Gol Sjukestugu

1945 vart det meir fart i planen om å byggje ei sjukestugu i Gol.

1946 fekk kommunen kjøpt ei tomt av Aslak Kinneberg Breidok.

Gol Kommunen ville koste bygningen og drifta. Alt utstyr måtte skaffast på anna vis.

2. pinsdag (30. mai) 1955 vart Gol Sjukestugu innvigd.

Meir frå opninga side 1 og side 4   "bygdefolket"             Les kva Guro Hoftun Narum skriv om Gol Sjukestugu her

Til høgre for sjukestugu ser ein sanitetsbrakka som stod igjen etter tyskerne og som kommunen kjøpte for å gjera om til Sjukestugu.

Dei fyrste leilegheitene til Breidokk burettslag stod klare i 1992. I løpet av det fyrste tiåret vart burettslaget bygd ut i fleire trinn. I dag er det tretti leilegheiter konsentrert kring fleire tun. Leilegheitene har eitt eller to soverom. Dei største er 75 og dei minste 64 kvadratmeter store.

Hallingdølen møter dagleg leiar i ByggTeam på den gamle ridebanetomta ved Breidokk i Gol i byrjinga av desember 2023. Her er dei i ferd med å støype grunnmuren til dei to første bygga som skal bli til åtte tilrettelagde leilegheiter for DEB Gol AS (De eldres bospareklubb).(B)