Skysstasjonar: I 1680 var det skysstasjon og gjestgjeveri ved Hovtun(B) (Hoftun) i Herad. Då Gol vart kommune i 1837, starta Ro opp med skysstasjon(L). Frå før var det ingen skysstasjon mellom Hovtun og Hemsedal. I 1852 var stasjonen i Herad komen til Haga.
Skysstasjonane vart faste i 1860 åra. Stasjonshaldaren måtte då binde seg til å halde eit visst tal hestar til ei kvar tid, og det vart slutt på skyssplikta til bøndene. I staden måtte kommunekassa betale eit årleg tilskot til stasjonshaldaren.
I 1873 var den faste stasjonen på Øygardane komen til Løstegard. Ola Løstegard hadde sett opp Båstadstove ved hovedlina i 1876, og her bytta dei skyss frå Hovtun og Eikre. Då nyevegen vart bygd etter elva frå Robru til Hemsedal i 1880, vart det skysstasjon ved Kleva (Granheim)(B)(B)(B).
I Herad var skysstasjonen atter komen til Hovtun. På Viko var det skysstasjon frå sist i 1870 åra til omkring 1902. Då vart stasjonen flytt til Eidsgaard ved Heslabrua, og var der til 1913. Då kom det krav om at stasjonen måtte flyttast til jernbanestasjonen. O. Narum stelte i stand skysstasjon der ved Fagerlund.
I 1924 kunne dei setje ned stasjonshaldet til ein hest. 1931 vart skysstasjonane lagt ned. Då hadde bilane teke over tenesta.
Har funne nokon bilde som tyske soldatar tok under krigen med tittel Rolvshus Skysstasjon. Eit par av desse finn ein og i Gol DigitaltMuseum, men det er uråd å finne dokumentasjon på at det var skysstasjon her. Ved omtale av hotellet står det gjerne at Rolvshus Hotell ligg lagleg til i forhold til skysstasjonen på Viko.