Det var fleire krambuer i Donkemoen. 

Hallehuse 1880-1924 (45 års driftstid)(B). Hallehuse (5/324) er nok den eldste krambua i Donkemoen. 1880 løyste Guttorm Syverson Glenna(B) (1856-1914) handelsbrev og tok til å handle i lag med Torstein Knutson Gautehaugen (Rotneim) (1857-1941). 1883 kom dei under tiltale for å ha skrive falskt. Sidan skilde dei lag og Guttorm dreiv vidare åleine i Hallehuse. Guttorm dreiv etter måten stort, men handelen bar seg ikkje. 1889 var det kroken på døra for Guttorm. Neste eigar var Guttorm Guttormson Hallen (1851-1924). Han handla ikkje sjølv, men leigde bort krambua. Det var  fleire som leigde her, men rekkefylgja er noko usikker. Endre Nilsson Vilhelmsli (1866-1950) handla og her nokre år. Det same gjorde Ola Nilson Hoftun d.y. Nigarden (1871-926). Erik Olson Brøto (1872-1959) handla også her eit år. Ola Olson Lagmannsdokk (1855-1940) og Steingrim Steigrimson Frøysok (Nilsegarden) (1889-1966) handla i lag nokre år etter1900. Men so kjøpte Steingrim krambua Brovoll  og byrja der. Ola held fram nokre år åleine og var truleg den siste som dreiv handel i Hallehuse. Han flytta til Ål 1924. Neste eigar av Hallehuse var Ola Nilson Hoftun søre Sygarden (1889-1971) ug. Ola dreiv med sauer og pelsdyr. 1975 vart eigedomen overdrege til Marie Tofte(B).

Slette1900-1910 (10 års driftstid)(B). Ola Arneson Storebråten (1881-1915) opphaveleg frå Bergo, bygde opp Slette (5/64) og handla her ei kort tid. 1910 selde han eigedomen til Halvor Halvorson Brenno-Flagesletten (1856-1925). Halvor dreiv med lagging på sine eldre dagar.  

Eikles landhandel 1910-1945 (36 års drift)(B). Jacob Vilhelmson Eikle (1845-1925) var i sin ungdom kjend som ein fargerik person og ein liten eventyrer. På sine eldre dagar bygde han opp  Østre Eikle(B) (5/74) og starta landhandel omtrentlig 1910. Då han døydde kjøpte Nils Anders Pytten (1905-1952) eigedomen og dreiv landhandelen til 1945(B) då nyevegen kom(B). Då vart det vel 10 år utan butikk i nærområdet. 

Krambua Brovold 1913-1935 (25 års drift)(B). Frå 1913 drei Ola Hoftun(B) handel i Brovold som ligg rett over vegen for Herad handel. Han dreiv her til han selde Brovold til Steingrim Frøysok, som handla her til 1935. Brovold vart seld på auksjon i 1938.

Herad Handel 1956-1982 (27 års drift)(B). 11. juni 1956 kunne Bernt og Ragnhild Narum opne Herad handel(B) i nybygde lokaler. 1980 kunne ein lesa om nærbutikk- kampanjen der ein ber kundane vera tru mot nærbutikken mot framveksten av kjøpesentera og kjedene som kom på 70-talet. Men det hjalp lite og 1982 var det kroken på døra også for denne butikken. Såleis mista nærområdet butikken sin igjen.

Det var også krambuer på Rotneim, Øgardane, Robru. Golreppen,ved Stasjonsbrua, i området Heslabrua og midtre sentrum.