ROSAGAI VOLA
Ein stad nedst i Vola hadde dei på Øvre-Ro bygd opp ei sag. Ho er nemnd i 1755, og høyrde til Oleiv Øvre-Ro. I 1758 var det ikkje skore noko på saga,
«formedelst saugens brøstfeldighed». I 1761 og 1764 var det heller ikkje
skore noko på ho. I 1764 heiter det at ein lut i denne saga høyrde til nørdre
Løstegard. I 1768 vart det skore om lag 60 tylfter med «vandkandtede Bord
11/4 tome tykke og 10 a 12 fod lange, til huusbehov af tømer komen af egen
skov», underskrive Steingrim Olsson Løstegard. Det heiter no at det var
ein dam til saga laga av tømmer. I 1775 var det skore 300 bord. I 1776 var
det ikkje skore noko. I 1779 var det skore 150 bord. I 1780 var det ikkje
skore noko. I 1785 var det skore 300 bord. I 1788 var det skore 48 bord, I
1791 var det skore 160 bord.
Like før 1795 selde Ola Steingrimson Løstegard saga i Vola til Knut
Tomasson Slåttestølen. I 1809 selde Tomas Knutson Slåttestølen saga til
Ola Ivarson Kjednbal for 99 rdlr. Seinare vart saga selt til søre Brennhovd.
Ho vart flytt opp til den nye Grønlivegen, og var i bruk der ei tid til ho vart
rive.