Bilde til venstre viser smia til Hermund i Donkemoen.
Hermund Amundson Larsplass(L) (1834-1919 )var ein dyktig smed. Særleg var han kjend for å laga kvasse skjryu, lauvknivar og knivblad, som han gjekk omkring og selde sjølv. Var like i Reinli. Vidare smidde han alt som trongst på ein gard den gongen og kvesste reidskap for folk. På meihakane hadde han ein liten detalj og er soleis lett kjenneleg. Det same hadde han på skjyrudn og lauvknivane. Han prøvde seg ogso på å laga ljå, men det gjekk ikkje so bra. Han fekk ikkje bet i ljåen. Hermund og familien budde fyrst i Smebrøta u. Nørdreli, til omkr. 1874-75 (nemnd der i 1874). I 1875 bur dei på Eiklesbråten, som nok er nedpå Hølflate (båtstøe til Eikle), men dei har ikkje dyr og har heller ikkje sådd korn eller poteter. Han er elles oppført som jeger og smed i tellinga det året. Dei hadde ei lita stugu som stod like nedafør stugu til Brøtaguten, med smiu inntil; for det måtte det vera der Hermund budde. Dette var levevegen hans ved sida av jakt og fiske. I 1900 drog Hermund og yngste sonen Hans til Am. Hermund drog til dottera Ingebjørg og familien hennar, er nemnd der i 1900-tellinga. Men i Amerika treivst ikkje Hermund. Etter eit års tid drog han heim att. Han kom då til Brøto til Embrik, og der fekk han bu. Og so stod smiu hans enno, slik at han slapp til å smie. Då var det ikkje lenge før han fekk seg opp ci ny stugu med smit inntil i Donkemoen, og her heldt han til den siste levetida si. Denne som den forrige stugu hans. vart kalla Hermund-stugu.



