GOL SAMVIRKELAG flytta inn i tidsmessig forretningsgard 1929, Sentrumsvegen 10, 9/40 Alfheim.
I Gol vart det stifta samvirkeforening i mars 1920. Samvirkelaget hadde sin første butikk i krambua til H. Edv. Berg som hadde slutta med kremmarhandel omkring 1912. I desse leigde lokala var dei til nybygget stod ferdig i 1929. Under planlegginga av nybygg vart det strid om bygget skulle vera oppe ved Heslabrua eller her ved Stasjonsbrua. Foreningen kjøpte tomt av Birgit Rust (Broheim) i 1927 ved Stasjonsbrua. I mars 1929 flytta laget inn i eit tidsmessig forretningsbygg. Handelen gjekk godt og det kom ynskje om ein filial ved Heslabrua. 1962 starta dei opp i Olsgardhuset og vart der i 10-12 år. Samvirkelaget held til ved stasjonsbrua fram til mars 1997 då dei flytta inn i Kremmartunet. I mellomtida hadde laget vore tilknytt Hallingdal S-lag og frå januar i 1997 Ringerike S-lag. A O Haug var styrar første året. Deretter Svein Kittelsland, Trond Fekene, Sverre Hamborg, Erling Eknes, Ragnar Horge (1966-1995) og til sist Kitil Myrvollen. Kitil vart med på lasset til Kremmartunet. Han har 26 års fartstid som handelsbetjent og var styrar frå 1995-1997. Svein Kittilsland dreiv samvirkelaget sin bensinstasjon etter at han slutta på Samvirkelaget.
Gol samvirkelag var på mange måtar før si tid og sto fram som eit kjøpesenter i miniatyr. I storheitstida i 50 og 60 åra hadde butikken fleire avdelingar, der ein kunne få kjøpt det meste under eit og same tak: Kjøtvarer og fisk, kolonialvarer, jernvarer, byggvarer, koks og kol, sportsutstyr, leiker, sko og manufakturvarer m.m.
Etter kvart som tyngdepunktet i Gol sentrum flytta seg vestover, og etter at dei store varekjedene etablert seg i bygda, minka trafikken ved samvirkelaget gradvis. – "Me har til ein viss grad klart å behalde gamle kundegrupper, men har ikkje fått tak i dei kjøpesterke yngre kundane", seier Kittil Myrvollen til Hallingdølen 5. mars 1997. Han håpa å få oppleve det med Coop- Mega i Kremmartunet. Coop Mega hadde si første annonse i "dølen" 13. mars 97. Coop vart verande i Kremmartunet ut februar 2012. Då var det kroken på døra. Men kalenderåret 2015 er Coop tilbake via Matkroken. Det skjedde ved at Coop kjøpte alle butikkane til ICA som holdt til hos Eidsgaard. ICA som eigde både Rimi og Matkroken opphørte i oktober 2014. Coop bestemte seg for å bli verande ved Heslabrua, men ynskte seg nye lokaler til Coop Extra. Det løyste seg ved at Coop sjølv bygde lokala til Coop Extra der motellet stod, men teikna ei leigeavtale på tomta i 60 år. 11. mai 2017 kløpte ordføraren snora.
KIWI; Sentrumsvegen 96. Historikk.
Den første utbygginga kom i 1947. Byggmassen er pr. dato i grove trekk slik forretningsgården "Bjørnebråten Matsenter" Olav Bjørnebråten bygde i 1970. Olav selde forretningsgården 1981. Etter Gol Matsenter og andre drivarar flytta Skotten Lavpris hit i 1988 og dreiv til og med året 1991. (meir om Skotten) Frå 1992 vart Skotten til Rimi. Men 1994 kunne ein lesa denne annonsa. Då vart Rimi til KIWI. Mai 2023 såg bygningen slik ut.
SPAR Historikk(B)
1993 kom den første spar-butikken til Gol. Svello overtok Jamo dagligvare 1979, men la ned denne og gjekk over til SPAR i 1993. Men juni 2001 flytta Svello over til LK-senteret og fortsatte der som kremmar med Meny til 2017. Då kom SPAR attende til Gol og er fortatt i LK- senteret.