. Kan ikkje hugse at eg tykte det var noko problem. Då eg var liten la dei meg ved hesa i ein fruktkasse. Eg har visst "skreke" mykje, men dei sa at ein fekk gode longer og dermed god sangstemme av det. Trur at me søskena hadde brukandes sangstemme so då har vel alle "skreke" mykje.Viser til boka Trondagarden, der finn ein mangt og mykje om korleis det var heime. Då me fekk eigen famelie støtta me kvarandre ved anledningar som barnedåp, konfirmasjoner o.s.v Det har også vorte mange fine fjellturar og kaffislaberas på hytta og i heimane. Tykkjer me har hatt det fint. Noko som ikkje er så fint er denne endringa som råkar ein med aukande alder. Det kan til tider vera krevandes. Når eg ser på bilda frå treff dykk har hatt ser eg korleis M har eldast, ja meir enn det ein kunne forventa. Lurer på om sjukdomen han hadde i tidlege leveår er orsaka. No er han borte og eg trur han tykte det var godt å sleppa smerter og hjelpelausheit. Men det er smertefullt for oss som er att. Det tok lang tid før eg ikke teinkte på mine foreldre kvar dag, etter at dei døydde. Både hovud og kropp må venje seg til med endringa.

Har plukka fram nokre bilder frå Reinli og Bjødalen 4. og 5. juli 2003. Melchior fylte då 65 år som me feira og deiras 40-års bryllupsdag det året vart også markert. Vil de ha nokon av bilda må de først klikka på bilde for å få det i full størelse før kopiering. Det var mange fotografar der som kappast om dei beste motiva. Her kjem første akt.

           

            

         

 Er uviss om garden heite Haslebråten

         

   Det som skal vera med til Bjødalen er pakka og sett i bilane. Ingrid vrir om lykjydl. 

          

Bjødalen neste. Det er fortsatt 4. juli 2003