Hausten 1986 fekk me besøk av Jewell og Rolph på Gol. Me fortalde om amerikaplanane og truleg vart me då invitert til Walker.

Jewell og Ingvald er tremenningar. Ingvald døydde i 12. november dette året.

Oss er i Minnesota. 7. juli 1987 set me på bussen til Walker. Ruben Solee køyrde oss til busstasjonen i Minnapolis. Klokka er kvart på elve og me skal vera i Walker klokka halv fire B. Var innom tettstadene: Becker B, St. Claud B, Little Falls B, og Brainerd B. Til lenger nord me kom dess meir likna vegitasjonen på Norske forhold. Walker er ein tettstad som har grodd opp rundt det store sanatoriet B. og som etter kvart har vorte ein turiststad. Mange forretninger satsar på suvenir frå skandinaviske land. Du kan her sjå bilde av Walker i gamal B B og ny tid B. B. B.

Dagane i Walker 7. til 12. juli vart for oss nærast som eit eventyr. Huset til Jewell og Rolp låg ned ved innsjøen Leech. Dei kjøpte eit sommarhus med stor tomt i 1959. På denne tomta bygde dei i 1980 eit bustadhus slik at dei kunne flytta for godt frå Minneapolis til Walker. Det var sonen som teikna huset. Mottoet var å kunne sjå innsjøen frå flest mogleg rom i huset B. Dei hadde eiga brygge B. B. B. Båt B og anna leiketøy B. Her var det fint å bada B og solnedgangen var av den spesielle sorten B.

Jewell styra på, sjølv om ho egentleg ikkje likte å vera husmor. Ho var samfunnskritisk og snar med å sei i frå når det korrekte ordet ikkje var funne. Ho fekk litt av ein jobb desse dagane me var der. Det var fleire opphaldsrom i huset B B og dei hadde ein fin veranda B. Frå to av soveromma kunne ein sjå ned i stova. Det var tepper over alt utanom kjøken og bad. Det var ikkje gardiner å sjå. Gode skinnstolar ved TV- en bandspelar, piano, orgel og ei hylle full med gramafonplater og kasetter.

Det vart stelt i stand ein fameliepicnic slik at me fekk treffa slekninger. I trappeoppgangen vart det teke eit gruppebilede B. Ser to gutongar som eg ikke huksar kor dei høyrer heime. Kanskje den eine er sonen til James, og at han har med ein kamerat. Fleire var innstilt på å bada denne dagen B. B. Nokon hadde oppgåver på kjøkenet B. Andre poserte for fotografen B. B. Mary dottera til James har med mann og guten Max B. Robert er son til Donna som er søster til James. Han har med seg kjærasten Cric B. Både James og Harlan har fritidshus ved innsjøen. Her B ved hytta til Harlan og Sue. Det vart brukt båtskyss dit. Ser at me fekk med oss heim nokre småting som Sue hadde laga av never.

Peder Joranger er gravlagd i Becker, medan kona Julia er gravlagd i walker. Peder og Julie budde først i Minneapolis der dei var hotellvertar. Så flytta dei til Becker i 1903. Der dreiv dei ein cafe. Peder døde i 1905 i Becker av turberkelose og vart gravlagd der. Julia gifta seg tre gonger, sist med Leland A Truxell. Dei flytta til Walker- området men flytta i 1956 som pensjonistar til ein Nortfield gamleheim der Julia og Leland døde i 1961. Dottera Pearl Jeanette fekk turberkelose 27 år gamal, kanskj fordi ho var så flink til å stella far sin. Ho låg lenge på sanatoriet i Walker B. Ein dag dreg me for å sjå grava til Jewells og Harlands foreldre B og farmen der dei budde sju år av sine barneår B. Då Pearl måtte leggjast inn på sanatoriet kjøpte dei denne garden i Walker og flytta hit frå Backer. Etter sju år selde dei garden og flytta til sentrum av Walker.

Me er på dagstur til Bemidji B og Park Rapids B. Her ser ein startpunktet B B for elva Missisippi som me kjenner frå turen til Veroqua.

Me førebur oss på heimreis. Ser litt i butikkane siste dagen B. Om kvelden går me på resturang B. Memories, Rolphs band, skal spela og me feirer samværet i Walker. Vår tur å spandera B.

Jewell køyrer oss til flyet i Fargo søndag 12. juli. Der hadde Adelin og Ansgar, Gordon og Eliane møtt fram for å sei adjø. Snart set me på flyet B og ser ned på Red River dalen B. Mellomlanding på Island også på heimtur. Bussen står klar på Gardemoen og bestemor ventar oss med middag måndag kveld klokka 18, 13. juli. Snipp snapp snute, så var Amerikaturen ute B.

Meir om slekta i Walker her