TINGSTOVENE I GOL

Kyrkje- Tingstugu, før 1911.

Les om tingstugu i boka til Svello: 100 år i strid(L Les om tingstugu i Gol gards- og ættesoge(L). Tingstova i Golreppen vart  bygd i tida 1857-1860. 30. oktober 1860 vart det første kommunestyremøte halde i tingstova som vart ståande i Golreppen i 50 år. Etter kvart kom det ynskje om å halda kommunestyremøta i banklokalet i leigde rom ved Hesla Bru. Ei nemd arbeidde med tanken, og i 1911 vart tingstova teken ned og flytt til "sparebanktomta" i Gol sentrum. Der skulle den fortsatt nyttast som tingstove, men også nyttast til banklokale for Sparebanken. Då råbygget var på plass vart tomta teken attende på odel og "bygningskrotten" overteken etter takst av eigaren Lagmannsgard. Kommunen måtte i staden byggje eit helt nytt tinghus på ei tomt under Hesla på nordsida av Heslabrua.

Det gamle tingstova vart selt og flytt til Nordstrandshøgda i Oslo som privathus. Det høyrer med til historia at "bygningskrotten" kom attende til Gol 1994, og ligg lagra på Bergasida. Les om tingstovetomta her og striden om tingstaden og ideen om å byggje eit kombihus for skule og tinghus her

Tingstova nord for Heslabrua år 1914-1915. Den nye tingstova var i bruk som kommunehus fram til 1972-73 då ein flytta inn i "Lysebo"  Tingstova ved Hesla var ikkje lenger tidsmessig. 

Flyfoto over Gol sentrum som viser lampefabrikken Lysebo i framgrunnen. Ca 1968 (Foto: Digitalt Museum/Gol bygdearkiv)

I 1971 kjøpte kommunen  lampefabrikken (som på folkemunne vart kalla Lysebo) og resten av bygningskomplekset. Etter ei renoveringsperiode vart det meste av bygningen brukt til kommunehus fram til mars 1989. Då var det nye kommunehuset klar for innflytting. "Lysebo" vart rive i 2016.

Det nye kommunehuset på Dalabakken stod ferdig for innflytting i mars 1989.  Foto: Gol Bygdearkiv

5. og 6.mai 2003 kunne legekontoret og Helsestasjonen flytte frå Gol Helsetun til nybygg knytt saman med Kommunehuset.

13.05.2015 Sett frå Lisbetnuten