Hurrungane og områda rundt Lusterfjorden utgjer eit av dei mest særprega og storslåtte turområda i landet.
Hurrungane & Skagastølstindane: Eit eldorado for alpine opplevingar. Frå den overkomlege turen opp til Nordre Skagastølstind til meir krevjande tindebestigningar over Hjørnet, Galleriet og opp Heftyes renne mot Storeuren.
Molden (1116 moh.): Kjent som ein av dei beste utsiktspunkta over Lusterfjorden. Turen opp går via god sti, og frå toppen ser ein rett ned i den turkisblå fjorden og inn mot Lustrafjella.
Utladalen & Vettisfossen: Noregs djupaste dalføre med Vettisfossen – Nord-Europas høgaste frie fossefall på 275 meter. Stien innover dalen byr på dramatisk natur og rik kulturhistorie.
Jostedalsbreen & Nigardsbreen: Kort veg frå fjorden kjem ein tett innpå blåisen. Området gir fantastiske moglegheiter for alt frå enkle stølsturar til føringsturar på breen.
Utsyn frå Brubakken: I retning kyrkja ligg øvre Joranger nærast. Dernest nedre Joranger med den 400 år gamle kyrkja. Ein ser og noko av Sviggaplassane, Gaupne og Lustrafjorden, og ein kan fylgje med på cruisetrafikken til og frå Skjolden. Ein kan og følgje med på trafikken ved varden på Molden. Eit landemerke på desse kantar er Feigefossen, kor enn du ser han frå. Her frå Lyngsete, eller her frå Joranger øvre.
Ein kan velje mellom korte og lengre gåturar direkte frå Tørvisvegen 70: Ein tur opp til stølen Røyteholet har vore obligatorisk når me har vore på Brubakken. Derfrå er det kort veg opp til Lyngsetnipa. Like før ein når "Spegelen" og ser seg tilbake, vil landskapet opne seg i nordleg retning. Frå spegelen er det berre nokre skritt til før ein får stølen Lyngsete i sikte. Derfrå ser ein hytta og Fetbøgda. Klebergseggi har me besøkt jamleg. Å gå til Skogafjellet er ein god dagstur. På vegen opp i nordleg retning vil auga festa seg på Veitastrond. I austleg retning, mot heimlege trakter. Etter slike turar har det vore fristande å lauga seg i Lustrabadet i Gaupne.
Det har og vore vanleg å gå opp til kremtoppen Molden, gjerne frå ulike startspunkt. Ved stabile værforhold har vi ofte trekt mot fjellområda Hurrongane, eller breheimen. Ein annan unik plass er Tungestølen der Veitastrondsdalen møter Austerdalsdalen og Langedalen. Plassen fungerer som innfallsport til både Breheimen og Jostedalsbreen. Der kan du oppleva brefalla ved Austerdalsbreen og Langedalen. Eit anna turmål kan vera Bølifossen i Mørkridsdalen. Fjellvenner blir med dit. Elles vil Heimesida mi kunne gje inspirasjon til turar til fots, med bil, på sykkel eller ein kombinasjon.