Jørongabøgdi     Kyrkja    Marifjøra    Dampen    Lyngsete     Lyngsetnipa   Gol  Røyteholet   Saupsete    Skogavarden    Fetbøgdi   Molden     Feigefossen

JORANGER NEDRE

Prestegård, Gnr. 94  og  Joranger nedre, Gnr. 95

Bnr. 1 Bekken, bnr. 2 Trondagarden, bnr. 3 Øysteingarden, bnr. 8 Under Haugen (lagt til bnr. 1 i 2000), bnr. 10 Karl i skulehuset (utskilt frå bnr. 8), bnr. 12 Kleivi, bnr. 13 Joans-Erikgarden, bnr. 15 Nyheim (lagt til bnr. 3 i 1952), bnr 21 Haugen (Rygg, utskilt frå bnr. 8), bnr. 27 Storeper garden, bnr. 28 Tangen, bnr. 33 Nyheim I (Øllegarden, utskilt frå bnr. 13) og bnr. 39 Leite (lagt til Prestegård gnr. 94-bnr. 3, i 1992)

På 1500- talet var nedre Jørongo adeleg setegard for ætti Benkestok. Gardane på Jørongo har elles gjeve namnet til både kyrkja og kyrkjesokni.

Nedre Jørongo låg tidlegare i klyngjetun med teigblanding i innmarki, og trongen for å samla innmarksteigane i større, samanhengande parsellar førte fram til utskiftingi i 1872. Som følgje av utskiftingi flytta bnr. 1 og 12 husi ut av tunet. Det var meiningi at fleire skulle flytta husa sine, men mangel på vatn utanfor tunet fekk dei til å bli verande der.

Sjøvegen for nedre Jørongo gjekk via La.

Straumen kom til Jørongo 1943.

Ein ny vegtrase vart bygd gjennom tunet på Kjørlog, over Løsletti, Dumben og til Jøroongakyrkja i åri 1938- 47, og stod ferdig til Opheim 1955/56.

"Storevegen (Rv55) vart brøytt med treplog og to hestar framfor. 1928 var første året vegen vart brøytt med bil.


Ynskjer du å sjå stova til Vetle-Berta! og skulehuset på Jørongo! 

              


2008 og 2009: Stova i Trondagarden vart vølt og det kom eit nytt hus på Kleivi 

Nokre av dei som vaks opp på Jørongo vart norsk-amerikanar-sogningar.