Peder Rustberggard starta Gol Bygg i eit rom på 20 kvm. hjå urmaker Turhus i 1946. Lageret hadde han på låven til Stensgård. Første annonsen i Hallingdølen ser du her. Frå 1947 har eg plukka ut denne annonsen. Men i desember 1949 finn eg denne annonsen. Altå, Gol Bygg har flytta inn i den ovale bygningen på tomta Trekanten Sentrumsvegen 103. Bustad i andre høgda og butikk på gateplan. Her blir butikken verandes til oktober 1961. Då opna Gol Bygg det nye forretningslokalet over vegen på Tingvoldtomta som vart kjøpt i 1960. (H) Alt i 1969 vart forretninga utvida med eit stort lagerbygg. Med åra auka omsetninga og varespekteret og Gol Bygg fekk eit så stort plassproblem, at ville firma halde fram som byggevareforhandlar måtte det utviding til.  Det pressa fram utbygging på Glitre i 1982. Det vart bestemt å reisa eit heilt nytt byggsenter på Glitre industriområde og samstundes flytte kontor og administrasjon dit. 6. juli 1982 kunne ein lesa denne annonsa. (H) Dermed kunne  plass frigjerast i sentrumseigedomen til Gol Bygg som var totalt sprengt både på lager og forretning. Ombygginga her førte til at ein følte å ha fått ein heilt ny forretning. I mai 1988 fusjonerer Gol Bygg A/S Glitre, med tidlegare bedriftene i Norgesbygg Hallingdal, og 1. juli var det namneendring til Norgesbygg Hallingdal A/S. Namnet på forretninga i sentrum vert fortsatt Gol Bygg. 25. juli 1992 kunne ein lesa denne annonsa og fylgjande: "Norgerbygg blir Byggmakker". (H) I sentrum planlegg butikkeigar Arnstein å bygge Gol Bygg om til eit moderne varesenter. (H) noko han realiserte i 1997. Han starta her og endte her. Union Eiendoms-kapital AS kjøper Kremmartunet i desember 2006(B). På Glitre sel Birger forretningane sine til Optimera i oktober 2007. (H) Byggmakker er ute av Hallingdal og namnet Monter vil koma i staden på skilta Med dette er "Gol Bygg" historie.