Trondagarden

Frå år 1795 er det «Trondaslekti» som har vore eigarar av bruksnummer 2 på Joranger nedre. Men først i året 1825 kom den første i denne slekta med namnet Trond til verda, nemleg min oldefar Trond Johannesson (1825-1912). Min far, Trond J Joranger (1896–1987) bar namnet vidare, og det same gjer dottersonen min, som er fødd i 2009. 

Samstundes er det historisk dokumentert at adelsmannen Trond Benkestokk eigde store delar av Joranger-godset på 1500-talet. 

Joranger og Fet kyrkje: 

I mange høve hadde storgardar eiga kyrkje. Mange har opp gjennom tidene undra seg over at her i mellomalderen vart reist to kyrkjer så tett. Dette har forfattaren av den gamle bygdeboka for Hafslo, Jon Laberg, omtalt. Årsaka til at Fet har si kyrkje og Joranger si, endå så nær desse gardane ligg kvarandre, trur Laberg var at dei adelege eigarane av desse gardane ikkje kunne verta samde om felles kyrkje, men bygde kvar for seg. På Fet var det adelsætti Kruckow som eigde hovudgarden i mellomalderen.

Både på Joranger og Fet stod det først ei "stavkyrkje" som truleg vart oppført som huskapell på 1200- talet. Ei ny kyrkje vart truleg reist på Joranger i 1620-åri og ho skal vera identisk med kyrkja som står der i dag. Materialar frå den gamle kyrkja skal ha vore nytta i nyekyrkja som er ei tømmerkyrkje med liggjande kledning. Ho har eit åttekanta tårn som er dekt med kopar, og har elles ei sval som vart nytta som våpenhus. Kyrkja hadde eigen prest i mellomalderen.  

Joranger i Luster var den viktigaste setegarden for Benkestok-slekta i Sogn. At garden var setegard vil seia at Benkestok- ætti hadde bustaden sin der. Herfrå vart mykje av jordeigedomane i Sogn administrert. Meløy i Helgeland vart sentrum for Benkestok-slektas makt i Nord-Noreg etter reformasjonen. Slekta var ei av dei viktigaste norske adelsslektene som overlevde overgangen til dansketida. Forutan godset Joranger og Meløy (Nordland) eigde dei og Talgø (Finnøy). Sentrale personar var Trond Tordsson Benkestok (ca. 1415-1472). Han var væpnar og riksråd. Torleiv Trondssøn Benkestok (ca. 1453-1502) var lensherre og gift med Adelus Kruckow. Tord Trondsson Benkestok (?-1587) var lagmann i Nordland og fogd over Jæren. Her kan du sjå deiras våpenskjold. 

Bruket høyrde til Benkestok-godset til 1617 då det vart pantsatt til futen Anders Larsson på Fur i Luster. Han vart eigar då Trond Benkestok ikkje greidde å løysa inn pantet. 

Setegarden Fet i Luster var hovudsete for Kruckow-slekta i mellomalderen. Slekta stammar truleg frå Pommern (Polen/Tyskland) og kom til Noreg på 1400-talet. Sentrale personar var Anders Johannesson Kruckow (ca. 1412). Han var stamfar frå Pommern. Erich Andersen Kruckow (?-1471) var ridder, riksråd og sysselmann på Helgeland men budde på Fet. Adelus Eriksdatter Kruckow (1460-1530) knytte slekta saman med Benkestok-ætta gjennom ekteskap med Torleiv Trondsson Benkestok. Deira våpenskjoldet.

Slekta mista gradvis sin posisjon utover 1600- og 1700-talet, og namnet forsvann ut av bruk midt på 1700-talet. 

Sjølv om adelen hadde stor makt, vart den sett på som uforeineleg med den norske demokratiske ånda etter 1814. Adelslova vart vedteke i 1821 og titlar vart fasa ut over éin generasjon. Merk: Sjølv om titlane forsvann juridisk i Noreg, har mange av desse slektene framleis sitt adelskap intakt i Danmark, då dei ofte var ein del av ein felles dansk-norsk adelsstand.