Tørvis Hotell – frå stordomstid til lokal gjenreising
Tørvis Hotell har i generasjonar vore sjølve hjarta i Marifjøra. For bygdefolket var hotellet ein stad som berika kvardagen med eit pust av den store verda - fullt av liv, framande gjestar og sommarjobbar for ungdommen. Det var her ein samla slekt og vener til bryllaup, minnestunder og merkedagar. Men dei siste tiåra har hotellet gått gjennom ein krevjande og til tider dramatisk karusell av skiftande eigarar, økonomiske kriser og tvangssal.
Ein æra tek slutt (2005–2008)
Då den langvarige drivaren Per selde hotellet som 79-åring i 2005, vart det starten på ein uroleg periode. Første kjøpar, John Nyborg, sette i gang omfattande renovering, men alt stogga då det vart kjent at han var vikla inn i ei stor internasjonal svindelsak. Eit engelsk selskap tok over i 2006, men forsvann like i det stille. Til slutt måtte Luster kommune og Luster Sparebank i 2007 trø til og kosta ein oppryddingsaksjon for å få vekk bygningsavfallet som låg att.
Nye lyft og tunge børar (2008–2020)
I 2008 kjøpte Rolf A. Wikborg hotellet og gjenopna det med pomp og prakt som Tørvis Bre-, Ski- og Fjordhotell i 2009. Etter nokre gode år rulla dei raude tala inn att, og i 2015 tok investor Ola Moe over. Syskena Schmidt drifta hotellet med stor suksess som bryllupshotell nokre sesongar, men eit mislukka samarbeid førte til rettssaker og millionkrav.Dei påfølgjande åra vart prega av krevjande eigarforhold:
2018–2019: Advokat Halstein Sjølie tok over drifta, men oppgjeret uteblei, og Sjølie hamna i hardt vêr hos Finanstilsynet før hotellet gjekk til tvangssal.
2020–2022: Erlend Follegg (Gondolin) kjøpte hotellet på seljarkreditt. Sjølv om hotellet vart ramma av store vasslekkasjar både etter innbrot og frosne sprinkelrøyr, fekk dei gjennomført fleire sommarsesongar med god støtte frå lokale krefter og filippinske kokkar. Likevel tårna inkassokrava og strømgjelda seg opp etter kvart.
Ljos i vindauga med lokale krefter (2020–2024)
Smidig samdrift med Kafé Marifjøra - drive av Jaryia og Bjarte Lie vart ein viktig redningsplanke i sommarsesongane. Då straumen vart kutta og alt såg mørkt ut hausten 2024, tok Bjarte Lie og Thomas Jahnsen grep for å berga hotellperla ved Gaupnefjorden. Med lokale eigarar på plass er målet no å skapa ein langsiktig og trygg drift, slik at lysa i vindauga på Tørvis atter ein gong kan skina for både bygdefolk og tilreisande.