TØRVI, Gnr. 98 Bnr.1

Hovudtunet på Tørvi ligg 255 moh., mens tunet på Øvretun ligg på 300 moh. Kyrkjevegen gjekk inn til øvre Jørongo og vidare ned til nedre Jørongo. Sjøvegen til Marifjøra gjekk på same staden, og vidare ned til Marifjøra via La. Ny bilveg frå Båtahola på øvre Jørongo til Tørvi stod ferdig i juni 1970.

Øvretun Bnr.2 er utskilt frå Tørvi. Teigen der husa står vart utskilt i 1906 og den nordre teigen i 1912.

Tørvi var einbølt like fram til 1906 og var mellom dei største einskildbruka i det tidlegare Jørongosoknet. Etter at den dåverande eigaren døydde i 1910, vart garden oppstykka og seld, og ei ny biologisk slekt vart etablert. 

Tørvi kraftverk er et elvekraftverk som utnytter et fall på 130 meter i Tverrelvi. Installert effekt er 160 kW fra to peltonturbiner. Årsproduksjon er 0,64 GWh. Produksjonsstart 2020.