FAR ETTER FOLK I HALLINGDAL OG HARDANGERVIDDADei første fangstfolka i Hallingdalsfjella og på Hardangervidda har truleg kome frå det såkalla Nordsjøfastlandet mellom Danmark og dei britiske øyane. Her er det i dag fiskebankar, men mot slutten av istida var her bert land endå medan isen låg over det norske fastlandet. Norskerenna såg ut som ein ti mil brei fjord. Her kan dei første jegrane ha sett over, anten med båtar eller på isen om vinteren. Dei sette seg ned på den isfrie kyststripa. Desse første "nordmenn" langs kysten som jakta rein, fisk og sjødyr, er kalla  Ahrensburg- jegrar etter ein funnstad i nærleiken av Hamburg.

Eit funn ved Reine i Ål tyder på at området var isfritt omtrent 8500 år før Kristus. 500 år nærare vår tid ser vi det første spor etter vegitasjon. Ein kan rekna som sannsynleg at dei første fangstfolka sette fot på jord i Hallingdalsfjella ein gong mellom 8000 og 7500 år før Kristus.

OLDTIDA:     stein-,      bronse-,      jernalder

JEGERSTEINALDEREN I HALLINGDAL

Jegersteinalderen i Hallingdal vara omtrent 5000 år, frå 8000 til 3000 år før Kristus. Etter kvart som isen trekte seg attende, har reinen spreidd seg nordover langs kysten og innover i landet. Jegrane følgde etter. Dei kan ha følgd to hovudvegar. På dei sørlege delane av Hardangervidda kan dei ha følgd vassdraga i Telemark og Numedal. Til Hallingdalsfjella  er det mest sannsynleg at dei trekte opp frå fjordane på Vestlandet.

Jegrane brukte reiskapar av flint og kvarts. Ein gong før år 6000 f.kr. får steinalderkulturen eit nytt innslag som har fått namn etter funnstaden på Nøstvet i ås kommune. Der vart det funne ikkje mindre enn eit par hundre grovt tilhogne økser av lokale bergartar. Det er funne 30 slike øksar på Hardangervidda. Denne fasen varte i kring 2000 år.

Det ser ut til at skoggrensa aldri har nådd høgare opp enn i eldre steinalder. Fjellet synest å ha vore skogvakse opp til 1200 meter over havet. Der det i dag er nakent snaufjell, voks det i steinalderen lunande skog med rikeleg tilgang på brennfang.

JORDBRUKSSTEINALDEREN I FJELLBYGDENE

Ringerike ble tidlig befolka på grunn av den fruktbare jorda. Allerede for omkring 8000 år siden var det fangstplasser ved Viul, og de første faste bosetningene antas å være fra omkring 3000–2000 f.Kr. ved Røyse og Stavhella.

Frå jeger til husdyrbonde: Jordbrukssteinalderen i fjellbygdene reknast frå omtrent 3500 år før Kristus. Endringar i klima har hatt vesentleg innverknad på den kulturhistoriske utviklinga. Det har truleg også vore tilfelle då fangstfolk begynte å dyrke jord. Det er ei av dei største omveltningane som har skjedd i menneska si historie. I Norge ser vi starten på ei slik utvikling i traktene kring Oslofjorden omtrent 4000 år før Kristus. Det er omtrent 5000 år etter at jordbruket vart utvikla ved Middelhavet. I fjellbygdene finn ein dei første jordbruksspor omtrent 3500 år før Kristus.

Den første fasen av jordbrukssteinalderen blir gjerne kalla traktbergerkulturen etter ein type leirkar som vart funne på dei eldste jordbruksbuplassane. Heilt oppe på Hardangervidda er det funne brotstykke av leirkar som kan stamme frå denne perioden.

Dei første steinalderbøndene dyrka ikkje korn, dei var husdyrbrukarar og var stadig på flyttefot for jakt og fiske.

Tidleg åkerbruk: Kring Hardangervidda vart dei første kornåkrane sådde meir enn 1000 år før Kristus. Kornbøndene måtte halde tilsyn med åkrane sine og vart såleis meir bufaste enn husdyrbrukarane i den eldste fasen av jordbrukssteinalderen. Med lager av korn minka også behovet for stadig flyttingar til nye jaktmarker. Det vart brukt ein flintsigd til å skjera kornet.

BRONSEALDEREN i Norge er perioda frå ca. 1700 f.Kr.–500 f.Kr. Bronsealderen er ein betegnelse på ein periode i historia som fant stad mellom steinalderen og jernalderen. Bronsealderen starta då ein gjekk over frå å laga verktøy av stein til bronse. Bronsealderen tok slutt då jern vart teke i bruk som viktigste materiale i verktøy og våpen. Bronse er ei legering som består av ca. 90 % kopar og 10 % tinn. Den var svært kostbar, og det vart difor brukte steinredskapar heilt fram til romersk jernalder.

JERNET OG BONDEN

Jern frå malm i myra: Spor etter jernproduksjon er dei vanlegaste kulturminna frå førhistorisk tid i Hallingdal. Forskarane rekna med at tre av dei seks største jernvinneområda i landet låg i Hallingdal. Dei tre var Seterdalen i Dagali, Ustedalen og Golsfjellet. Hallingdal er nå eit nesten samanhengande jernvinneområde med jernvinnelokalitetar i alle kommunar frå lågland til høgfjell. 29 slaggforekomstar og 14 kolgroper er daterte. Dateringane spenner over tidsrommet frå 300 til 1400 etter Kristus.

Jernalder: Jernet har spela ei viktig hovudrolle i fleire overgangar i historia. Ein historisk periode på meir enn 1500 år er beint fram kalla jernalderen, som igjen er delt inn i fleire underbolkar. Eldre jernalder varte frå år 500 før Kristus til 550 etter Kristus. Her er tida frå Kristi fødsel kalla førromersk eller keltisk jernalder, og tida fram til 400 etter Kristus for romartid. Folkevandringstida dekker 150 år frå 400 til 550.

JERNALDEREN i Norge reknast som perioda mellom ca. 500 f.Kr.–1030 e.Kr. Som kulturepoke frå slutten av bronsealder til starten av historisk tid. Det vil sei tida frå jarnet fortrengte bronsen som materiale i reiskap og våpen, og fram til skriftleige kjelder, og ikkje berre arkeologisk materiale.

Jernvinna: Jernvinna er det gamalnorske ordet for utvinning av jernmalm. Ordet dekker heile prosessen frå å felle tre, brenne trekol, grave fram myrmalm, tørke og roste han, og til slutt brenne malmen til jern. For å blåse jern, trong ein høg temperatur, omtrent 1200 grader. Då måtte veden først brennast til kol og luft tilførast med blåsebelgar. I vikingtida og i mellomalderen skjedde kolbrenninga i kolgroper, som er eit av dei vanlegaste kulturminna i Hallingdal.

Jernvinneplassane i Hallingdal er daterte til åra mellom 300 og 600 etter Kristus og fordeler seg over alle seks kommunane. Ein slagghaug på Fosshaugen mellom Hallingen og Kvannhøgd på Golsfjellet viser enorme dimensjonar og har vore rekna som ei av dei største i landet.

Eit frimerke frå 1992, var ein islandsk-norsk-færøysk fellesutgivelse som markerte ca. 1000 års-jubileet for Vinlandsferden og 500-årsjubileet for Christofer Columbus.

VIKINGTIDA. (793–1066)(L)

Vikingar gjekk til angrep på klosteret Lindisfare på austkysten av England i 793. Det markerte starten på vikingtiden. Yngre jernalders eldste fase er kalla merovikingtid, ei periode av nordens førhistorie (ca. 570 – 800 e.Kr.) er også overgangen fra eldre til yngre jernalder..

Nokon trur at vikingane kom frå Hokksund. Meir om vikingkongane frå Ringeriket på TV

Frå slutten av vikingtida(1030) og inn i høgmellomalderen aukar igjen talet på registrerte jernvinneplassar. Dateringar tyder på at jernvinna tok slutt ved svartedauden.

Tilvekstkatalogen i Oldsaksamlinga viser at det er funne kring 250 jerngjenstandar i Hallingdal, dei fleste frå vikingtida.

Vikingtiden i Norge regnes arkeologisk sett fra ca. 800 til ca. 1050. Historisk sett regnes den mer spesifikt fra angrepet på Lindisfarne i 793 til slaget ved Stamford Bridge i 1066.

Produksjonsnivået økte i jordbruket fordi jernet ble tatt i bruk og det ble fort mangel på dyrkbar jord. Mange valgte å utvandre og den enkleste måten å skaffe seg inntekter var ofte plyndring. Vikingene skaffet seg fort et dårlig rykte blant samtidens kristne europeere. Men vikingtiden var også preget av handel, ikke bare i Europa, men også med blant annet Det bysantinske riket og Bagdad-kalifatet.

Rikssamlingen var også en grunn til den sterke utvandringen. Kongenes makt økte, og de gjorde krav på skatter og avgifter. Mange ville heller prøve lykken utenlands enn å leve i ett kongedømme.

Vikingene hadde sine områder som de rådet over og sine seilingsruter. Norske vikinger var mest aktive i nordveg og vesterveg. Nye områder ble bebygd nordover norskekysten, vestover til Island, Færøyene, Shetland, Orknøyene, Skottland og Irland. Senere også Grønland og Vinland (Amerika). Svenskene dro i østerled over Østersjøen og opp elvene i Russland. Danskene dro over til Nord-England, Frisland og Normandie.


I Ringerike ble etterhvert et småkongedømme. To av kongene fra vikingtida er særlig kjent: Halvdan Svarte og Sigurd Syr ble begge fedre til rikskonger. Trygve Olavsson og Harald Grenske var ifølge en kilde også småkonger på Ringerike, men knyttes normalt til andre områder.

Eigedomsrett til jord. Når fangstfolket mot slutten av steinalderen tok til seg husdyr og begynte å dyrke jord, vart det nødvendig å hevde eigedomsrett. Eigedomsretten vart knytt til ein ættefellesskap der husdyr og åker var verdimål. I dette ligg det også ein kime til organisering av maktsentra og lokal hovdingmakt.

Kunstferdig utforma "stridsøksar" og flintdolkar brukt som gravgåver tyder på at ein slik konsentrasjon av makt var synleg alt i det eldste jordbrukssamfunnet. Livsvilkåra var avhengig av årets gang og døgnets rytme. Sol og regn og dyras avlekraft bestemte avling og avdrott. Difor tilbad dei sola og la offergåver i jorda. Dei teikna magiske figurar på fjell og svaberg.

Kong Haddings rike: Hallingdal var ein gong kong Haddings rike. Han er omspunnen av myter og segner, og ikkje berre ein, men fleire norrøne småkongar opptrer under dette namnet. Han må ha vore ein av dei regionale småkongane i tida før Harald Hårfagre samla landet. Etter han vart namnet på dalen skrive Haddinggjadair til langt inn i mellomalderen. Det er såleis vikingtidas haddingar som har gitt dalen og dagens hallingar namn. Den islandske Flatøyaboka fortel at kong Hadding var son til Raum på på Raumarike og rådde over Hallingdal og Telemark. Etter han følgde to til med same namn før Hogne den raude vart konge. Etter Hogne hadde tre nye Haddingar riket etter kvarandre.

Lokale segner seier at Hadding hadde setet sitt på Garnås i Nes. Garnåsgardane ligg på kanten til Garnåskrateret, ein landformasjon skapt av eit metorittnedslag for meir enn 500 millionar år sidan. Kongen kan gjerne ha hatt fleire "kongsgardar" slik seinare kongar hadde.

At Hallingdal var haddinganes dal seier oss at dalen heilt sidan vikingtida har vore oppfatta som ei geografisk eining under same "konge", og nokså sikkert med eigne bygdeting. Hallingdal tingrett kan difor reknast som dalens eldste institusjon. Nyskapningane regionrådet oh Hallingtinget, som er samarbeidsorgan for kommunane, har såleis ganle forbilde.

Mannan i Haugen: I dag er Hadding synt fram som turistatraksjon i haugen i mellomaldersparken på Gol. Hauglegginga der er ikkje heilt utan historiske haldepunkt. Ei segn seier at ein Hadding- konge skal ha late livet i Gol. Og gravhaugen på Viko-jordet nokre hundre meter unna kan gjerne fortelje om ein hovding i haug. Hahaugen, ein segnomspunnen morenehaug tett ved kommunehuset, kan også ha hatt namnet sitt etter kongen.

Kong Haddings tid: Veksten i siste del av merovingartida markerer starten på ein vekstperiode som varte i fleire hundre år gjennom vikingtida og langt inn i middelalderen. Frå denne tida kan vi teikne eit bilde av ein permanent gardsbusetnad i alle bygdene i Hallingdal. Det er på denne tida dalen får namn etter kong Hadding.

Vi kan tenkje oss at det var femti gardsanlegg i heile Hallingdal, truleg nokre fleire i øvre Hallingdal enn i nedre. Med ti personar på kvar gard, får vi eit folketal på 500 i kong Haddings tid. Forskarar har rekna ut at det i heile landet på denne tida kan ha budd 70 000 nordmenn.

Dei første hallingbøndene heldt småfe og storfe, dei dyrka korn på faste åkrar og hausta med sigd av jern. Mat av korn var viktigaste kosten. Dei mol på handkvern og steikte brød på steinheller eller koka graut i grua. Bøndene vann ut sitt eige jern og smidde sine eigne reiskapar. Kvinnene spann, vov og sydde dei kleda huslyden trong.

Hov, Herad og Repp: Ikkje berre kongesegner, men også stadnamn fortel om organiserte bygdesamfunn i tidleg vikingtid. Dei fleste er knytte til norrøn gudsdyrking. I Gol finn vi gardsnamnet Hoftun og Frøysok og stadnamnet Golreppen og Herad. Begge kan vera minne om lokalt styringssystem frå tida etter at landet kom under kongemakta og vennskapen mellom bøndene og lokale småkongar vart svekka.

Både Herad og Repp er er vanlege stadnamn på Island. Der var reppen heilt frå 900 talet ei geografisk eining med eit styre på fem mann. Styret hadde blant anna ansvar for fattighjelp og fungerte som forsikringsordning for bønder som mista hus eller buskap. Også hallingar var med og grunnla samfunn vest i havet. For den islandske Landnåmabok fortel at Roald Herse som budde på Rolvshus i Gol, rusta ut sonen Grim med skip og folk til ferd mot vest. At han og andre landnåmsmenn tok med seg repp-namnet frå Norge, synest sikkert nok. Men om styringsordninga vi kjenner frå Island byggjer på norske forbilde er meir usikkert.

Folkevekst i vikingtida: For landet som heilskap var vikingtida ein vekstperiode utan tidlegare sidestykke. I ein periode på 250 år frå 800 til 1050 auka folketalet med rundt 100 000 til omtrent 170 000. Folketalet i Hallingdal heldt fram med å vekse, truleg minst like sterkt som i landet under eitt.

Over heile Austlandet vart det nå slutt på å bu i store langhus som hyste fleire familiar. Familiebruk med ein familie i kvart tun vart hovudregelen. Husa var små, lafta tømmerhus som lett kunne flyttast og tilpassast skiftande familiestorleik med besteforeldre og barn. Dei store opphavsgardane vart delte og nye bruk vart rydda i utkanten av garden.

Dei oppdelte gardane fekk gjerne namn etter første bonde og vart til Arnegard, Olsgard, Halvorgard og Gunhildgard. Slik oppdeling held fram inn i  mellomalderen slik at vi vanskeleg kan vite situasjonen midt på 1000- alet då vikingtida gjekk over i mellomalder.

Om vi ved utgangen av vikingtida reknar 250 familiebruk med 6 personar, får vi eit folketal på 1500 ved overgangen frå vikingtid til mellomalder i Hallingdal. Det er ein folkevekst på 0,8 prosent over 250 år. Den prosentdelen er omtrent den same som i åra før svartedauden då landet hadde eit folketal på 500 000 og Hallingdal kan ha nådd eit tal på 4350.

KRISTENDOM OG KYRKJER I HØGMELLOMALDEREN

I nordisk litteratur er overgangen til mellomalderen bestemt  av slutten på vikingtida og overgangen til kristendommen. Desse hendingane kan knytast til til ulike årstal. Mest vanleg er det å datere overgangen til Olav Haraldssons fall på Stiklestad i 1030.

Med kristen gravskikk blir det ikkje lenger lagt gåver i gravene. Med det misser historikarane viktige kjelder. Men det går ikkje mange hundreår før skriftlege kjelder veg opp for tapet av dei arkeologiske.

Grensa mot "nyare tid" er sett ved reformasjonen i 1537. Også dette året har samanheng med kjeldesituasjonen. Etter norsk lov er alle kulturminne frå tida før reformasjonen automatisk freda.

Høgmellomalderen(1030-1349) er prega av folkeauke og økonomisk vekst. Kyrkjer vart reist i alle bygder, og eit tjuetal kloster vart bygd utover landet.

“Mellomalderens varmeperiode”(800-1315). I fem århundre, riktignok avbrutt av enkelte kalde år, nøt Europa varmt, rolig vær, en klimatisk gyllen tidsalder med sommerlige middeltemperaturer mellom 0,7 og 1,0 grader over gjennomsnittet for det tjuende århundre.

Befolkningen økte. Det gunstige klimaet muliggjorde norrøne bosetninger på Grønland fra 900-tallet. I Norge dyrket man korn 100 til 200 meter lenger opp i fjellsidene enn i dag, og England var en sterk konkurrent til Frankrikes vinproduksjon.

Spesielt perioden 1284 til 1311 var preget av uvanlig varme og tørre somre. Og varmen gjorde bøndene enda dristigere og dermed enda mer sårbare".

Seinmellomalderen(1350-1537) var derimot ei nedgangstid med avfolking og øyde grender. Svartedauden i 1349- 50 er den hendinga som klarast set skilje mellom desse bolkane.

Jordbruksproduksjonen skrumpa inn og folketalet minka. Det gjekk så vidt at landet mista sitt nasjonale sjølvstende. Nedgangen er uløyseleg knytt til svartedauden. Men pesten har ikkje åleine skulda for nedgangstida, og ikkje for at krisa vart så djup og lang. På slutten av 1200- talet vart klimaet kaldare og våtare.
Etter 1315 opplevde Europa dei verste hungersåra i heile mellomalderen. Avlingane slo feil, kornprisane steig, og det økonomiske livet kom i ulage. I Norge fall etterspørselen etter skinn og fisk og andre varer frå frå dalar og fjordar. Gardprisane fall, og gardar vart liggande øyde alt i den første halvdelen av 1300- talet.

I Hallingdal ber mange gardar namnet "Øygarden" eller "Øydegard". Fleire grender er kalla "Øygardane" . Slike namn er varige minne etter den lange øydetida.

I Helag Olavs tid: Bygdebøkene drøftar når kristendommen først kom til Hallingdal og kva veg han kom. Kristne impulsar eller kunnskap om kristen religion har nok tidleg nådd dalen. Det er likevel få haldepunkt for å datere sjølve religionsskiftet. Snorre skreiv i soga om Olav den heilage at hans tid, det vil seie før 1030, var ingen avdal att ukristna. Kan det stemme for Hallingdal?

Dei stavkyrkjene vi kjenner, er bygd minst hundre år etter Olav den heilages tid. Torpo- kyrkja som endå står, vart bygd i 1190- åra. Gol og Ål fekk sine vakkert prydde kyrkjer omtrent samtidig.

Snorre fortel at kong Olav i året 1023 sigla inn Sognefjorden, drog over fjellet til Valdres, kristna folket, bygde kyrkjer og sette inn prestar. Det er difor rekna som sannsyleg at kristendommen kan ha kome til Hallingdal om Valdres.

Mellomaldermenneska var religiøse på heiltid. Relegionen var for dei knytt til fellesskapshandlingar innafor famelien, garden, grenda eller bygdelaget. På ein slik bakgrunn er det enklare å forstå korleis det kan ha gått til når hallingar og andre la bort si norrøne gudstru og vende seg til kristendommen. Når dei gamle religiøse symbola gjekk av mote eller vart avskaffa ved makt, vart fellesskapets verdiar knytt til dei nye symbola.

Stavkyrkjene er i dag rekna som noko av det mest rotnorske landet kan vise fram. Dei vart bygde kort tid etter at den gamle religionen vart skifta ut og er i seg sjølv vitnemål om at trusskiftet var noko meir enn eit påtvinga sedskifte.

Kyrkjegardane: Overgangen frå norrøn til kristen gravskikk er eit av dei tydelegaste kulturskifta i historia. I norrøn tid vart høvdingen og bonden lagt i haug. Han låg nær tunet, for han skulle minne dei levande om at dei skulle halde skikkane og ætta i ære. Den døde levde vidare på staden der kroppen vart lagt. Med kristen gravskikk fekk heile soknet ein samlingsstad, ein stad dei kunne møtast og minnast. Men den døde var ikkje der. Det indre, usynlege menneske var sameina med sin skapar medan lekamen kvilte i jord.

Kykjeleg organisering: I høgmiddelalderen hadde kvar sokn eigen prest. Alle voksne skulle minst ein gong i året gå til skifte og og ta mot nattverden. Med folketap og prestemangel etter svartedauden vart fleire sokn slått saman under same prest. Hallingdal vart delt i to prestegjeld, Nesgjeld (Flå, Nes, Gol, Hemsedal) og Ålgjeld (Ål og Hol).

Selje bispedømme vart oppretta i 1068 som det eine av tre ved sida av Nidaros og Oslo. Hallingdal og Valdres som i høgmellomalderen var ei sysle med same sysselmann, vart lagt til Selje. Avgrensinga følgde inndelinga i lagdømme, for Hallingdal og Valdres høyrde til Gulatingslagen på Vestlandet. I 1180 vart bispesetet flytta frå Selje til Bergen. I 1120- åra vart Stavanger bispesete oppretta. Hallingdal og Valdres følge då med dit. Denne ordninga varte til 1631. I 1153 vart Hamar skilt skilt ut frå Oslo, slik at landet etter den tid hadde fem bispedømme.

---------------------------------- " -------------------------------

Istiden. jf Buskruds historie

Brekappen over Norge var på det største for omtrent 20 000 år siden. Den startet å smelte for 18 000 år siden. Isavsmeltingen er en av de viktigste hendelsene i norsk naturhistorie. Smeltingen fordelte nesten all mineraljord (morene, sand, marin leire). Dette la grunnlaget for jordbruk, og åpnet for innvandring av planter, dyr og mennesker. Brekappen over Norge var smeltet helt bort for 9500 år siden, og den over Canada for 6000 år siden.

Klimaet varierte mye gjennom siste istid og derfor også størrelsen på brekappen. Da brekappen var på det største eroderte den bort nesten alle avsetninger fra tidligere isfrie perioder, så vår kunnskap om eldre deler av istiden er fragmentarisk.

Men hva er det som setter i gang slike kuldeperioder? Det som har ført jorden inn og ut av utallige istider de siste 2,6 millioner år er styrt av jordbanen rundt solen. Den endrer seg i sykluser, også kalt Milankovitch-sykluser, etter den serbiske vitenskapsmannen Milutin Milankovitch.

Han beregnet på første halvdel av 1900-tallet hvordan små astronomiske endringer forandret innstrålingen fra solen, og dermed trigget istidene. Han trakk frem tre hovedfaktorer som sammen førte til nedisingene.

Den ene var jordbanens form som endrer seg sakte fra en flatklemt ellipse til en sirkel, noe som varierer mellom 100 000 til 400 000 år. Når den er mer elliptisk blir årsvariasjonene større, og dersom jorden er lengst unna solen om sommeren på nordlige halvkule, kan dette føre til kjøligere somre.

Den andre faktoren er at jordens akse står på skrå i forhold til jordbanen. Uten denne skråstilte jordaksen ville vi ikke hatt årstidsvariasjoner på høye breddegrader, og Norge ville vært relativt kjølig året rundt. Milankovitch regnet ut at helningen endret seg sakte med en periodisitet på 41.000 år, noe som virker inn på innstrålingen fra solen og årstidsvariasjonene. I dag er denne helningen på 23,5 grad, og gir sørgrensen for midnattssolen – og polarsirkelen (ligger i dag mellom Mo i Rana og Bodø). I dag blir helningen på jordaksen stadig mindre, og polarsirkelen flytter seg 14 meter nordover i året. Dette alene kan føre til at somrene blir kaldere, og vinterne mildere noe som igjen kan føre til at isbreene vil vokse.

Den tredje faktoren er presesjon. Jorda vingler litt på sin ferd rundt solen, nesten som en snurrebass som er i ferd med å miste farten. Kort fortalt: Presesjonen påvirker når på året jorden er nærmest solen. Serberen mente at denne vinglingen følger sykluser på 19.000 og 24.000 år. 

Rett etter istiden var for eksempel den nordlige halvkule nærmere solen om sommeren, og lengre fra om vinteren (i dag er det omvendt). Dette ga omtrent to grader varmere somre enn i dag, men samtidig kjøligere vintre. Dette førte til en varmeperiode rett etter istiden i landet vårt. Isbreene smeltet bort og det var furuskog på Hardangervidda.

Det var også andre faktorer som solaktivitet, vulkanutbrudd og endringer i havstrømmer som påvirket fortidens klima. Slik som da "den lille istiden" på 1400-tallet ble utløst av lite solaktivitet og vulkanutbrudd. Og kontinentalplatenes posisjon på kloden har vært en viktig førsteordens driver for dagens ishusperiode og andre store istider tilbake i jordens historie slik som i sen karbon-perm (360-260 mill. år siden).

Den lille istid. Så du synes det var en dårlig sommer i år? Det regnet nærmest uten opphold i Nord-Europa fra våren 1315 til ut på høsten 1322, og året 1816 har gått over i historien som "året uten sommer".

Klima er noe som alltid er i forandring, vi er i dag bare så vidt ute av “den lille istid”.

Den lille istid var imidlertid ikke en enkel nedkjøling, men snarere et sammenfall av en rekke hendelser - vulkanisme, varierende solaktivitet, endringer i havstrømmer - som til sammen gjorde at klima og temperaturer for veggimellom som en sprettball i nesten 600 år.

Våre forfedre måtte lide seg gjennom en nærmest endeløs rekke klimaskifter som hver av dem sjelden varte mer enn en tjuefemårs tid.

Ikke bare kald. Og den lille istid var ikke bare kald. Det var perioder like varme som, eller varmere enn i dag. Problemet var bare at det ikke varte. Dermed var det vanskelig å tilpasse seg og forberede seg på det som måtte komme.

Millioner døde i hungersnød, kriger raste, hekser ble brent. Klimakaoset påvirket europeisk historie, skriver historikeren Brian Fagan i sin bok The Little Ice Age (2000).

Fenomenet var globalt, med dramatiske klimaendringer fra New Zealand til Canada, men ble, som andre historiske hendelser, spesielt godt dokumentert i Europa.

Den varme middelalder. Overgangen må ha føltes dramatisk. I romersk tid var været i Europa en smule kjøligere enn i dag. Men perioden før den lille istid, fra cirka 800-tallet og oppover, kalles “middelalderens varmeperiode”(800-1315).

I fem århundre, riktignok avbrutt av enkelte kalde år, nøt Europa varmt, rolig vær, en klimatisk gyllen tidsalder med sommerlige middeltemperaturer mellom 0,7 og 1,0 grader over gjennomsnittet for det tjuende århundre.

Befolkningen økte. Det gunstige klimaet muliggjorde norrøne bosetninger på Grønland fra 900-tallet. I Norge dyrket man korn 100 til 200 meter lenger opp i fjellsidene enn i dag, og England var en sterk konkurrent til Frankrikes vinproduksjon.

Spesielt perioden 1284 til 1311 var preget av uvanlig varme og tørre somre. Og varmen gjorde bøndene enda dristigere og dermed enda mer sårbare.

For nå kom katastrofen. “Syndfloden” “Syndfloden startet i 1315, sju uker etter påske”, skriver Fagan i sin bok. Det begynte å hølje ned, og det stoppet ikke. Mai, juni, juli, august - det bare fortsatte. Åkrene ble til sjøer, gater og veier ble til hengemyrer. Husdyra sto til knes i gjørme, flommende elver skylte bort landsbyer.

En uvanlig kjølig august gikk over i en kald september. Kornet lå flatt, modnet ikke.

Ved juletider begynte folk å bli desperate, og den påfølgende hungersnøden ble gjort ekstra alvorlig av de siste århundrenes befolkningsøkning.

De som håpet på bedre tider ble skuffet. 1316 fortsatte der 1315 sluttet, og brakte den dårligste høsten i hele middelalderen. Det regnet. Og det regnet. 1317, 1318 - med en ekstremt kald vinter imellom, 1319… Først ute på 1320-tallet begynte ting langsomt å bli bedre.

Men dette var bare begynnelsen, på “den lille istid”.

Kaos. Den lille istid var aldri én dyp nedkjøling, det var korte, dramatiske perioder.

Heftige stormer som “Grote Mandrenke” i januar 1362 druknet titusener i Nederland og Danmark. Mer enn 100 000 skal ha dødd i to stormer i 1421 og 1446 - enorme tall sett i forhold til tidens befolkningsstørrelse.

I 1588 gjorde stormen større innhogg i Den spanske armada enn det de engelske krigsskipene maktet, og under the Culbin disaster i Skottland i september 1694 begravet stormen hele 16 gårder under sanden - mellom 20 og 30 kvadratkilometer jordbruksland forsvant under 30 meter løs sand.

250 års kulde. Det verste kom imidlertid sist. Perioden fra slutten av 1500-tallet til midten av 1800-tallet markerer den aller kaldeste delen av “istiden”. I mer enn 200 år vokste isbreene i Skandinavia og i Alpene, og på Island, i Alaska, i Kina, i det sørlige Andes og på New Zealand.

Den sommerlige snøgrensa la seg 100 meter lenger ned enn i dag (mot 350 meter da siste ekte istid var på høyden for 18.000 år siden), og landsbyer ble spist av ismassene som ség nedover fjellsidene.

Den største krisen for vårt vedkommende oppsto i 1742 til 1743, da isbreene nådde sin maksimale utbredelse. Det var kaldt og regnet voldsomt, og mer enn 30 000 mennesker omkom av sult og sykdom. Effekten av det dårlige været ble forverret av danskenes kornmonopol. Sammen skapte det tilstander som liknet ting ingen hadde sett siden Svartedauden.

Også årene 1805 til 1820 var svært kalde. Og for å gjøre vondt verre, i 1815 eksploderte vulkanen Tambora i Indonesia - en av tidenes største utbrudd.

Asken fra Tambora forble i atmosfæren, og var med på å gjøre 1816 til “året uten sommer”, med gjennomsnittstemperaturer mellom 2,3 og 4,6 grader under normalen. Rød og brun snø falt så langt syd som det sydlige Italia.

- Jeg vil tro Tambora senket temperaturen med omtrent en grad. Og det er mye, når det allerede er ekstremt kaldt fra før, sier Ole Humlum, professor i fysisk geografi ved Universitetet i Oslo.

------------------------------------ "" --------------------------------

Tida før forhistorisk tid

Jorda er 4,6 milliardar år gamal og dyr og planter dukka opp for 700 millioner år sidan. Det første nærmenneske - Australopithecus - kunne opplevas i Afrika for 4,1 millioner år sidan..

Førhistorisk tid

I Norden er førhistorisk tid tida før kristendommen vart innført rundt år 1000.

Skriftspråket set punktum for førhistorisk tid

Førhistorisk tid dekkar reelt sett steinalderperioden før skriftspråket vart oppfunne.

Steinalderen

Steinalderen er i Norden gjerne rekna som perioden frå omkring 9500 f.Kr. til 1800 f.Kr. Namnet på perioden kjem av at stein er det viktigaste materialet til reidskapar.

I dag bruker ein gjerne ei todeling i norsk samenheng: Eldre steinalder: omkr. 9500–omkr. 4000 f.Kr. Yngre steinalder: omkr. 4000–omkr. 1800 f.Kr.

Bronsealderen

Bronsealderen er en betegnelse på en periode i menneskets historie som fant sted mellom steinalderen (noen steder «kobberalderen») og jernalderen. Bronsealderen begynte da menneskene gikk over fra å lage sine verktøy av stein (som i steinalderen) til å lage noen av dem av bronse. Bronsealderen ble avløst av jernalderen da jern ble tatt i bruk som viktigste materiale for verktøy og våpen.

Bronse var det mest avanserte materialet man hadde for tilvirkning av redskap, våpen og smykker på den tiden. Bronse er en legering som består av ca. 90 % kobber og 10 % tinn. Den var svært kostbar, og man brukte derfor fortsatt en mengde steinredskaper helt fram til romersk jernalder.

Oppdelingen av oldtiden i tre perioder; stein-, bronse- og jernalder, ble opprinnelig formulert av den danske arkeologen Christian Jürgensen Thomsen. Denne oppdelingen kalles treperiodesystemet. I andre deler av verden inklusivt større deler av Afrika sør for Sahara har utviklingen tatt andre retninger og andre klassifiseringssystem blir benyttet.

Klimatisk var bronsealderen relativt mild, særlig i Europa. Det var gode tider for jordbruk og langveis handel vitner om økte overskudd i bonde- og landsbysamfunnene. Oppfinnelsen av hjulet kan ha vært en konsekvens av bronsealderen, det ble brukt både til produksjon av keramikk og til transport av mennesker og varer. Vogner spiller en viktig religiøs rolle i Norden og Sentral-Europa i bronsealderen.

 Jerenalderen

Jernalderen er i arkeologien regnet som den tids- eller utviklingsepoken der bruken av jern er framtredende i produksjonen av våpen og redskap i et samfunn i perioden mellom ca. 500 f.Kr.–1030 e.Kr

Middelalderen(mellomalderen)

I Norden er det vanlig å sette starten på middelalderen til vikingtidas slutt,(Det er mange slag som kan seiast å vera det siste som skjedde i vikingtida, det vanlegaste er slaget ved Stiklestad i år 1030 eller slaget ved Stamford Bridge i England i år 1066.) dels fordi kristendommen og med den kirken som maktfaktor kommer inn, og dels fordi mengden skriftlige kilder øker kraftig etter omkring 1000–1100. Høymiddelalder: omkr. 1050–1350. Senmiddelalder: omkr. 1350–1536.

Tidlig nytid

Tidlig nytid, eller tidlig moderne tid, er et samlebegrep for perioden 1536–1814, det vil si «dansketida». Det er vanlig å dele den inn i to underperioder: a) Kirkestaten 1536–1660. b) Eneveldet 1660–1814.

Som vi ser er årstallene tydelig festa til konkrete hendelser: Reformasjonen og opprettelsen av dobbeltmonarkiet Danmark-Norge i 1536, innføringa av eneveldet i 1660 og løsrivinga fra Danmark i 1814.

Senere perioder

Etter 1814 opererer man med langt kortere perioder, og det er ofte slik at periodene overlapper hverandre - de er i større grad avhengig av hva det er man skal granske. Vi kan derfor ikke sette opp et like tydlig kronologisk system, men kan trekke ut noen funksjonelle perioder.

Den første av dem strekker seg noe tilbake i tidlig nytid, for å fange opp prosessen fram mot 1814. Løsriving, grunnlov og ny union:

Omkr. 1780–omkr. 1830. Her fanger man opp perioden med oppbygging fram mot 1814, og perioden hvor unionen med Sverige finner sin form.

Embetsmannsstaten: 1814–1884. Omfatter perioden det embetsverket har betydlig makt, fram til innføringa av parlamentarismen i 1884.

Nasjonsbygging: omkr. 1830–omkr. 1870.

Industrialisering og demokratisering: omkr. 1870–1914. I løpet av denne perioden kommer industrialiseringa for fullt, og det demokratiske grunnlaget fra 1814 blir utvida til å gjelde en langt større del av befolkning.

Eventuelt kan en avgrense til den andre industrielle revolusjons gjennombrudd fra omkring 1905, også kalt «den nye arbeidsdagen».

Venstrestaten: 1884–1935.

Første verdenskrig og mellomkrigstida: 1914–1940. Første verdenskrig regnes naturlig med til denne perioden. I og med at Norge var nøytralt i den konflikten fungerer krigsåra som en oppbygging til det som kommer videre, uten de ødeleggelser man ser på kontinentet.

Andre verdenskrig eller okkupasjonstida: 1940–1945.

Etterkrigstida (politisk): 1945–1953. I den korte definisjonen av etterkrigstida er det gjenoppbyggin som står i fokus. 1953 settes da gjerne som sluttår, fordi mange av de store prosessene var fullført. I politisk historie brukes ofte denne avgrensninga.

Etterkrigstida (økonomisk): 1945–omkr. 1970. Denne perioden omfatter tida hvor velferdsstaten bygges opp, og den avrundes ved overgangen til en oljebasert økonomi. Denne avgrensninga brukes mye i økonomisk historie. Tidsperioden er imidlertid også kalt ved et politisk navn, «den sosialdemokratiske orden».

Oljealderen: Fra omkr. 1970.

Steinalder
(–1700 f.Kr)

Bronsealder
(1700–500 f.Kr)

Tidlig jernalder
(500 f.kr–500 e.Kr)

Merovingertiden
(500–793)

Vikingtiden
(793–1066)

Tidlig middelalder
(1066–1130)

Borgerkrigstiden
(1130–1240)

Høy- og senmiddelalder
(1130–1537)

Fra reformasjon til enevelde
(1537–1660)

Fra enevelde til Kielfreden
(1660–1814)

Riksforsamlingen
(1814)

Embetsmannsstaten
(1814–1884)

Industrialiseringen
(1850 –1900)

På vei mot selvstendighet
(1884–1905)

Unionsoppløsningen
(1905)

Fra venstrestat til kriseforlik
(1905–1940)

Krig og okkupasjon
(1940–1945)

Norge i etterkrigstida
(1945–1972)

Oljealderen
(1972–)

Når kjem neste istid