Luster kommune 50 år

Av Hege Roll-Hansen og Oddmund L. Hoel

Fyrste januar 2013 var det 50 år sidan dagens Luster kommune vart oppretta.

Mange ser det i dag som ein sjølvsagt ting at dei tre tidlegare kommunane Luster, Hafslo og Jostedalen vart slegne saman til ei eining. Men går ein nærare inn på diskusjonane og hendinga i åra før samanslåinga, vert det tydeleg at dette slett ikkje var det einaste tenkjelege utfallet av ei svært omstridd sak.

Kommunedelinga fram til 1940. 

Då kommunane i Noreg vart oppretta med formannskapslovene frå 1. januar 1838, vart kommuneinndelinga langt på veg lagd i hendene på kommunane sjølve. Prestegjeldsinndelinga vart lagd til grunn for kommuneinndelinga, men det var lett for eit sokn å kome seg ut, og det var noko som fleire og fleire bygder nytta seg av utover på 1800- talet då folketalet auka og dei kommunale oppgåvene vart fleire. Fylket vårt fekk frå starten 22 kommunar og var i mellomkrigstida kome opp i 39. Både Hafslo, Luster og Jostedalen hadde derimot dei same grensene i 1962 som i 1838 og i uminnelege tider attover. Her har ein såleis å gjere med eldgamle grenser  og identitetsfellesskap.

Kommuneinndelingskomiteen

1930- åra var ei gjennombrotstid for nye og ambisiøse idear om ei sterkare og meir sentralstyrd samfunnsplanlegging, og no byrja ein på sentralt hald å sjå på kommunestrukturen som eit problem. Naziregimet gjekk faktisk i gang med å planleggje ei større kommunesamanslåing, og etter 1945 var dei lovlege styresmaktene raske med å plukke fram att planane. Alt i 1946 vart Kommuneinndelingskomiteen sett ned, kjend som Schei- komiteen etter formannen Nicolai Schei, fylkesmann i Sogn og Fjordane.
I diskusjonane om nye kommunegrenser i den fyrste etterkrigstida, er det mogleg å identifisere to ulike kommuneideologiar. Den eine la vekt på autonomien til dei lokale einingane og meinte kommuneinndelinga i størst mogleg grad skulle avspegle eksisterande einingar og fellesskap. Den andre la vekt på korleis kommunane kunne fungere som reiskapar for utføring av oppgåver i den storstila utbygginga av velferdsstaten. Folketal, næringsgrunnlag, skatteinntekter og samferdselsmønster var heilt avgjerande kriterium for Schei- komiteen.
Problemet her i området, slik Schei- komiteen såg saka, var ikkje Luster og Hafslo, som var store nok kvar for seg til å halde fram som eigne kommunar. Jostedalen hadde derimot for lågt folketal og for svakt næringsgrunnlag til at komiteen såg noka von. Men korleis løyse jostedalsproblemet? Det skulle bli det store og vanskelege spørsmålet dei neste sju- åtte åra. Oppfatninga i Luster, Hafslo og Jostedalen var tindrande klar og samanfallande: grensene burde vere som dei var. Men så vedtok Stortinget kommuneinndelingslova (1956) etter tilråding frå Schei- komiteen, og då hadde Stortinget og regjeringa fått den naudsynte lovheimelen til å fastsetje kommuneinndelinga imot kommunane sin vilje. Dermed var spelereglane endra, og det var duka for ei omfattande kommunereform.

Schei- komiteen i Sogn og Fjordane 1953
Då lova vart vedteken, var Schei- komiteen alt godt i gang med arbeidet ute i felten. I november 1953 var heile komiteen på ein tovekers turne i Sogn og Fjordane. Fredag 13. november vart nytta til synfaring med buss i Jostedalen, Luster og Hafslo og konferanse med dei tre kommuneleiingane på Hillestad hotell. Framlegget på Hillestadmøtet i 1953 gjekk ut på ein samanslåing av Jostedalen og Luster utan Hafslo. Jostedalsordførar Hallvard Hesjevoll sende fire dagar etter møtet eit brev til Schei- komiteen der han i svært klare ordelag argumenterte mot framlegget. Han peika på at dei geografiske tilhøva og ikkje minst utsiktene til framtidige kraftinntekter gjorde at Jostedalen måtte få halde fram som eigen kommune trass i lågt folketal.

Framlegga 1957 og 1959

Schei- komiteen var i villreie om korleis ein skulle løyse jostedalsproblemet. I den førebels innstillinga si frå 1957 lanserte komiteen to alternative løysingar: 1) (som 1953) å leggje Jostedalen og (nytt) sørsida av Hafslo (Kroken- Ornes- Kinsedalen) inn under Luster; 2) å slå saman Jostedalen med Gaupne til ein nyskipa kommune.

Luster kommune avviste båe løysingar. Å slå saman Gaupne og Jostedalen kunne ‘knapt vera alvorleg meint’. Men Luster såg heller ikkje lyst på å bli påprakka Jostedalen: «Det er også tindrande klårt at Luster økonomisk vil vera den tapande part. ... Jostedal er og vil verta ein underskotskommune.» Det var ikkje dit Luster tenkte seg at dei komande inntektene frå Fortunutbygginga skulle gå. Løysinga vart altså å ta med Hafslo. Den endra innstillinga frå Schei- komiteen gjekk ut til kommunane våren 1959. Kommunestyret i Jostedalen meinte samanslåing av alle tre kommunar ville vere «ei verdigare løysing for Jostedal» enn samanslåing berre med Luster. Kommunestyret i Hafslo meinte primært, som Jostedalen, at dei dåverande grensene ikkje burde endrast, men om det ikkje gjekk, var den nest beste løysinga samanslåing med både Luster og Jostedalen, det vart altså føretrekt av Hafslo framfor å miste sørsida. Då var det berre Luster att der eit massivt fleirtal i kommunestyret framleis gjekk imot samanslåing. Siste krampetrekninga frå kommunestyret i Luster var ein freistnad så seint som i 1961 på å krevje ubrigda grenser, subsidiært å slå saman berre Luster og Jostedalen, ei løysing Luster nokre år før hadde avvist på det skarpaste.

Men no var løpet definitivt køyrt, og i november 1961 kom den kongelege resolusjonen som slo fast at dei tre kommunane skulle slåast saman. Kommunenamnet valda litt bry: Fleirtalet på eit møte med dei tre kommunestyra ville ha «Gaupne», fylkesutvalet ville ha «Lusterfjord», men regjeringa fylgde statens namnekonsulentar og fastsette «Luster». Kongen i statsråd fastsette tidspunktet for opprettinga av Nye Luster til 1. januar 1963. Alle andre kommunesamanslåingar i Sogn og Fjordane kom i 1964 eller 1965. Kva var årsaka til at det gjekk så raskt her? Eitt svar er nok at vår samanslåing var mindre problematisk samanlikna med mange andre. Ein annan grunn må vere at det frå lokalt hald vart skunda på for å få til ei avklaring. Det gjorde iallfall Jostedalen som ynskte å kome raskt i posisjon i høve til planane om utbygging av Jostedalsvassdraget og industri i Gaupne, og av omsyn til ei rask utbygging av skulevesenet.

Samanslåingsprosessen (rabalderval)
Den 17. september 1962 vart det halde ekstraordinært kommuneval for å få på plass eit mellombels kommunestyre i den nye storkommunen. Partifordelinga var det ikkje noko spesielt med: Ap var klart størst, men dei borgarlege partia gjekk i lag og sytte for at ordførar Anders Bjørk (Sp) i gamle Luster vart ordførar i den nye. Han regjerte til 1975. På det konstituerande møtet i 1962 gjekk fungerande fylkesmann Arne Ekeberg likevel så langt som å seie (etter avisreferatet) at «Valet de nett har hatt gav ikkje dei beste vonar for framtida, men ein må tru det vil retta seg og gå bra». Han tenkte nok ikkje då på partifordelinga, men på den geografiske fordelinga. Jostedalen fekk 7 representantar, Luster 4 og Hafslo 26!

Det gjekk som det måtte gå, dei borgarlege partia i Luster gjekk mellombels i fullstendig oppløysing. Det fyrste ordinære kommunevalet i nye Luster kommune 23. september 1963 kom dermed til å bli eit av dei meir legendariske vala som har gått av stabelen i Luster. Det einaste partiet som greidde å stille liste, var Arbeidarpartiet. Elles bestod kommunestyret av fylgjande lister:

  • Lusterfjord samarbeidsliste: 9 representantar

  • Hafslo samlingsliste: 8 repre- sentantar

  • Jostedal framstegsliste: 2 representantar

  • «Felleslista»: 2 representantar (mest veitastrendingar)

Dermed fekk gamle Luster ein kraftig revansj med 17 representantar, Hafslo berre 13 og Jostedalen 7. Bygdelistene vart likevel eit eingongstiltak, frå 1967- valet var dei vanlege partia igjen på bana, det gjekk seg altså til.

Tilbakeblikk

Når ein i dag ser attende på prosessen fram mot samanslåinga, verkar det temmeleg klart at dette kunne gått annleis. Rett nok er det er heilt usannsynleg å sjå føre seg at Jostedalen kunne overlevd Schei- prosessen som eigen kommune, så endringar hadde det uansett vore. Men dette kunne godt ha enda med ei samanslåing mellom Luster og Jostedalen eller ei samanslåing mellom Gaupne og Jostedalen.

I 1965 bad Kommunaldepartementet om vurderingar frå alle samanslegne kommunar for å skaffe seg bakgrunnsdokumentasjon til ei stortingsmelding. Formannskapet i Luster var minst like negativ til samanslåinga no som dei tre kommunane hadde vore før 1963. Det einaste som hadde auka, oppsummerte formannskapet, var administrasjonsutgiftene. Såleis hadde kvaliteten på møtepapira vorte betre, men knapt noko anna. Den lova industriutbygginga hadde ein ikkje sett noko til, og nærings- og folketalsutviklinga var like dyster som før. Lange avstandar og dårlege kommunikasjonar gjorde at folk hadde fått lengre og meir tungvint veg til kommunesenteret.
Skal ein oppsummere Luster kommune femti år etter, vil nok ikkje så mange teikne eit like dystert bilete, tvert om er Luster kommune på mange vis ei suksesshistorie. Skal ein peike på kvifor det har gått såpass bra som det har gjort, er nok definitivt kraftinntektene den avgjerande faktoren. Luster har hatt økonomi til å sikre ei desentralisert utvikling i den spreiddbygde kommunen, og det har nok vore avgjerande for å halde dei interne spenningane frå 1963 i sjakk. Ein skal ikkje sjå lenger enn over Jostedalsbreen for å finne døme på ein kommune ganske lik Luster (altså Stryn) der det gjekk så dårleg etter samanslåinga i 1965 at Stortinget måtte gå med på at Hornindal fekk gjenoppstå på kommunekartet 1977.

Etter årets vending i rikspolitikken er det klart at det går mot ei større kommunereform sjølv om det korkje er gjeve kva konklusjonen vil bli eller når han vil kome. Det tok 17- 20 år (!) frå Schei- komiteen vart oppnemnd til kommunesamanslåingane vart gjennomførde. Korleis denne prosessen vil ende for Luster sin del, kan iallfall ingen vite, men me kan vere heilt sikre på at Luster, Hafslo og eventuelt Gaupne- Jostedalen ville stått langt meir lagleg til for hogg i neste runde om ikkje Nicolai Schei og komiteen hans hadde skore gjennom og gått inn for full samanslåing i mars 1959.

Kjelder

Artikkelen byggjer i hovudsak på dokument og møtebøker i arkiva etter Schei- komiteen (Riksarkivet), Fylkesutvalet og dei gamle kommunane Hafslo, Jostedal og Luster (Fylkesarkivet), og nye Luster kommune (Rådhuset). Ein lengre artikkel om kommunesamanslåinga kjem i Lokalhistorisk årbok for Luster, der vil ein òg vil finne fleire referansar. 

Hege Roll-Hansen og Oddmund L. Hoel