GOL STASJON vart opna 1907 og offisielt opna I 1909

4000/3 Eiklesvegen 39 Gol Stasjon, vart offisielt opna i 1907 då Bergensbana vart teke i bruk på strekninga Bergen - Gulsvik. Då jernbanelina var bygd ferdig fram til Drammen vart  det offisiell opningen av Bergensbana den 27. november 1909. Fleire bilder her og her Bergensbana vart elektrisifisert i 1961

Den nye stasjonsbrua opna 15. august 1976 og avløyste gamlebrua frå 1909. Arbeidet med brua starta opp i oktober 1975(B). For å få bygd ferdig den nye riksvegtraseen forbi gamlebrua, måtte ein fjerna eit brukar og sikre høgda. Vegen opna i oktober 1976. Meir om prosjektet her

Gol stasjon 1935.   (Bilder frå Nasjonalbiblioteket) 

Stasjonsbrua og Lisbetnuten 1909 eller seinare.   (Bilder frå Nasjonalbiblioteket) 

Gol Jernbanestasjon godt over 100 år sidan. (Bilder frå Nasjonalbiblioteket)  

Gol Jernbanestasjon godt over 100 år sidan. (Bilder frå Nasjonalbiblioteket)  

  Norges statsbaner sin reisebok frå 1935. Fleire forslag her

Interessa for næringsutvikling på stasjonssida auka med jernbaneutbygginga(B).

HESLA HOTELL VART BYGD 1910

5/63 Eiklesvegen 46 Elvely, er delt frå nørdre Nøreim i 1910. Her bygde Asle Hesla d.e. opp Hesla Hotell.  Asle og kona dreiv hotellet og Hjørnet (krambua). I 1955 selde Asle d.y. hotellet til Rolf Hansen frå Oslo. Han selde Elvely i 1963 til Borghild Persanbråten. Ho og Knut dreiv hotellet til 1983. Då selde dei hotellet til Storefjell Høyfjellshotell som bl.a bruker det til husvære for betjeningen.

ASLE HESLA FLYTTA INN I NYBYGG 1939, ASBJØRN RESET DREIV LANDHANDEL HER FRAM TIL 2001

5/145 Eiklesvegen 40 Hjørnet, var bygd ei tida før 1918. Asle Hesla d.e. dreiv Hesla Hotell og krambu i Hjørnet. Han tok til med krambu oppe i Hesla (Doktorgården) i 1907. Så flytta han ned til stasjonsbrua og bygde opp ei timrastugu på same tomta som dette bygget står i dag og dreiv krambu her. Timrastugu vart etter kvart for lita og rive til fordel for eit forretningsbygg i to etasjer før 1920. Bygget hadde då valmtak. Då sonen Asle Hesla d.y. tok over i 1939 starta han bokhandel i eine delen av huset og heldt fram med krambu/kolonialforetning i den andre. Seinare leigde han kolonialen bort til Asbjørn Rese, og i andre høgda leigde han bort lokale til Per Rimeslåtten som dreiv tannlegepraksis. Asle dreiv bokhandelen her fram til 1963 då han flytta inn i nybygg ved Rolvshus og selde Hjørnet til Asbjørn Rese og Per Rimeslåtten.

Marianne Rese Brenn: Asbjørn Rese begynte i butikken til Hesla i 1939 som diskenspringer (ref Asbjørn). Hesla dreiv då hotellet, bokhandel og kolonial. Asbjørn overtok butikken i 1949 og dreiv den heilt fram til 2001. Då fylte Asbjørn 80 år! Gudrun Rese jobba i butikken i 27 år. Tannlege Rimeslåtten hadde praksis i 2. etasje, men flytta ned i 1. etasje då bokhandelen flytta!

FAGERLUND VART BYGD I 1895 og rive 1992

5/66 Eiklesvegen ? Fagerlund(B) vart skild frå nørdre Nøreim og bygd i ca. 1895. Ola Narum frå Slaatto g. m. Guro Hoftun overtok som postopnar etter faren og held fram til han gjekk av ved aldersgrensa i 1948. Då han kring 1917 overtok Fagerlund vart posthuset (postopneriet) flytt frå Heslabrua og hit. 1953 vart posthuset flytt til nabohuset Nørstad(B)(B) og held til der til det flytta til Jamobygget i januar 1977. Der heldt posten til fram til 2013 då det vart post i butikk.

Meir om Fagerlund(B).  1913 kom det krav om at skysstasjonen måtte flyttast frå Eidsgaard til jernbanestasjonen. O. Narum stelte i stand skysstasjon der ved Fagerlund(B). I 1924 kunne dei setje ned stasjonshaldet til ein hest. 1931 vart skysstasjonane lagt ned. Då hadde bilane teke over tenesta.

Stasjonsområdet 1920

Kornsiloen til Felleskjøpet(B)(B)

Anna næring som hadde bygningsmasse på stasjonsida var felleskjøpet i Gol. Dei bygde kornsilo og lagerplass for ymse jordbruksprodukter. Dei tok i mot det første kornet den 24. september 1965. Åra går og det er mange gode, middels og vanskelege kornår. Samfunnet/vilkåra  endrar seg og det vart etter kvart færre kornbønder i Hallingdal. Eit tiår ut på 2000 talet gjekk tonnasjen jamt ned. Dei tre siste åra siloen var i drift var det raude tal i reknskapen. I 2012 var det berre att ein kornprodusent i Gol, åtte i Nes og ellve i Flå. Kornsiloen og resten av bygningskomplekset vart rive på ettersumaren 2012. Kornprodusentane måtte no levera kornet sitt i Modum eller i Drammen.

GOL SAG OG HØVLERI A/L VART STIFTA 1950, KROKEN PÅ DØRA I 2003(B)

Gol Sag og Høvel bygde nytt sagbruk på stasjonssida i 1956, hadde eigen skjenegang og vart såleis knytt til jernbana. Gol Sag kom tidleg i annan hender. I 1974 tok Norske Skog over bedrifta under namnet Norske Skog Gol Trelast. I 1999 fusjonerte Forestia(seld av Norske Skog) og  Moelven og namnet vart Moelven Gol. Moelven set kroken på døra i oktober 2003. Dei tilsatte seier nei til å overta.

I 2004 kjøpte Magnus Narum attende den 40 dekar store tomta som tente industrien i rundt 50 år. Narum nyttar i dag tomta til avfallsmotak.

Stasjonsområdet 2020

Om Gol skysstasjon i Gol sentrum her