Jørongabøgdi     Kyrkja    Marifjøra    Dampen    Lyngsete     Lyngsetnipa   Gol  Røyteholet   Saupsete    Skogavarden    Fetbøgdi   Molden     Feigefossen


Tobias Molland er youtubar i tårnet

Tobias (17) og Per Tore (52) i tårnet: – Det byrja med ein idé om å byggja terrasse med snekkarbod under

Ti år etter at dei bygde huset, fekk Maria Molland (47) lyst på ein stad å drikka morgonkaffien. Ho fekk langt meir enn ho hadde tenkt.

Publisert 10. mai 2020

For mannen Per Tore Molland er ikkje sein å be når kona har ein idé.

– Det er nesten som eg må tenkja meg om før eg ynskjer meg noko. For rett som det er så er han i gang å byggja, fortel      Maria.

– Det var du som tykte det var for dårleg å ikkje ha ein plass å drikka kaffi om morgonen, skyt Per Tore inn.

– Og du trengde ein plass til hageutstyr.

– Ja, når du fekk terrasse så måtte eg få noko også, parerer far i huset.

Vinden endra retning

Planen var klar, men det skulle visa seg at sterk vind endra retninga på planane. Og det som skulle vore ei kjellarbod med terrasse oppå, vart noko anna.

– Det er alltid trekk på den sida av huset, så me bestemte oss for å byggja terrassen inn, seier Maria.

Kjøkenet i huset ligg på den sida, og staden dei hadde bord var svært smal, så dei trengde større plass å samla familien til bords. Så då bestemte dei seg like godt for å opna veggen, og gjera terrassen til etestove. Heldigvis var dei enno på planleggingsstadiet, så ingen spikar var hamra i enno.

– Me såg at her fekk me god utsikt, utan trekk, fortel Per Tore.

Teikna fleire variantar

Huset ligg i bakkane over Joranger kyrkje i Luster kommune. Det vart bygt i 2004, med ein uteplass over garasjen på andre kortsida av huset. Den gongen var det Kjell Bjørn Neset som stod for teikningane. Han fekk oppdraget i 2014 med å teikna det dei først trudde skulle vera morgonterrasse.

– Korleis enda de opp med tre etasjar?

– Eg reiste mykje på arbeid den gongen, og hadde sett eit flott åttekanta lysthus ved eit hotell i Stryn. Eg byrja å spekulera på å gjera tilbygget åttekanta, eller om det skulle vera sekskanta. Me landa på åtte kantar, fordi det vart rundare og gav meir plass inne. Så lurte me på å ha to eller tre etasjar. Han Kjell Bjørn såg på det, og me tykte det vart for mykje tilbygg med berre to etasjar. Så eg fekk ideen om å laga tre etasjar, men det ville ikkje Maria ha.

– Eg syns det var litt galskap, me hadde då ikkje bruk for det. Men så såg me på det, og det var noko med dei tre etasjane.

Så då hamna lysthuset på toppen som ein tredje etasje.

Mamma og pappa sitt rom

Kjellaren vart snekkarbod, kjøkenet fekk etestove i andre høgda av tårnet, og på toppen av kransekaka – eit utsiktsrom av dei sjeldne. Ein må gjennom hovudsoverommet for å koma ut i tårnrommet, og dette blir brukt berre av mamma og pappa i huset.

– Me kjøpte ein dobbelt stressless for ein slikk og ingenting. Der sit me og funderer, og Maria strikkar. Dette er vår stad når me vil slappa av, og kanskje nyta eit glas vin, seier Per Tore.

Maria tek gjerne ei veninne med også, når dei vil vera for seg sjølve og ikkje få praten avbroten av ungane.

– Dei brukar ikkje rommet, kanskje mest fordi det ikkje er internettilgang her, ler ho.

– Det kjem det ikkje til å koma her heller, gliser Per Tore.

– Det er ikkje så mykje å gjera der uansett, seier Thea (14).

Men ho er veldig nøgd med kjøkenet.

– Det er veldig fint å sitja der og eta.

Også mamma Maria er supernøgd med den nye eteplassen rett ved kjøkenet.

– Her kan me sitja å eta utan å sjå kjøkenbenken og oppvasken. Det er deilig tykkjer eg.

At dei også har fått dør frå den nye kjøkendelen og ut, har opna for ny bruk av baksida av huset.

– No har me lettare tilgang til bakhagen. Før måtte me gå rundt heile huset, og var der nesten aldri, fortel Per Tore.

No vert plassen brukt mykje med bålpanne og kos.

Mykje sjølvgjort

Sjølv om Sogn byggservice bygde både huset og tårnet, så har Per Tore gjort mykje inne sjølv.

– Me var veldig nøgde med snikkaren og elektrikaren som var her. Elles innvendig gjorde me det meste sjølve. Einaste tapetseringa, det gjorde me med huset, og det sa eg at det gjer eg ikkje.

Likevel vart det litt av eit arbeid. Mellom anna var taket i tårnet reine puslespelet.

– Det var tungt å koma i gang med det. Men så fekk eg litt starthjelp av ein snikkar. Då eg først kom i gang så gjekk det unna, og det var skikkeleg moro.

Han byrja i kjellaren og trena seg på å innreia snikkarboda.

– Halvåret seinare tok eg kjøkenet. Men eg kvidde meg mest på taket innvendig i toppetasjen.

Alle glasa i tårnet er spesialbestilte frå Fjordglas etter mål. Glasa reflekterer noko av varmen, slik at det ikkje skal verta badstu i kjøkenet.

Ville ikkje konkurrere med kyrkja

Det er ikkje heilt enkelt å byggja til eit tårn på eit bustadhus, når det ligg like ved kyrkja på Joranger.

– Me passa på at det ikkje skulle vera for spisst tak på tårnet, for me skal ikkje konkurrera med kyrkja, seier Per Tore.

Men at kyrkja er sopass nær, gjer at huset til familien Molland nok har hamna i fleire feriealbum.

– Eg har sett fleire som stoppar for å ta bilete av kyrkja. Så snur dei seg og tek bilete av huset vårt også, ler Per Tore.

Huset ser kanskje større ut enn det er. Grunnflata utan tårnet er på 98 kvadrat. Tårnet har ei flate på 16 kvadrat.

Dei tenkte lite på at dei har ein Tobias i heimen då dei bygde tårnet. Ikkje har dei vore i Kardemommeby heller. No har dei sin egen Tobias i tårnet.

– Gjett om eg har høyrt den før, kjem det frå syttenåringen. Men han smiler, så det verkar ikkje som det gjer så mykje. Også han er nøgd med tårnet.

– Det ser stilig ut. Og så har det fin utsikt, og det er fint å sitja der og eta.