Området rundt Veroqua liknar mykje på Norsk landskap. Her er det bratte fjellsider m/skibakkar men også store sletter. Det er 2. juli 1987 og reisa til eventyret i Veroqua har starta. Ruber og Laverne hjalp oss med å finna den rette bussen B. Turen går søraustover B frå Minneapolis langs Missisippi River B B. Koseleg busstur via Red Wing, Wabasha, Winona til La Crosse B. Her vart me henta av eit medlem av stemnekomiteen, mannen til Judy Gater frå Luster. Bussturen tok fire timar, medan privatskyssen til Veroqua tok 30 minuttar på 45 km. Evelyn tok i mot oss ved stemnekontoret og me vart med henne heim etter dagens program B. Ei stor gruppe har kome frå Sogn B.
Evelyn Sophia Hoyum Nelson og Noel Harald Nelson er våre vertar i Veroqua B. Evelyn og Noel bur no i byen Veroqua. Farmen er bortleigd. Evelyn og Noel har tre born, Bette Jean, Donald Claen, og Barbara Jane.
3. juli er det utflukt til Norskedalen B. Programmet finn du her B. På veg til Norskedalen køyrer me innom Westby for å sjå ei gamal kyrkje som skulle rivart men vart redda i siste liten av ein handfull bevaringsinteresserte norskamerikanerar. B. B. B. Neste stopp er Tri State B som er ein stor forsøksstasjon for storfe B. "Norskedalen er et natur- og kulturarvsenter dedikert til å bevare, tolke og dele det naturlige miljøet og kulturarven i området rundt Coon Valley, sørvest i Wisconsin" Me køyrde først gjennom skogdalen B. Guide var Hans Peterson Teigen om er tremenning med Alfred Teigen. B. B. Det vart både servering og underholdning B. Vel heime i Veroqua vart det middag på restaurang Viking B. Seinare på kvelden er det flaggparade, offisiell opning av stemna og underholdning. Heime hjå Evelyn og Noel er det midnattstreff B. B.
Laurdag den 4. juli er det først grupper frå Veroqua som underheldt B. Det skulle visst vera ei form for talentshow. Der kom me i kontakt med nokon som budde like ved Høgskulen me held til i. Dei ville så gjerne låna bort telefonen slik at me kunne ringje heim. Overlukkeleg vart dei fordi dei hadde hatt sogningar inne i stova B. Om kvelden var det opptog B og underholdning. Erling Bjørntun leia programmet sogningane kunne by på B. Viser til programmet B.
5. juli er den siste stemnedagen i Veroqua. På føremiddagen er det kyrkjegang. Ein går i den kyrkja famelien har tilhald. Me reiste til North West Prairie Church B. B. Der ligg Anne Sophie og Erik Hoyum gravlagd B. Der skal Evelyn, Noel, Donald og Sonja også gravleggjast B. Først er det innskriving i gjesteboka B. Gudstenesta var nok stort sett som ei norsk gudsteneste, men noko vinkla mot gjestene frå Norge. Ofringa var for oss uvanleg. Her vart det levert konvoluttar med sjekkar i. Seinare på dagen reiste me til ein slektning som skulle feira 35 års bryllupsdag. Det var åpent hus, og dei venta 300 gjester B. Gjestebodet var i maskinhallen som for anledningen var pynta med bider av barn og barnebarn. Alle fekk middag på papptalerkner, kaffe og bryllupskake B. Folk kom og gjekk. Nokon hadde med gåver, andre ikkje. Det rare for oss var at ein ikkje skulle takke for seg då ein forlot selskapet.
Seinare på søndagen er det picnic i parken. Evelyn har avtale med sine søstre om å ta med litt mat kvar B. B. I denne parken vart det avduka ein skulptur i norsk gråstein som Kathe Monson Cassida hadde laga som ei gåve frå Luster kommune. Kathe ætta frå Luster. Det var langt fleire i parken denne dagen enn oss B. B. B. Før fyrverkeriet søndags kvelden var det flaggborg, spel og song av Sogningane B.
Mandag 6. juli tek me avskjed med Veroqua. Evelyn køyrer oss til La Crosse. Me tek bussen derfrå til Minneapolis. Der hentar Ruben Solee oss. Først feires Rubens fødselsdag B. Me fekk også treffe Nancy B. Deretter dreg alle på byen for shopping. I morgon tysdag 7. juli tek me bussen til Walker.
Fiolett farge syner kor bussen går i morgon til Walker B.
Meir om slekta i Veroqua