Det første posthuset i Gol kom i 1846. Det var Sjugurd Håvelsen, klokkaren som vart tilsett som postopnar 5. september 1846.
Posthuset var først på Grønset på Tuppeskogen, så i huset hans i Røysen frå 1847.
Då nyevegen mellom Heslabrua og Robru var bygd ferdig i 1875 kom det krav om at poshuset måtte flyttast til Spildra slik at det kom nærare hestekøyre- postruta som vart oppretta i dalen.
Skysstasjonane måtte også skysse posten. Ein reisande postførar fylgde postsendinga frå Rigerike til Lærdal. Han leverte og tok i mot post på alle postopneri etter vegen.
Frå 1880 var det postføring 3 gonger i veka gjennom Gol.
Håvelsen slutta som postopnar i 1876. Etter han var Ivar Torsteinson Teigen postopnar nokre år og etter han Kolbjørn Olsgard. Han kom frå Amerika i 1879 og fekk lov til å setje opp ei stugu på Juven av systera. Denne brukte han som postopnar. Stugu vart rive då han døydde.
Då gamlekyrkja vart rive vart materialane i sakrestiet og koret nytta til eit nytt posthus på nedsida av Hemsedalsvegen, ned i Teigen(B), og det var vel då Ola Narum (Slåtto) overtok som postopnar, og sonen etter han.
I 1897 vart det bygd eit lite posthus(B) ved Heslabrua.(Bergland 32/24) og same år vart G.Tingvall det første landpostbodet i Gol. Tingvall bar posten oppover til Ro-gardane fire gonger i veka.
Då jernbana kom i 1909 vart det krav om at posthuset burde bli flytt ned til stasjonen ettersom posten no vart sendt med toget. Hesterutene oppover dalen (Torpo/Ål) måtte dermed slutte. I 1913/17 kjøpte Narum hus ved stasjonen, dermed vart postkontoret(B) og skysstasjonen lagt dit.![]()