“Mellomalderens varmeperiode”(800-1315). I fem århundre, riktignok avbrutt av enkelte kalde år, nøt Europa varmt, rolig vær, en klimatisk gyllen tidsalder med sommerlige middeltemperaturer mellom 0,7 og 1,0 grader over gjennomsnittet for det tjuende århundre.

Befolkningen økte. Det gunstige klimaet muliggjorde norrøne bosetninger på Grønland fra 900-tallet. I Norge dyrket man korn 100 til 200 meter lenger opp i fjellsidene enn i dag, og England var en sterk konkurrent til Frankrikes vinproduksjon.

Spesielt perioden 1284 til 1311 var preget av uvanlig varme og tørre somre. Og varmen gjorde bøndene enda dristigere og dermed enda mer sårbare".

Seinmellomalderen(1350-1537) var derimot ei nedgangstid med avfolking og øyde grender. Svartedauden i 1349/50 er den hendinga som klarast set skilje mellom desse bolkane.

Jordbruksproduksjonen skrumpa inn og folketalet minka. Det gjekk så vidt at landet mista sitt nasjonale sjølvstende. Nedgangen er uløyseleg knytt til svartedauden. Men pesten har ikkje åleine skulda for nedgangstida, og ikkje for at krisa vart så djup og lang. På slutten av 1200- talet vart klimaet kaldare og våtare.
Etter 1315 opplevde Europa dei verste hungersåra i heile mellomalderen. Avlingane slo feil, kornprisane steig, og det økonomiske livet kom i ulage. I Norge fall etterspørselen etter skinn og fisk og andre varer frå frå dalar og fjordar. Gardprisane fall, og gardar vart liggande øyde alt i den første halvdelen av 1300- talet.

I Hallingdal ber mange gardar namnet "Øygarden" eller "Øydegard". Fleire grender er kalla "Øygardane" . Slike namn er varige minne etter den lange øydetida.

Heile historia her(B).   

Om vikingkongane frå Ringeriket på TV(B)