Historiske Gol

Kyrkjene i Gol

Mot slutten av 1870-åra ville menigheita i Gol ha ei større og meir tidsmessig kyrkje. Fortidsminneforeninga tala varmt for varig vern av kyrkja på staden, men lokalmiljøet gjekk inn for riving og sal av materialane. Det endte med at Foreninga fekk kjøpt kyrkja for 200 kroner betinga av at den vart fjerna når den nye kyrkja sto ferdig. Og slik vart det. På grunn av fleire snøfattige vintrar vart transporten av stavkyrja til Kristiania utsett til vinteren 1884. Fleire detaljar finn du her

Norsk Folkemuseum - Stavkyrkja frå Gol

Stavkyrkjetomta – "Garðar kirkja" ligg ca. 300 meter sørvest for den noverande Gol kyrkje innvigd 1882. Meir om kyrkja her

Tegning av J. N. Prahm av stavkyrkja i Gol i 1846  

Frå innviingsdagen 1882. Kilde: Gol gards- og ættesoge

Lindahl, Axel 01.07.1888. Bilde: Nasjonalbiblioteket

Gol kyrkje, som er teikna av arkitekt Henrik Nissen, sto ferdig i 1881, etter at den gamle stavkyrkja måtte vike plass og flytt til Bygdøy kongsgård. Ein bygdestrid om kyrkjetomt endte med at Leikvollen vart valgt, og sommaren 1880 kunne byggmestar Andreas E. Sørlie frå Snarum setje byggjearbeidet i gong. Etter avtale var kyrkja ferdig 15. sept. 1881 og innvigd 8. juni 1882. Meir om kyrkja her

Bilde: Nasjonalbiblioteket

Her ser ein "Kirke-Tingstugu" ved sida av Gol kyrkje. Bilde: Gol Bygdearkiv

Gol kyrkje og prestegard, av Børresen Karl A. 1908. Bilde: Nasjonalbiblioteket

Gol kyrkje og "Kirke- Tingstugu", før 1911.

Bilde: Nasjonalbiblioteket

Flyfotografering 1958. Bilde: Gol bygdearkiv

Herad Kapell.  Bilde: Nasjonalbiblioteket

Herad kyrkja er teikna av arkitektfirma Ole Stein. Byggjearbeidet starta 1932 leia av byggmeistar Johan Jensen frå Gol. Kyrkjegarden var då opparbeida på parsell av Hoftun gård. Kyrkja vart innvigd 30. september 1934.  Meir om kyrkja her

Meir om Ole Stein her

Stavkyrkje anno 1994.

Etter 110 år vart det innvigd ei stavkyrkjekopi på Gol 1994. Ikkje på den gamle stavkyrkjetomta i Golreppen, men på jomfrueleg grunn på Storøyni i dalbotnen. Dette er truleg første gång etter svartedauen at ei stavkyrkje i original storleik er vigsla og teken i bruk her i landet.

OM GORDARIKE - GOL STAVKYRKJE

På Oset er det sett opp en kyrkje som i stilen liknar på dei gamle stavkyrkjene. Meir om kyrkja her