Det var ein gong! Ein gløymer så lett og mykje har ein ikkje vete om.

LIVSLØPET TIL GOL TREVAREFABRIKKGamle-fabrikken som Eirik Hesla bygde i 1935 låg i Sentrumsvegen 69, på tomta der forretningbygningen Eirik sette opp etter brannen. Nye-fabrikken som Ingebrikt Haavelmoen og Aslak Øynebråten bygde i 1951 fekk tomt på "Dalabakken" med adresse Gamlevegen 2B. Bygningen var då slik som bildet over viser. I 1954 sette eigarane opp ein bygning attmed fabrikken som dei skulle leiga bort til Buskerud kvinnelege husflidsskule. Då såg bygningen slik ut. Husflidskulen hadde sitt første elevkull skuleåret 1956/57. Det var to klassar, ein i saum og ein i vev. Skuleåret 1962/63 fekk skulen tre klassar. Dette krevde meir plass og eigarane bygde på ei høgd. Huset stod klar til skulestart hausten 1962.Ved årskifte 1961/62 kjøpte Mikkelsen og Sønner Gol Trevarefabrikk. Men den delen av bygningen som Husflidsskulen leigde var ikkje med i handelen. 28. mars 1968 brenn lampefsbrikken til Mikkelsen, men brannmanskapa klarer å redde Husflidsskulen. Alt 22. juli 1968 er lampefabrikken i drift att. Etter brannen vart fabrikken både utvida og modernisert. Eit vinkelbygg vart ført opp i to etasjer mot frå før ein etasje. Og me ser på bildet at taket mellom fløy-bygga har vorte flatt. På våren 1970 selde Mikkelsen lampefabrikken til Gol kommune. Grunnen var at han planla nybygg på Glitremoen. Men før han flytta vart ein vitne til endå eit branntilløp i fabrikken. Etter eit industrieventyr på Glitre legg Mikkelsen ned verksemda i 1997. Buskerud Husflidskule utvida klassetalet skuleåret 1977/78 med ein klasse. Denne gongen vart det ikkje utviding av eksisterande lokaler, men flytting til leigde  lokaler  i Samfunnshuset. Frå skuleåret 1980 flytta skulen frå Dalabakken til leigde lokaler i det nye LK-bygget. Frå nå av var Buskerud Husflidskule under same tak og det var rom for fleire klassar og tidsmessige romforhold for både elevar og personalet.

Gol kommune var atter på flyttefot. Etter å ha halde til i tingstova oppe ved Hesla frå 1915, var tida komen for å samla etatane og oppdatere arbeidsforholda. Som nemt ovenfor forhandla kommunen og Mikkelsen og Sønner om kjøp av lampefabrikken i 1970. I 1971 vart lampefabrikken og resten av bygningsmassen overdrege til Gol Kommune. Men Husflidskulen skulle få behalde lokalane sine så lenge det var behov for det. Frå nå av starta renoveringen av "Lysebo" (klingenamn av lampefabrikken) Bl. a vart det bygd på ein etasjemellombygget. Ved årskiftet 1972/73 var lokala klar for innflytting. Fram til mars 1989 tente "Lysebo" som kommunehus i Gol. Då var tida komen for å flytta inn i nabobygget, det nybygde kommunehuset i Gamlevegen 4.

 Men korleis vart skjebnen for Gol Trevarefabrikk!? Etter at kommunen flytta ut vart lokala nytta    av fleire etatar og privatbedrifter. Folkeuniversitetet for Øvre Hallingdal hadde vore her lenge. Det same gjaldt Læringssenteret, som heldt gravøl på ein humoristisk måte. I 2016 vart bygningen rive. Her kan du sjå bilde frå Gamlevegen 2B i 2010 og i 2019