Trond Tørvi (1853–1910) vart i 1904 gardbrukar på Tørvi. Etter at han gjekk bort 1910, følgde ei tid med stillstand. Garden Tørvi som fram til 1906 hadde vore ein av dei største i Jørongo sokn, vart no stykka opp. I 1912 fekk Olai Ludvig Helgeson Reksdal (1863-1939) g. m. Karen Nilsdotter Joranger (1867-1937) skøyte på det som var att av hovudbruket, etter at ei rekkje parsellar og innmarksteigar var selde frå. Olai og Karen tok etter kvart namnet Tørvi og var drivarar fram til 1934 då sonen Rasmus (1898-1979) og Johanna (1899-1994) overtok. Med dette utfallet var ei ny biologisk slekt etablert på Tørvi.
Ein av parsellane, Bruvoll (tidlegare Bruteigen) kjøpte Peder Anderson Høgi (1871-1933) og kona Synneve (1856-1948). Dei busette seg her og dreiv Bruvoll.
Då dei eldast, tok dottera Johanna (1899-1989) over ansvaret og fekk skøyte på Bruvoll i 1931. Sønene Per (1933-2007) og Johannes (1936-) vart fødde på Tørvi. Familien busette seg etter kvart på Jørongo i Trondastova. I nesten femti år, fram til 1978, vart Bruvoll driven som ein del av Trondagarden.
I 1978 selde Johanna eigedomen til dåverande eigar Olav (1941-2012) og Halldis (1947-2018). Som ein del av dette salet vart tomta 98/13 skild frå til sonen Ingolf (1940-) og kona Ingrid (1942) som kalla eigedomen for Brubakken.
