Gol Helsetun

Etter kvart vart Gamleheimen på Tuppeskogen for liten og det vart arbeidd ut ein plan for ny sjuke- og aldersheim i tilknytning til sjukestova på Breidok.

1977 stod det første bygget (byggjesteget) ferdig.

Les om opninga av Helsetunet her

Gjennom åra har tenestebehovet og bygningsmassen vakse og vakse.

Det ligg an til at kommunestyret vil bruke nær 30 millionar til å ruste opp Gol Helsetun, skriv Hallingdølen i januar 2019.

Bygningsmassen treng sårt ei oppgradering. Fleire stader er taket lekk. Det har også vore lekkasje frå eit bad i avdelinga ADA, der det er påvist muggsopp. Dette resulterte i at pasientane i haust vart flytta til avdelinga ODA, der det også er behov for rehabilitering.

Ombygging og rehabilitering

Rehabilitering av helsetunet har vore på sakskartet lenge. No har saka vore gjennom ein ny runde i underutval og formannskap. Kommunestyret gjer endeleg vedtak om kva som skal gjerast av ombygging, rehabilitering og oppussing.

Formannskapet tilrår ei kostnadsramme på totalt 26 millionar til rehabilitering av avdelinga ADA, der det er seks sjukeheimsplassar. Her vil det kome nye og større bad, i tillegg til ei oppfrisking med ny måling på veggene. Underetasjen i avdelinga ODA skal byggjast om til fire omsorgsbustader med fellesareal.

Det skal også leggjast nye tak på ODA og ADA. For ein kostnad på 3,5 millionar, kan det også kome nytt tak over avdelingane Skogly og Heimbu.

Solcelleanlegg på taket?

Formannskapet tilrår at administrasjonen får fullmakt til å hente inn pris på nytt publikumsmottak ved hovudinngangen og vurdere solcelleanlegg på alle nye tak. Dei ber om at det blir lagt fram ei eiga sak om pris ventilasjon av bassengområdet, som blir brukt til lagerplass og til vaskehall for senger, rullestolar og dostolar.

Gol Sjukestugu